Hopp til innhold

Krev svar etter barnebortføring

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag opprettar tilsynssak mot Trondheim kommune etter at ei mor bortførte borna sine. Det er over eit år sidan borna skulle vore på skule i heimbyen, i staden har mor tatt dei ut landet.

Anonym far

Faren til dei bortførte borna er glad for at Fylkesmannen opprettar tilsyn.

Foto: Ola Hana / NRK

– Vi vurderer saka som alvorleg fordi borna skulle vore under det offentlege si omsorg. No er dei i ein situasjon som ingen av dei offentlege styresmaktene kjenner til. Vi meiner det er alvorleg at borna er i ein situasjon som ein ikkje kjenner til omstenda rundt, seier Jostein Krutvik, utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

I starten av juni fortalde NRK om trøndelagsmora som bortførte borna sine då Fylkesnemnda vedtok at dei skulle plasserast i fosterheim. I over eitt år har dei vore budd hundrevis av mil unna nærmiljøet sitt, i eit land Norge ikkje har utleveringsavtale med.

Der får dei ikkje gå på skule sidan passet er inndratt og visumet til familien er utgått. No har fylkesmannen oppretta det som formelt heiter hendelsesbasert tilsyn.

Far varlsa fylkesmannen

Det er faren til dei to borna som har varsla Fylkesmannen. Han har lenge vore uroleg for korleis dei har det og er glad for at Fylkesmannen no vil granske kommunen.

– Eg synest det er kjempebra og på tide. Synd at det måtte gå så lang tid før det skjedde. Viss jobben hadde blitt gjort riktig i utgangspunktet hadde aldri denne situasjonen oppstått, seier faren til NRK.

Jostein Magne Krutvik

Utdanningsdirektør Jostein Krutvik hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag vurderer saka som alvorleg og opprettar tilsyn mot kommunen.

Foto: Pressefoto

Det er på bakgrunn av informasjon far har gitt Fylkesmannen dei no opprettar tilsyn. Dei ynskjer svar på kva vurderingar barne- og familietenesta gjorde ut ifrå den kunnskapen dei sat på.

– Vi har innhenta uttalselse frå Trondheim kommune for å høyre kva dei har gjort i denne saka frå starten av. Vi har fått eit svar og ut ifrå det svaret så har vi bestemt at vi vil innhente meir informasjon frå Trondheim kommune. Det vi spesielt vil høyre om er kva dei sat med av kunnskap om familien og borna i tida før, under og like etter at det var ei sak i Fylkesnemnda i Trøndelag, seier Krutvik.

Mora til borna har tidlegare fortalt til NRK at ho ikkje ser på dette som å bortføre borna. Ho har gjort det som var naudsynt for å redde dei.

Rutinar og praksis i kommunen vil bli gjennomgått

Kvart år blir fleire titals norske born bortført. I dag er 77 norske barn etterlyst internasjonalt, ifølgje ferske tal frå Kripos. Rutinane og praksisen til Trondheim kommune i denne konkrete saka vil no bli gjennomgått.

Hilde Vikan, kommunalsjef i Trondheim kommune

Kommunalsjef for barne- og familietenesta i Trondheim kommune, Hilde Vikan meiner dei har gjort ein grundig jobb i saka.

Foto: Ola Hana / NRK

– Fylkesmannen er staten sitt kontrollorgan. Når fylkesmannen vil innhente informasjon så må dei få det og vi vil avvente tilbakemelding frå dei.

Det seier kommunalsjef for barne- og familietenesta i Trondheim kommune, Hilde Vikan.

– Vi går gjennom rutinar, praksis og prosedyrer for å gjere ei vurdering og sjå om noko kan gjerast annleis i framtida eller har forbetringspotensiale, seier Vikan.

Har de gjort det i denne saka eller er det noko de kunne gjort annleis?

– Vi har gjort ein grundig jobb, meiner vi sjølve, held ho fram.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger