Hopp til innhold

– Helsedepartementet må ta ansvar

Fagforeiningane reagerer på manglande kunnskap om vald mot tilsette i psykiatrien og krev at helsestyresmaktene tek affære.

Montasje

Lisbeth Normann i Norsk sjukepleiarforbund representerer mange av dei valdsutsette arbeidstakarane i psykiatrien. Ho krev at helsestyresmaktene tek grep for å auka det låge kunnskapsnivået om vald i psykiatrien.

Foto: LARTIGUE STEPHANE / PHOTOPQR/SUD OUEST

Geir Morten Andersen, Fellesorganisasjonen (FO)

Geir Morten Andersen leier faggruppa for tilsette innan psykisk helsevern for vaksne (VOPS) i Fagorganisasjonen (FO).

Foto: Privat

Sjølv om tilsette i psykiatrien er dei arbeidstakarane i Noreg som oftast opplever vald og trugsmål på arbeidsplassen, finst det i dag ingen nasjonal statistikk som viser kor stor førekomsten faktisk er.

Ifølgje forskarar på området er kunnskapsmangelen til hinder for førebyggjande forsking.

Norsk Sjukepleiarforbund og Fellesorganisasjonen reagerer, og meiner styresmaktene må gjera meir for å leggja til rette for eit tryggare arbeidsmiljø i psykiatrien.

– Dette er ikkje godt nok. Dersom mangelen på statistisk kunnskap hindrar forsking som kan redusera valden, må noko gjerast, seier Geir Morten Andersen i Fellesorganisasjonen (FO), som representerer mange som jobbar innan psykisk helsevern.

– Alvorleg kunnskapsmangel

Dei einskilde helseføretaka skal, i tråd med arbeidsmiljølova §5-1 «registrera alle personskadar som oppstår under utføringa av arbeidet».

Når NRK etterspør tal på valdsepisodar og trugsmål mot tilsette i psykiatrien spesielt, gir opp Arbeidstilsynet at dei ikkje har ei slik oversikt.

Arbeidstilsynet har tilgang til Nav sitt yrkesskaderegister, men i yrkesskaderegisteret finn ein innrapporterte skadar i arbeidslivet generelt. Det er ikkje høve til å skilja ut dei tilfella som gjeld vald i psykiatrien spesielt, og trugsmål er ikkje inkludert.

Roger Almvik ved Regional sikkerhetsavdeling

Roger Almvik Almvik jobbar som forskar ved St.Olavs Hospital i Trondheim og har skrive doktorgrad om førekomsten og førebygging av vald i helsevesenet.

Foto: Kari Stenhjem / NRK

Psykiatriske avdelingar og institusjonar skal, som alle andre arbeidsgjevarar, ha avvikssystem, og registreringane av vald og trugsmål mot tilsette skal rapporterast vidare til det helseføretaket som avdelinga er underlagd.

Utover det blir ikkje statistikken samordna, korkje på regionalt eller nasjonalt plan. Det er problematisk, meiner forskar Roger Almvik ved St. Olavs Hospital i Trondheim:

– Mangelen på samla kunnskap er alvorleg. Det hindrar forskarane i å utvikla førebyggjande metodar som kunne ha redusert førekomsten av vald i psykiatrien, seier han.

Etterlyser politisk handling

Hovudproblemet er at helseføretaka ikkje har ein felles mal for kva som skal rapporterast inn og korleis. Mangelen på felles prosedyrar gjer det vanskeleg å føra ein statistikk for heile landet.

– Me (Arbeidstilsynet, journ. anm.) gjev rettleiing, men kan ikkje laga retningslinjer for korleis dei ulike verksemdene innanfor psykisk helsevern skal føra avvik. Det er det helseføretaka sjølve som må bestemma, seier Annik Apall Austad i Arbeidstilsynet.

Andersen i Fellesorganisasjonen er leiar for faggruppa for tilsette innan psykisk helsevern for vaksne (VOPS). Han etterlyser politisk handling for å få ei betre oversikt over førekomsten av vald mot arbeidstakarane han representerer.

– Styresmaktene kan ikkje venta at dei einskilde helseføretaka skal ta initiativ til å få på plass eit nasjonalt innrapporteringssystem. Dei bør oppretta ei arbeidsgruppe med mål om å gjera valdsstatistikken meir tilgjengeleg for forskarane, meiner Andersen.

– Helsedepartementet må ta ansvar

Lisbeth Normann

Lisbeth Normann er leiar i Norsk Sjukepleiarforbund.

Foto: Vilde Mikkelsen / NRK

Faggruppeleiaren i FO får støtte frå Norsk Sjukepleiarforbund.

– Sjukepleiarane er dei mest valdsutsette arbeidstakarane i Noreg. Det er viktig å få gode data nasjonalt, slik at dei ulike psykiatriske avdelingane rundt om i landet kan lære av kvarandre. Helsedepartementet må ta ansvar for at me får på plass ein nasjonal oversikt, seier leiaren i Norsk Sjukepleiarforbund, Lisbeth Normann.

Helsedepartementet vil ikkje kommentera saka, og meiner dette er Arbeidsdepartementet sitt bord. Det er å fråskriva seg ansvar, seier Normann.

– Sjølvsagt er det Helsedepartementet som har ansvaret for den faglege biten. Dei må gje politiske signal til direktoratet, som deretter kan setja i gang arbeidet med å utvikla felles retningslinjer. Det bør ikkje vera så vanskeleg å få til eit system som kan gjera arbeidsdagen til pleiarane mindre risikofylt, uttalar forbundsleiaren.

Viser til SSB-undersøking

Per i dag er levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) det nærmaste ein kjem ei nasjonal kartlegging av vald i psykisk helsevern, ifølgje Arbeidstilsynet.

Arbeidsmiljø var sist tema i spørjeundersøkinga i 2009, der SSB slår fast at sjukepleiarar er ei gruppe som er spesielt utsett for vald og trugslar. Heile 20 prosent av sjukepleiarane svara at dei hadde opplevd å bli utsett for vald på arbeidsplassen i løpet av det siste året. Blant sysselsette generelt var talet fire prosent..

AKTUELT NÅ