Hopp til innhold

– Lademangel kan strupa elbilsatsinga

Satsinga på elbil risikerer å stranda heilt om ikkje regjeringa opnar pengesekken for bygging av ladestasjonar, fryktar Elbilforeininga. Regjeringa sitt svar kjem i statsbudsjettet på onsdag.

Elbilar til lading nær Holbergs plass i Oslo

Det er kamp om ladepunkta i Oslo. Heller ikkje i dei andre norske storbyane held utbygginga av ladeinfrastruktur tritt med det galopperande elbil-salet. Regjeringa må gje minst 130 millionar til ladestasjonar over statsbudsjettet som blir lagt fram onsdag neste veke, meiner Transnova og Elbilforeininga.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Petter Haugneland

Kommunikasjonsleiar Petter Haugneland i Elbilforeininga.

Foto: Elbilforeningen

Talet på elbilar har nær dobla seg kvart år dei siste åra. Det finst no nærare 38.000 elbilar på norske vegar.

– Salet av elbilar har auka enormt, men utbygginga av ladestasjonar har ikkje følgt etter. Me treng ei større satsing på ladestasjonar i heile landet, slik at det blir like enkelt å fylla straum som å fylla bensin, seier kommunikasjonsleiaren i Elbilforeininga Petter Haugneland til NRK.

521 elbilar per hurtigladar i Oslo

Berre hittil i år har meir enn 13.623 nye elbilar rulla ut på asfalten. Det betyr at over ein av ti som kjøper seg ny personbil, går for elbil (13 prosent), ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

– Til no er det dei mest ivrige som har kjøpt seg elbil. At det blir enklare å lada elbilen er ein føresetnad for vidare vekst, seier Haugneland i Elbilforeininga.

Både Transportøkonomisk institutt (TØI) og Transnova, organet med ansvaret for å forvalta dei statlege midlane til ladestasjonar, gir Elbilforeininga rett i at det er eit etterslep.

«For at elbilar framleis skal vera ei attraktiv investering, er det behov for eit godt utbygd nettverk av ladestasjonar, som er plasserte i eit slikt omfang og i ein slik avstand at «rekkjeviddeangsten» blir redusert mest mogleg», skriv TØI i rapporten «Vegen mot klimavenleg transport».

– Noreg har ikkje den dekninga av ladestasjonar til elbil som me meiner at det er behov for per i dag, seier seniorrådgjevar Tom E. Nørbech i Transnova til NRK.

Målet er å ha minst éin hurtigladestasjon per 200 elbilar. Ingen av fylka med dei største byane i Noreg er i nærleiken av å oppfylla dette målet (sjå tabellen under).

Elbilar per hurtigladestasjon i fylka med høgast folktal

Fylke

Elbilar per hurtigladestasjon

Hurtigladestasjonar totalt

Under planlegging

Oslo og Akershus

521

27

4

Hordaland

362

14

8

Rogaland

396

8

3

Trøndelag

355

9

7

Totalt:

 

58

22

Kjelde:

Transnova

– Treng 130 millionar på to år

I revidert statsbudsjett auka regjeringa løyvingane til utbygging av ladeinfrastruktur for elbil med ti millionar kroner.

Transnova ber no om 130 millionar kroner i støtte over statsbudsjettet til ladeinfrastruktur, i hovudsak til hurtigladarar, i løpet av dei to neste åra.

Elbilforeininga vil helst ha meir.

– Det er ein god start, men me meiner at Transnova må tenkja litt større og langsiktig for at me skal få ei utbygging som ligg i forkant av elbilsatsinga – ikkje alltid i etterkant, seier kommunikasjonsleiar Haugneland.

Sjå til Danmark, er Elbilforeininga sin bodskap til regjeringa.

– Danmark har allereie bygd ut eit nettverk slik at du kan køyra landet rundt med elbil, sjølv om dei har langt færre elbilar enn Noreg, påpeikar Haugneland.

Stor miljøgevinst i Noreg

Kjell Werner Johansen

I Noreg gir elbilveksten stor miljøgevinst. I andre land varierer det kor store klimafordelar ein har av elbilsatsing, fortel avdelingsleiar Kjell Werner Johansen i Transportøkonomisk institutt (TØI).

Foto: Svein Erik Dahl/Samfoto

I andre land har det vore stor diskusjon om elbilen faktisk gir miljøgevinst samanlikna med bilar med forbrenningsmotor.

Årsaka er at mange land brukar ein energimiks til elbilen som ikkje er heilt rein: frå varme-, vass-, vind-, sol- og atomkraft.

– I Noreg produserer me i hovudsak straumen med vasskraft. I Noreg bidreg elbil difor heilt klart til at CO2-utsleppa frå trafikken går ned. Føresetnaden er sjølvsagt at elbil trafikken kjem i staden for fossilbil-trafikken og ikkje i tillegg, fortel avdelingsdirektør Kjell Werner Johansen i TØI.

Samferdselsdepartementet skriv i ein epost til NRK at dei ikkje vil svara på spørsmål relatert til ladeinfrastruktur-støtte før etter at statsbudsjettet er lagt fram onsdag neste veke.

AKTUELT NÅ