Hopp til innhold

– Tilliten er avhengig av at han ryddar opp

Tilliten til Audun Lysbakken som ny partileiar er avhengig av at han no ryddar opp i pengesaka, seier Kristin Halvorsen.

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen seier til NRK i kveld at ho framleis har tillitt til Audn Lysbakken, men at nye opplysningar vil gjere saka verre.

Foto: NRK

For å skape ro i partiet meiner SV-leiar Kristin Halvorssen at det er viktig å snu kvar stein etter avsløringane om uryddig pengestøtte til Jenteforsvaret. Ho er tydeleg på at det vil vere svært alvorleg for partiet dersom enno fleire opplysningar kjem fram i lyset.

– No er me opptekne av å rydde opp. Dette er ein alvorleg sak, ikkje fordi det er eit stort beløp eller eit dårleg formål, men fordi det kan skape inntrykk av at eit godt formål har større sjanse for å få løyving viss ein har nærleik til SV. Slik kan det ikkje vere.

Sjå video: Dette meiner folk på gata om Lysbakken-saka

Video Folk på gata om Lysbakken-saka

NRK.no har spurt fen på gata om Lysbakken-saka. Dei spurte er Tore Berget, Lasse Carlsen, Darjan Kovacic, Veronica Brekke og Svein Mossige.

Ser alvorleg på ny e-post

Det at det i dag dukka opp ein sentral e-post som Lysbakken tidlegare ikkje meldte ifrå om ser Halvorsen alvorleg på.

– Det gjør oss sjølvsagt veldig utrygge. Difor har me no sett i gang en ny gjennomgang.

– Kjenner du deg trygg på at det ikkje kjem fleire overraskingar no?

– Eg kjenner meg trygg på at me no gjer alt me kan for å kvalitetssikre den gjennomgangen som er nødvendig. Men han har offentleggjort meir enn han må, og då er det veldig uheldig at det dukkar opp ting me ikkje visste om.

– Betyr det at dykk ikkje vil tåle at det dukkar opp ein ny e-post no?

– Nei, det betyr at me skal ha ein såpass grundig gjennomgang at me vil ha full oversikt over alt.

Leiarval om to veker

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken er i hardt vêr etter at det vart kjent at ein SU-organisasjon er blitt løyva penger på uryddig vis.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Om berre to veker er det ekstraordinært landsmøte i SV der ny partileiar skal bli valt. Etter at Heikki Holmås trakk seg som kandidat er det no berre Lysbakken som står att. Den noverande leiaren trur ikkje saka vil påverke Lysbakken sitt kandidatur.

– Nei, det trur eg ikkje. Eg er sikker på at landsmøtet framleis vil ha tillit til Audun. Men det er jo avhengig av at det vert rydda opp i denne saka. At han tek ansvar for det som har skjedd er det som avgjer om han har tillit framover.

Fleire har gått til orde for å relansere Holmås som kandidat. Dette ønskjer ikkje Halvorsen å kommentere, men ho seier at ho sjølv har tillit til at Lysbakken er skikka som leiar.

– Eg meiner at alle kan sjå at han meiner alvor når han beklagar. Eg trur det vert oppfatta som tillittsvekkjande overfor partiet at han no offentleggjer alt.

– Har vist dårleg politisk skjønn

– Er dette eit teikn på at SV ikkje har god nok erfaring med å styre eit departement?

– Nei, det vil eg avvise. Det som er viktig er å behandle alle saker i forhold til regelverket. Audun er framleis klar på at det har blitt vist dårleg politisk skjønn i denne saka, og har difor lagt seg flat.

NRK.no har spurt folk på gata om Lysbakken-saka. Mange seier dei er overraska over at ei slik sak kjem opp i SV, som er kjend for å vere eit ryddig parti. Halvorsen seier at det er viktig for partiet å oppretthalde dette inntrykket.

– Det er veldig viktig at me ryddar opp tidleg. Det stemmer at me tidlegare har lagt vekt på å vere ryddige. Det er difor me no har me starta ein gjennomgang for å få alt på bordet.

Ap krev høyring frå eigen statsråd

Martin Kolberg

Martin Kolberg krev høyring frå sin eigen statsråd. Det er uvanleg at dette skjer.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

For at det skal vere open høyring om Lysbakken-saka måtte Arbeidarpartiet stille seg bak kravet frå opposisjonen.

– Me meiner framleis at alle dei viktigaste opplysningane ligg på bordet. Det er jo ikkje noko nytt i e-posten som kom fram i dag. Men me meiner det likevel kan vere riktig og fornuftig å gjennomføre ei open høyring, seier partisekretær i Ap, Martin Kolberg.

– Kor alvorleg er det at Lysbakken ikkje har gitt all informasjon til Stortinget?

– Eg stolar på det han sjølv har sagt, at han ikkje visste om det. Og det er ingen indikasjon på at dette ikkje er riktig. Så han har min fulle tillit på dette punktet. Men likevel er det viktig at me må gå gjennom dette, og det har sin alvorsgrad.

Det har sjeldan skjedd at Arbeiderpartiet har kravd høyring frå statsrådar frå si eiga regjering.

– Som oftast gjer me ikkje det. Men i denne saka meiner me at det er grunnlag for det.

Kolberg seier han ikkje er bekymra for konsekvensane dette vil ha for Lysbakken sitt leiarkandidatur i Sosialistisk Venstreparti.

Avviser spekulasjonar om korrupsjon

Dei nye opplysningane dei siste dagane har gjort at mange har stilt spørsmål om Lysbakken heile tida har hatt planar om å innvilge pengane. Dette vil ikkje Kolberg tru på.

– Det er ein konklusjon eg ikkje vil trekkje. Eg har høyrt alle forklaringane, og synest dei er gode. Eg har ikkje noko grunn til å tru noko anna enn det som har blitt sagt, seier Kolberg.

– Kva tenkjer du om vurderingsevna til Lysbakken i denne saka?

– Han burde sjølvsagt følgt med på dette, men eg forstår at han har permisjon og ikkje har hatt høve til å følgje opp på ein veldig tett måte. Det er ingen unnskyldning, men eg tykkjar ikkje det er grunn til å rokke ved tilliten til Lysbakken sitt politiske liv.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger