NRK Meny
Normal

Krekar får fire nye veker i varetekt

Uttalane som mulla Krekar kom med i NRK-intervjuet er så alvorlege at han framleis må sitje i fengsel. Oslo tingrett har bestemt at politiet kan halde Krekar i varetekt i fire nye veker.

Mulla Krekar på veg inn til rettsmøtet.

VARETEKT: Najumuddin Faraj Ahmad, eller mulla Krekar, må sitje fire nye veker i varetekt.

Foto: Simon Solheim / NRK

Oslo tingrett kom fredag ettermiddag med følgjande avgjerd:

«Najumuddin Faraj Ahmad, født 7. juli 1956, kan fortsatt holdes i varetektsfengsel inntil noe annet bestemmes av påtalemyndigheten eller retten, men ikke ut over 24. april 2015».

– Vi er fornøgde med vedtaket. Fire nye veker er i tråd med det vi ba om, seier politiinspektør Vegard Rødås i Oslo politidistrikt til NRK.

I sluttfasen av etterforskinga

Krekar godtar forlenga varetektsfengsling, men det må på ingen måte tolkast som om han vedgår straffskuld etter siktinga for drapstruslar, seier advokat Brynjar Meling til NTB.

Politiet tek sikte på å ta ta ut tiltale innan fire veker:

Politiet har «opplyst at etterforskningen nærmer seg en avslutning, og at saken i løpet av relativt kort tid vil bli oversendt Oslo statsadvokatembeter. Politiet har som målsetting å begjære saken berammet innen utløpet av den begjærte varetektsperioden», står det i kjenninga.

– Vi tek sikte på å avslutte etterforskinga rett over påske, og vil då be om hovudforhandling snarast råd, seier Rødås til NRK.

– Etterforskinga har gått ut på å gå gjennom beslaglagt materiale. Vi har gått gjennom mykje materiale, men kan ikkje kommentere kva beslag vi sit på, seier Rødås.

– Kan siktinga mot Krekar bli utvida?

– Det kan eg ikkje kommentere, men det er per i dag ingen endring i siktinga.

– Fare for nye trugsmål

Saka blei behandla som såkalla kontorforretning av Oslo tingrett, sidan Krekar samtykkjer til fengsling. Ingen av partane møtte difor i retten fredag. Saka vart avgjort skriftleg.

Bakgrunnen for at politiet vil at Krekar skal sitje i varetekt, er at dei har sikta Krekar etter eit intervju med NRK og fordi dei meiner faren for nye trugsmål er stor.

I NRK-intervjuet sa Krekar mellom anna at han ville sende ei gåve til den som tek livet av Halmat Goran, som Krekar tidlegare er dømt for å ha truga.

Oslo tingrett skriv dette i dagens avgjerd:

«Retten finner at siktede med skjellig grunn fortsatt kan mistenkes for en straffbar handling som kan medføre høyere straff enn fengsel i seks måneder».

«Faren er reell og ikke teoretisk»

Krekar har vore varetektsfengsla i fire veker. Politiet vil ha Krekar i varetekt fram til hovudforhandling. Den førre avgjerda til Oslo tingrett blei anka til Borgating lagmannsrett, men Krekar fekk ikkje medhald. Lagmannsretten skreiv dette i avgjerda:

«Truslene fremstår for fornærmede som svært skremmende. Fordi truslene stadig gjentas, er det grunn til å tro at faren for at noen faktisk velger effektuere oppfordringen, suksessivt øker».

Lagmannsretten meiner også at «faren er reell og ikke teoretisk, noe de nylige terroranslagene i Paris og København illustrerer».

Dei som fornærmar islam, fortener å døy, seier mulla Krekar i eit NRK-intervju. Mullaen støttar norske ungdommar som krigar for IS, og han seier han vil sende ei gåve til den som tek livet av ein av kurdarane han tidlegare er dømt for å ha truga.

VIDEO: I sitt første lengre intervju med norsk presse på fleire år kjem mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler. Sjå Krekar-intervjuet her.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger