Hopp til innhold

– Systemet er veldig lett å manipulere

Kontrollen på kaikanten må bli betre for å hindre økonomisk kriminalitet i fiskerinæringa, meiner i Norges Kystfiskarlag.

Johnny Ingebrigtsen

KREV KONTROLL MOT FISKEJUKS: Leiar i Gjæsver Fiskarlag, Johnny Ingebrigtsen, meiner styresmaktene må komme seg ned på kaiene og kontrollere fiskerinæringa betre.

Foto: Privat

Fleire fiskarar fortel NRK om juks med kvitteringar og at fiskemottaka betalar for mindre fisk enn fiskarane leverer, men NRK kan ikkje dokumentere omfanget av fiskejukset.

Leiar i Norges Kystfiskarlag, Arne Pedersen, blir også kontakta av fiskarar om ulovlege forhold i næringa.

Arne Pedersen

Leiar i Norges Kystfiskarlag, Arne Pedersen, blir også kontakta av fiskarar om ulovlege forhold i næringa.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

– Det er umogleg for oss å fastslå kor stort omfanget er, men det er ikkje til å stikke under ein stol at vi ofte får meldingar inn til oss om at det skjer, seier Pedersen.

Han meiner styresmaktene må ha fleire kontrollar.

– Fiskeristyresmaktene er litt for slepphendte i forhold til heile denne problematikken. Det er eit myndigheitsansvar å lage system og føre kontroll.

– Systemet er lett å manipulere

SV- politikar og leiar i Gjæsver Fiskarlag, Johnny Ingebrigtsen, meiner det er lett for fiskarar og fiskekjøparar å snike seg unna lover og reglar slik systemet med kontrollar er i dag.

– Vi har eit kontrollregime der dei som driv kontroll berre skal sjå dokumentasjon og sjå på papir. Det er veldig lett å manipulere. Det dei burde gjer var å få fleire folk ut på kaia, ut på fabrikkane. Så dei får sjøvatn på støvlane, seier Ingebrigtsen.

Også seksjonssjef i Fiskeridirektoratet Einar Ellingsen, trur at meir kontroll hadde hatt meir preventiv verknad, men han legg til at det er ressursane som styrer.

– Det er budsjetta som bestemmer nivået, så det er slik sett eit politisk spørsmål, seier Ellingsen.

AKTUELT NÅ