Hopp til innhold

Krev avklaring frå Siv Jensen i SSB-saka

Arbeidarpartiet, KrF, SV og Sp krev svar frå finansminister Siv Jensen om kvifor Christine Meyer måtte gå av som direktør for SSB, etter at Meyer hevdar ho blei pressa av departementet.

Siv Jensen om situasjonen rundt Statistisk sentralbyrå.

Arbeidarpartiet og KrF ber om finansminister Siv Jensen sin versjon av kvifor Christine Meyer måtte gå som SSB-direktør. Meyer hevdar ho fekk telefon frå departementet der dei bad om spesialbehandling av innvandringsforskar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Søndag kom meldinga om at Christine Meyer går av som direktør for SSB. Det skjer etter fleire møter mellom henne og finansminister Siv Jensen om den store omorganiseringa av byrået. Meyer seier til VG at ho før eitt av møta fekk telefon frå Finansdepartementet der ho blei beden om å gi innvandringsforskar særbehandling.

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, seier til NRK at opplysningane er oppsiktsvekkande om dette stemmer, og at dei vil ta saka til Stortinget.

– Det er dramatisk at direktøren i SSB går av etter at ho er sagt opp av finansministeren, utan at det er gjeve nokon grunn. Vi kjem difor til å stille spørsmål i Stortinget for å få gjort det klart kvifor Meyer måtte gå.

Frykta omorganiseringa

Trond Giske

Nestleiar Trond Giske i Arbeidarpartiet meiner det framleis er mange spørsmål som manglar svar rundt striden rundt SSB.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

SSB spelar ei viktig rolle i norsk samfunnsliv. Statistikken og rapportane dei utarbeider, legg blant anna grunnlaget for lønsforhandlingane i arbeidslivet og budsjettforhandlingane i Stortinget. Giske seier dei har vore uroa for at omorganiseringa skal gå ut over denne samfunnsrolla. Men at Siv Jensen inntil nyleg har forsikra om at dette skulle gå bra.

– Først då ein enkeltforskar blei omplassert, og det fekk merksemd i media, kom Jensen på banen. Men det skal ikkje vere nok til å setje Christine Meyer på porten. Her manglar vi gode svar.

Giske får støtte frå partileiar Knut Arild Hareide i KrF.

– SSB skal vere politisk uavhengige Vi må kunne stole på at dei er uavhengige av kva farge statsråden i Finansdepartementet har. Difor er det viktig at vi får rydda opp i kva informasjon og kva ordrar som er gjeve til Christine Meyer.

Omorganiseringa er no sett på vent, medan ein ventar på utvalet som har fått i oppgåve å undersøke SSB.

– To versjonar av verkelegheita

– Det er svært spesielt at vi no står overfor to versjonar av verkelegheita. Vi kjem til å stille ei rekke spørsmål til finansministeren. No må vi snu alle steinar, og komme til botnen i saka, seier Kari Elisabeth Kaski, som sit i Finanskomiteen for SV.

Ho får støtte av partifelle Torgeir Knag Fylkesnes som sit i Kontroll- og konstitusjonskomiteen:

– Siv Jensen må legge alle kort på bordet. Vi må få vite kva som har skjedd, og kva som ikkje har skjedd. No har vi høyrt Meyer si side av saka, og no er det viktig at vi får høyre Finansdepartementet og Siv Jensen si side.

Sigbjørn Gjelsvik i Senterpartiet er einig i at det er all mogleg grunn til å gå vidare med saka på Stortinget.

– Det er bra at ein fekk ei avklaring på at Meyer trer tilbake, men så er jo spørsmålet om kva som har skjedd undervegs. Siv Jensen har ikkje berre ansvar for å få det rette til å skje, men også at det skjer på rett måte. Rundt sistnemnde er det stilt heilt betimelege spørsmål som det er grunn for Stortinget til å gå inn i, seier Gjelsvik.

Finansminister Siv Jensen har så langt ikkje svart på førespurnadane frå NRK.

AKTUELT NÅ