Hopp til innhold

Krev full kartlegging av metanlekkasjar frå oljeverksemda

Her piplar det bobler av den kraftige klimagassen metan opp frå havbotnen. Greenpeace har dokumentert utsleppet frå eit 30 år gammalt oljefelt i Nordsjøen. No krev dei ei omfattande kartlegging for å sørgje for at lekkasjar blir tetta.

Foto: Greenpeace

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ved hjelp av fjernstyrt undervassfartøy har Greenpeace i sommar gjort videoopptak som viser metanlekkasjar som dei meiner har vart i 30 år. Lekkasjane oppstod som følgje av eit uhell i 1990, i den britiske delen av Nordsjøen.

– Det er svært alvorleg at lekkasjane er der framleis, etter 30 år. Men dette er dessverre ikkje eit eineståande tilfelle. Forskarar meiner det lek ut opp til 30.000 tonn metan frå tusenvis av borehol i Nordsjøen kvart einaste år. Dette er eit stort miljøproblem som styresmaktene må ta tak i, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge.

Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge

Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge

Foto: Nuno Duarte / NRK

Punkterte gasslomme

Det svenske selskapet Stena Drilling leitte etter olje på vegner av Mobil North Sea, no Exxon Mobil, då uhellet skjedde. Dei punkterte ei gasslomme, det oppstod fleire krater på havbotnen, og det begynte å leke ut metan.

Exxon Mobil stadfester hendinga til NRK. Boreaktiviteten på staden er avslutta for mange år sidan, og boreholet overlevert til den britiske staten.

Pressetalsperson Richard Scrase i Exxon Mobil seier at selskapet, i samarbeid med det britiske energi- og klimadepartementet, gjorde fleire undersøkingar i området. Dei konkluderte med at det ikkje kunne påvisast nokon negativ effekt av utsleppet. Scrase seier at metanet ser ut til å løyse seg opp i vatnet, og legg til at forskarane også er usikre på effekten av metan i vatn.

Farleg klimagass

Frå naturen si side ligg det store mengder metangass i dei i øvre delane av havbotnen. Dette er ein klimagass som er minst 30 gonger kraftigare enn CO₂, og fører til global oppvarming.

– Metan i atmosfæren har svært negativ effekt på klimaet. Mengda har auka i fleire tiår no, ikkje berre frå industrien, seier Benedicte Ferré, som er oseanograf ved CAGE, Centre for Arctic Gas Hydrate, Environment and Climate.

Ho legg til at det trengst meir kunnskap for å kunne slå fast kor mykje metan frå havet som går opp i atmosfæren.

Forskarane ser ut til vere samde om at metan i havet berre i liten grad er med på å auke nivået i atmosfæren.

Havforsuring

Seniorforskar ved NILU, Cathrine Lund Myhre

Seniorforskar ved NILU, Cathrine Lund Myhre

Foto: Nuno Duarte / NRK

– Av det som blir sleppt ut på store havdjup, 100 meter og djupare, ser det ut til å vere lite som når atmosfæren. Men metanet vil jo ha ein effekt på havet, seier seniorforskar ved NILU, Cathrine Lund Myhre.

– På kva måte?

– Metanet fører blant anna til at havet blir surare. Havforsuring er absolutt eit problem, seier ho.

Greenpeace krev no at den norske regjeringa tar tak i dette problemet.

– Krev full oversikt

– Vårt krav til regjeringa er at dei får full oversikt over utsleppa på norsk sokkel, og deretter set i gang med tiltak. Det handlar om å plugge gamle brønnar, og å sørgje for at det i framtida ikkje blir bora i nærleiken av desse gasslommene, slik at dei blir punkterte, og metan lek ut, seier Frode Pleym.

– Kven skal ta rekninga for dette?

– Denne rekninga må forureinaren, og ikkje norske skattebetalarar ta. Det er selskapa, norske og utanlandske, som har drive denne verksemda i nærare 50 år, som må betale for både å få dette kartlagt, og setje i gang skikkelege tiltak, seier Pleym.

Petroleumstilsynet har tilsynsansvar for bl.a. tryggleik, beredskap og sikring i den norske olje- og gassverksemda. Tilsynet ligg under Arbeids- og sosialdepartementet.

– Er i gang

Statssekretær Vegard Einan (H) seier følgjande i ein skriftleg kommentar til NRK:

Vegard Einan er statssekretær for Høyre i Arbeids– og sosialdepartementet.

Vegard Einan, statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet

Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD

– Petroleumstilsynet arbeider for tida med å få oversikt over metanlekkasjar frå brønnar på norsk sokkel, metanlekkasjar frå område rundt brønnar og også generell metanlekkasje frå havbotnen på stader der det ikkje er bora. Når det gjeld spørsmålet om å tette metanlekkasjar, er det så langt på norsk sokkel ikkje rapportert tilfelle der mengda har vore så stor at det vil vere praktisk mogeleg å samle opp eller stoppe boblene som piplar ut.

Han opplyser også at Petroleumstilsynet deltar i eit internasjonalt samarbeid om handtering av metanlekkasjar frå havbotnen.

Dette er staden der Greenpeace i sommar gjorde videoopptak av metanlekkasje på havbotnen.

– Det hastar

– Vi forventar at det får høgaste prioritet å lage ein oversikt over metanlekkasjar. Inntil den er på plass, veit ingen kvar boblene piplar opp, eller kva tiltak som er mogelege. Slik kan vi ikkje ha det, seier Frode Pleym i Greenpeace.

Også denne tyske rapporten omtalar metanutslepp frå olje- og gassverksemda i Nordsjøen som eit stort og omfattande problem. Pleym meiner det er viktig å handle raskt.

– Ingen utslepp er eit lite problem. Vi må kutte på alle område. Dette er, som vi veit, utslepp som både fører til havforsuring, og som til ein viss grad slepp opp i atmosfæren og bidrar til global oppvarming. No må vi få oversikt, slik at arbeidet med å kutte desse utsleppa kan komme i gang, seier Pleym.

AKTUELT NÅ