«Av praktiske årsaker vurderer politiet det som lite føremålstenleg å krevja at Krekar skal opphalda seg på Kyrksæterøra i den korte tida før domstolshandsaminga», skriv politiet i ei pressemelding fredag føremiddag.
Avgjerda kjem etter at Krekar sin forsvarar Brynjar Meling torsdag leverte ein 20 sider lang klage på politiet sitt vedtak til Oslo tingrett, der han også ber om at flyttinga ikkje blir gjennomført før retten har vurdert klagen.
– Dette var ei avgjerd som Oslo politidistrikt fatta på sjølvstendig grunnlag av praktiske omsyn – i hovudsak at Krekar skal ha høve til sjølv å møta i Oslo tingrett når saka vert handsama, og av omsyn til at klient og advokat skal kunne kommunisera enkelt i forkant av rettsmøtet, seier politimeister Hans Sverre Sjøvold i ei pressemelding.
Klagar på «alt»
Meling har tidlegare sagt at tvangsflytting til Kyrksæterøra er noko Krekar «openbart ikkje kan godta», og har no argumentert mot avgjerda i ein klage som strekkjer seg over 20 sider.
Oslopolitiet må ta i bruk heile helga til å gå gjennom den omfattande klagen. Dermed vil retten tidlegast kunne ta ei avgjerd i saken i starten av neste veke.
Krekar sin advokat kritiserer i klagen både vedtaket, argumentasjonen, sakshandsaminga og på den juridiske instruksen som ligg til grunn for vedtaket om å tvangsflytta Krekar.
– Me ber om at avgjerda om tvangsflytting blir oppheva. Vedtaket medfører fridomsfrårøving og krenkjer Krekar sin rett til privatliv. Krekar er orientert om klagen. Han tek dette med stor ro og er avventande, seier Meling til NRK fredag morgon.
– Me meiner at instruksen som er brukt ikkje er gyldig fordi det er instruks i ei enkeltsak. Saka er prinsipiell og er difor viktig, legg forsvararen til.
– Gjeld berre Krekar
Meling viser med dette til at politiet tek i bruk paragraf 105 i utlendingslova, som slår fast at ein utlending kan få meldeplikt og bestemt opphaldsstad når den einaste grunnen til opphald i landet er vernet mot utsending.
Den blei innført i 2009 – nettopp for å råka Krekar. Krekar er utvist frå Noreg, men kan ikkje sendast tilbake til Irak der han blir sett på som ein terrorist og risikerer tortur og dødsstraff.
Justisministeren har sagt at instruksen gjeld for ei handfull personar i Noreg, men Politidirektoratet kjenner berre til Krekar.
– Politidirektoratet er ikkje kjent med at instruksen vil gjelda for fleire enn Krekar per i dag. Men dette er ein instruks som vil kunne omfatta fleire personar framover, seier Jan Eirik Thomassen i grense- og utlendingsseksjonen til NRK.
Krekar slepp etter planen ut frå Kongsvinger fengsel søndag, etter to år og ti månader bak murane for drapstrugslar mot blant anna statsminister Erna Solberg (H).
- LES OGSÅ: I dette huset skal Krekar bo
- LES OGSÅ: Derfor vil PST ha mullaen ut av Oslo