NRK Meny
Normal

Krev lovendringar etter Nokas-lauslatingar

Riksadvokaten meiner det er feil av Høgsterett å sleppa fri to av Nokas-ranarane etter minstetida. No tek både han og justisministeren initiativ til lovendringar.

Statsadvokat Reidar Bruusgaard

- Det blir feil at det skal vera enklare å bli lauslaten frå forvaring enn frå vanleg fengselsstraff, seier statsadvokat ved Riksadvokatens kontor og aktor i Nokas-saka, Reidar Bruusgaard.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Mange reagerer på at Høgsterett i dag bestemte at to av Nokas-ranarane, Kjell Alrich Schumann og Metkel Betew, kan sleppa ut på prøve etter at dei no har sona minstetida på 10 år. Dei er begge dømde til 16 års forvaring.

Riksadvokaten oppfattar det som eit paradoks at vegen tilbake til fridomen ofte er både enklare og kortare for særskilt farlege forbrytarar som får ein forvaringsdom enn for mindre farlege lovbrytarar som får ordinær fengselsstraff.

– Me er usamde i lovforståinga. Me tek Høgsterett si avgjerd til etterretning, men me meiner det blir feil at det skal vera enklare å bli lauslaten frå forvaring enn frå vanleg fengselsstraff. Det er eit paradoks, seier Reidar Bruusgaard, statsadvokat ved Riksadvokaten sitt kontor og aktor under Nokas-rettssaka i 2006.

– Manglar verktøy for å stansa prøvelauslating

Forvaring blei innført i Noreg i 2002 som ein strafferettsleg særreaksjon utan øvre grense for å verna samfunnet mot særleg farleg forbrytarar.

Schumann har innrømt at det var han som skaut og drap politimannen Arne Klungland under ranet av ein Nokas-teljesentral i 2004. Betew har ei tung kriminell forhistorie med fleire grove ran.

(Saka held fram under biletet)

Metkel Betew og Kjell Alrich Schumann

Metkel Betew og Kjell Alrich Schumann vart dømde til 16 års forvaring for Nokas-ranet i Stavanger i 2004. Torsdag bestemte Høgsterett at dei kan sleppa fri på prøve etter at dei no har sona minstetida på ti år..

Avgjerder i Høgsterett skapar ofte presedens og med dagens Nokas-avgjerd har Høgsterett slått fast at vurderingskriteriet for prøvelauslating av ein forvaringsdømd er om der er nærliggande fare for at vedkommande vil utføra eit tilsvarande lovbrot som det han er dømd for. Er svaret nei, skal personen sleppa ut.

Det uroar statsadvokat Bruusgaard.

– Det er svært vanskeleg for oss å bevisa faren for at ein person som har sete inne i 10 år kan bryta lova på ny. I praksis ser me at for ein del type alvorleg kriminalitet har påtalemakta eigentleg ikkje eit spesielt godt verktøy for å stansa lauslating på prøve.

Til samanlikning må ein som er dømd til ordinær fengselsstraff oppfylla ei rekkje vilkår for å bli prøvelauslaten etter minstetid. Blant kriteria er:

  • åtferd under soninga
  • kva lovbrot du er dømd for
  • om du har brote lova på ny under soninga

– Me meiner det er ei god tilnærming som også bør gjelda i vurderinga av forvaringsdømde, seier statsadvokat Bruusgaard.

No vil Riksadvokaten ta initiativ til ei lovendring, fortel Bruusgaard.

Riksadvokaten vil endre praksis

Statsadvokat Reidar Bruusgaard i Dagsnytt 18 den 16. oktober.

Farlege lovbrytarar kan gå fri tidlegare enn andre

Minstetida er eit anna paradoks ved forvaringsdommen som blir aktualisert gjennom dagens Høgsterett-avgjerd.

Særskilt farlege forbrytarar får nemleg moglegheita til å gå fri fire år tidlegare enn ein lovbrytar som blir dømd til ordinær fengselsstraff.

Får ein 21 års forvaring, er minstetida på ti år. Fleirtalet av dei som får den strengaste ordinære fengselsstraffa på 21 år slepp derimot ut etter å ha sona to tredelar av straffa – 14 år.

– Arbeidarpartiet ser at det kan vera i strid med den allmenne rettskjensla. Me ønskjer difor å auka minstetida for forvaringsdømde, seier Ap-politikar og leiar av Justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik.

I det får ho støtte frå regjeringa.

Justisministeren forventar rask lovendring

Anders Anundsen

Regjeringa har bede Stortinget om å auka minstetida og tidsramma for forvaring til høvesvis 14 og 30 år, opplyser justisminister Anders Anundsen (Frp).

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Justisminister Anders Anundsen (Frp) vil no auka minstetida ved ein forvaringsdom for å unngå at farlege forvaringsdømde lovbrytarar slepp tidlegare ut enn det dei ville gjort med ein ordinær fengselsdom.

Regjeringa har difor bede Stortinget om ei lovendring.

– Dagens system held ikkje mål. Regjeringa har fremja forslag om å auka den maksimale tidsramma for forvaring til 30 år og i tillegg auka minstetida slik at den blir lik det som ville vore tilfellet dersom dei hadde vore dømde til ordinær fengselsstraff, opplyser Anundsen til NRK.

Det er førebels uvisst kva tid Stortinget avsluttar handsaminga av lovforslaget og fattar vedtak, men justisministeren trur det vil skje raskt.

– Eg har eit sterkt inntrykk av at Stortinget er oppteken av denne problemstillinga og at det raskt vil vedta dei lovendringsforslaga som regjeringa har føreslege. Me vil setja endringa i kraft så snart vedtaket er på plass, lovar Anundsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger