Hopp til innhold

Krekar inviterer til middag på Kyrksæterøra

– Eg skal laga kurdisk mat til innbyggjarane på Kyrksæterøra, seier mulla Krekar i eit ferskt intervju med ein arabisk TV-kanal. Samstundes erklærer han seg som ein stolt islamist.

I et intervju med tv kanalen al-jazeera sier mulla Krekar at han ikke frykter å flytte til Kyrksæterøra - hvis rettsbehandlinga ender med at han må det.

Mulla Krekar går hardt ut mot norske politikarar og det norske systemet i eit nytt intervju med arabiske Al Jazeera. Samstundes ser han fram til å bli ein del av bygdesamfunnet på Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag.

Den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera publiserer onsdag kveld eit lengre intervju med mulla Krekar i Oslo.

NRK har fått tilgang til delar av intervjuet, der Krekar snakkar om sitt forhold til Noreg og nordmenn – og om forventningane til livet på Kyrksæterøra.

– No skal eg vera turist i det området, og eg skal ta imot dei som dei tek imot meg. Eg skal laga kurdisk mat for dei, på same måte som dei har laga kaker med namnet mitt på. Det kjem til å bli venskap mellom oss, seier Krekar.

Gir ikkje opp

Krekar har fått stor spalteplass etter at han nyleg sleppte ut frå Kongsvinger fengsel etter to år og tre månader bak murane for drapstrugslar mot blant andre noverande statsminister Erna Solberg (H).

Politiet og PST meiner at Krekar framleis er ein farleg mann og vil forhindra kontakt mellom mullaen og islamistiske grupper i hovudstaden ved å flytta han til den trønderske bygda Kyrksæterøra. Krekar ønskjer sjølv å bu i Oslo, og har anka vedtaket om tvangsflytting opp til lagmannsretten.

I intervjuet med Al Jazeera seier Krekar at han ønskjer «tre nye år med bortvising velkomen», men at han ikkje gir opp kampen mot norske styresmakter.

– Islamist og stolt av det

Samstundes kritiserer den 58 år gamle mullaen Noreg i skarpe ordelag.

Krekar meiner at han er offer for eit «satanisk spel» frå einskilde politikarar som utnyttar norsk islamofobi til eiga vinning.

Han framstiller norske styresmakter som pengesløsande, fordi dei har brukt mange millionar på saka mot han, utan at det ifølgje mullaen har gitt resultat.

Likevel seier Krekar at han har respekt for det norske samfunnet.

– Mitt syn på det norske samfunnet er at det er eit ope, høgkulturelt og rettferdig samfunn. Me har eit ordtak på kurdisk – «du dekkjer ikkje til brønnen du drikk vatn frå». Eg har drukke vatn frå Noreg, og eg kjem ikkje til å svikta eller undertrykkja dette landet.

På spørsmål om kvifor nettopp mulla Krekar har blitt ein så uønskt mann i Noreg, svarar 58-åringen at han var og er eit lett byte for norske politikarar.

– Fordi eg er kurdar, fordi det er ingen stat som forsvarar eller støttar meg. Det var svært lett å kopla meg til al Qaida og til Saddam Hussein sidan eg er kurdar frå Irak. I tillegg er eg islamist og stolt av det.

AKTUELT NÅ