NRK Meny
Normal

Krekar varetektsfengsla i fire veker

Oslo tingrett har i dag avgjort at mulla Krekar skal varetektsfengslast i fire veker, slik politiet bad om. Krekars advokat Brynjar Meling seier at avgjerda blir anka til lagmannsretten.

Mulla Krekar på veg inn til rettsmøtet.

Ein smilande mulla Krekar på veg inn til rettsmøtet i Oslo tingrett i dag.

Foto: Simon Solheim / NRK

I rettsavgjerda heiter det at Krekar kan mistenkjast for straffbare handlingar som kan føre til høgare straff enn fengsel i seks månader. Dommaren peikar på at intervjuet NRK sende med Krekar sist onsdag inneheld fråsegner som, sette i samanheng, er ei oppmoding til og ei tilskunding til å setje i verk ei drapshandling mot Halmat Goran.

– Alvorleg frykt

Politiinspektør Vegard Rødås, Oslo politidistrikt

Politiinspektør Vegard Rødås fekk fullt medhald i Oslo tingrett. Mulla Krekar vart varetektsfengsla i fire veker.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Retten legg også vekt på at Krekar ikkje tok avstand frå utsegnene sine i rettsmøtet, og at utsegnene er eigna til å skape alvorleg frykt hos Halmat Goran. Også utsegnene om den kurdiske tv-stasjonen NRT har noko av det same innhaldet. Utsegnene er konkrete nok til å løyse ut straffeansvar, heiter det i avgjerda.

– Eit vesentleg moment er den sikta si rolle som autoritet i den kurdiske jihadistrørsla. Hans tilhøyrarar ber han om råd. Dei høyrer på han og tek han på alvor, heiter det vidare.

Rettsavgjerda seier vidare at det er lagt særleg vekt på at Krekar etter å ha blitt sett fri frå fengsel 25. januar i år, har gitt intervju til fleire tv-stasjonar der dei straffbare utsegnene eller delar av dei har kome fram i ulike versjonar. Retten oppfattar det som at Krekar er aktiv overfor tv- og pressemedium, men at han tidvis også har vore aktiv på Internett.

Advokat Brynjar Meling

Brynjar Meling har på vegner av mulla Krekar anka avgjerda i Oslo tingrett til lagmannsretten.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Brynjar Meling meiner at Krekar risikerer å bli straffa for noko han er dømd for tidlegare.

– Eg meiner det er den same trusselen og den same handlingar som Krekar er dømd for tidlegare. Han seier det same om det same, seier han til NRK.

Politiet seier på Twitter at dei er nøgde med avgjerda i Oslo tingrett.

Laster Twitter-innhold

Paragraf 140 og 227

Krekar er sikta etter paragraf 140 i straffelova for offentleg å ha oppfordra til straffbare handlingar, blant anna gjennom eit intervju med NRK. I dette intervjuet sa han blant anna at han vil sende ei gåve til dei som tek livet av kurdaren Halmat Goran. Krekar er tidlegare dømd for truslar mot han.

Faraj Ahmad Najmudding (Mullah Krekar)

Mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som er det rette namnet hans, er varetektsfengsla i fire veker.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Han er også denne gongen sikta etter paragraf 227 i straffelova, som omfattar truslar.

Politiinspektøren la fram politiet sitt syn i tingretten i dag. Han karakteriserte intervjuet som skremmande, at og lovnaden om ei gåve for drapet på Goran var å love bort blodpengar, og å setje ein pris på eit hovudet til eit menneske.

– Kan påverke andre

Siktelsen mot mulla Krekar

Dette er politiets siktelse mot Krekar.

Det viktigaste, sa Rødås, er at mulla Krekar kan påverke andre til å handle. Han viste til at mullaen er kjent for å vere ei god talar, og at han tidlegare har vore i kontakt med ekstremistar. Han minte om terroren i København nyleg, der personar på 19 og 22 år var blanda inn.

Så unge menneske kjem ikkje fram til ei så ekstrem tolking av koranen på eiga hand, sa han, og la til at dei er påverka av religiøse skikkelsar som Krekar.

Rødås sa at det er naudsynt å bandleggje Krekar.

– Har blitt feiltolka

Krekar sa på si side at han var uskuldig, og at han NRK har presentert intervjuet med han på ein feil måte slik at han har blitt feiltolka. Han skulda NRK for kryssklipping, og han sa blant anna at om han blir fengsla igjen, så vil det vere ei skam for Noreg .

Forsvararen hans, Brynjar Meling, sa at det ikkje var noko nytt i det Krekar sa i intervjuet, at han har sagt det same også tidlegare.

Den kurdiske islamisten vart arrestert utanfor bustaden sin i går kveld, dagen etter at intervjuet med han var sendt.

LES OGSÅ: – Etter Krekar-uttalelsene måtte jeg gå

LES OGSÅ: Krekar har selv blitt en karikatur

LES OGSÅ: Politiet får bruke hemmelig Krekar-bevis

LES OGSÅ: Ulv, andakt og Krekar i K-rådet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger