Dette er klart etter at dommen i den sivile rettsaka fall no i ettermiddag. Krekar gjekk til sak mot den norske stat for å få utvisningsvedtaket mot han gjort ugyldig.
Kommunalminister Erna Solberg (H) seier at ho er godt nøgd med dommen, som ho meiner stadfestar regjeringa sitt syn på at Krekar er ein tryggingsrisiko.
Mulla Krekar saman med advokaten sin, Brynjar Meling. (Scanpix-foto)
Terror
Dommen betyr at vedtaket om utvising frå Noreg blir ståande.
Staten meiner mulla Krekar er ein fare for tryggleiken til det norske riket, fordi han er knytt til internasjonal terrorverksemd.
Mulla Krekar sjølv seier at han berre driv ein nasjonal frigjeringskamp i Nord-Irak, og avviser på det sterkaste at han utgjer ein tryggingsrisiko for Noreg.
Blir i Noreg
Dommen i dag fører ikkje til at Krekar vil bli sendt ut av landet med ein gong. Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen EMK set forbod mot at nokon blir utvist til eit land der ein kan bli utsett for tortur eller umenneskeleg behandling.
Dessutan kan han ikkje utvisast så lenge saka går for norske domstolar.
Advokat Brynjar Meling gjorde det med ein gong klart at saka vil bli anka vidare til lagmannsretten, så det kan gå lang tid før ei utvisning kan bli ein realitet.
Retten har ikkje teke standpunkt til om Krekar kan utvisast på grunn av brot på utlendingslova. Han fekk innvilga politisk asyl i Noreg i 1992.
Høgsterett
Redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten seier til NRK at Noreg må leve med Krekar-saka i lang tid framover, og han trur det er gode sjansar for at saka til slutt hamnar i Høgsterett.
Han meiner det ikkje er tvil om at Krekar har brote vilkåra for politisk asyl, ved at han fleire gonger har reist tilbake til Nord-Irak.
Han minner likevel om at dette ikkje er ein fellande dom mot mulla Krekar. Dommen slår berre fast at retten ikkje kan overprøve utvisningsvedtaket som regjeringa har gjort.
(NRK-NTB)