Hopp til innhold

Krev at helseministeren sikrar vikarar på intensiven vaksine

Intensivsjukepleiarar som ikkje får vaksine fordi dei er vikarar får stortingspolitikarar til å reagere. – Dei har stilt seg til teneste for å redde liv. Det skulle berre mangle at også innleigd personell får vaksine, seier Tuva Moflag (Ap).

Intensivsjukepleiar Adalheidur Audbjargardottir

I ISOLASJON: Intensivsjukepleiar Adalheidur Audbjargardottir fortel at ho blei smitta på sjukehuset på Bærum. Søndag fortalde NRK at ho ikkje fekk vaksine fordi ho er vikar.

Foto: Privat

Intensivsjukepleiarar som er fast tilsett blir prioriterte for koronavaksine.

Søndag fortalde NRK om intensivsjukepleiarar i bemanningsbyrå som ikkje får vaksine, sjølv om dei jobbar skulder ved skulder med faste tilsette, tett på dei sjukaste koronapasientane.

Dei opplever at dei blir kasteballar og at ingen vil ta ansvar for dei. Intensivsjukepleiar Adalheidur Audbjargardottir, som jobbar i Dedicare, er ein av dei. No har ho blitt smitta av korona, og er i isolasjon.

– Dette er ikkje greitt, seier Tuva Moflag, stortingsrepresentant og medlem av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget (Ap).

– Bent Høie må rydde opp

SVs helsepolitiske talsperson, Nicholas Wilkinson, reagerer også og har bede helse- og omsorgsminister Bent Høie om å ta grep.

Moflag i Arbeidarpartiet er samd.

– Bodskapen er enkel: Bent Høie må rydde opp. Alle dei som står i frontlina må få beskyttelse. Det er ingen andre som er meir eksponerte for smitte enn ein intensivsjukepleiar. Det er heilt openbert at dei må få vaksine, seier Moflag til NRK.

Gudrun Aune Hagen

Gudrun Aune Hagen er intensivsjukepleiar i Dedicare og fortel at ho reiser rundt på ulike sjukehus etter behov.

Foto: Privat

Intensivsjukepleiar Gudrun Aune Hagen har ikkje fått vaksine. Ho er tilsett i bemanningsbyrået Dedicare og har dei siste to vekene vore stasjonert på sjukehuset i Sandnessjøen.

– Eg følar meg som ei smittebombe som reiser rundt i Noreg og skal jobbe tett på covid-pasientar. Risikovurderinga er ikkje god, seier Hagen.

Ho fortel at ho har vore innom sjukehus der kontorpersonale og administrative tilsette har fått vaksine, men ikkje ho, sjølv om ho jobbar tett på dei sjukaste koronapasientane.

– Ein intensivsjukepleiar må prioriterast framfor ein tilsett i administrasjonen. Det forstår alle. Visst ikkje må vi endre på rutinane, slik at det skjer, seier Moflag.

40 av 50 intensivsjukepleiarar i Dedicare har per no ikkje fått vaksine, men nyleg skal fleire ha fått varsel om at dei vil få det.

Helseføretak: – Utfordrande

I retningslinene frå Folkehelseinstituttet (FHI) kjem det klart fram at personell som «er kritisk vanskeleg å erstatte» skal prioriterast i vaksinekøen.

Høie har i Stortinget vedgått at det er for få intensivsjukepleiarar i Noreg og under pandemien har sjukehusa vore avhengige av å fly inn personell frå andre land.

Helse Sør-Øst, det største regionale helseføretaket i landet, har opplyst at tilsette i bemanningsbyrå ikkje skal behandlast ulikt enn faste tilsette:

Helsepersonell som leies inn (...) skal få vaksine i helseforetaket der de er innleid. Prinsippet er at helsepersonell i like funksjoner skal prioriteres likt.

Jan Frich, viseadministrerande direktør i Helse Sør-Øst

Men fagdirektør Ulrich Spreng i Vestre Viken HF, som er eitt av elleve helseføretak under Helse Sør-Øst, stadfestar at dei har prioritert faste tilsette, og fortel at det er utfordrande for helseføretaket å vaksinere dei som kjem frå bemanningsbyråa.

Utfordringa kan vere at ein sjukepleiar er innom eitt helseføretak i nokre veker, og deretter reiser vidare til eit anna helseføretak etterpå.

Det danske bemanningsbyrået Powercare opplyser at deira danske tilsette får vaksine gjennom det som heiter Dansk Erhverv. I Noreg er det dei ulike helseføretaka som skal prioritere kven som skal få vaksine.

Tuva Moflag

Tuva Moflag, stortingsrepresentant og medlem av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner helseministeren må ta grep.

Høgre: – Helseføretaka har fått dette ansvaret

– Dette er systemproblematikk, seier Moflag i Arbeidarpartiet til NRK.

Sveinung Stensland, andre nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen (H), seier han ikkje forstår kva helseministeren skal rydde opp i.

Sveinung Stensland

Sveinung Stensland, andre nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen (H), seier han ikkje forstår kva Bent Høie skal ordne opp i.

Foto: Erik Waage / NRK

– Helseføretaka har fått dette ansvaret, og no har dei sagt at dei skal ordne opp, så eg forstår rett og slett ikkje kva Høie skal gjere, seier Stensland.

– Utfordringa, slik den er skissert, er at dei hamnar mellom fleire stolar fordi dei jobbar i ulike helseføretak. Burde det vore ei særskilt ordning for tilsette i bemanningsbyrå?

– Eg trur det blir for kompliserande. Det blir i så fall enda ei ordning som skal forvaltast. Helseføretaka må sørge for å ha oversikt og ta spesielt ansvar for vikarar som jobbar i fleire føretak, seier Stensland.

Moflag i Arbeidarpartiet meiner likevel styresmaktene må på bana.

– Dette er eit leiaransvar og ikkje eit ansvar som den enkelte tilsette i eit bemanningsbyrå må ta. Dei må få vaksine. Det skal ikkje vere slik at dei ikkje får det på grunn av ansvarsfråskriving, seier ho.

Helse- og omsorgsdepartementet seier til NRK at dei er tydelege på at også vikarar skal få vaksine.

– Vi sørga nyleg for fleire vaksinar til sjukehusa. Det vil føre til at betydeleg fleire helsepersonell som arbeider i sjukehus får vaksinar den næraste tida, seier statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H).

AKTUELT NÅ