Hopp til innhold

Kranglar om klimasiger: – Rett og slett tull

SV hevdar dei har fått til tidenes grønaste statsbudsjett. Venstre meiner Solberg-regjeringa stikk av med klimasigeren. Klimaforskar Asbjørn Torvanger seier det er umogleg å kåre ein vinnar.

PxNu2W7gHXE

GRØN KAMP: SV og V kranglar om kven som får utsleppa mest ned i 2022

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det vekte oppsikt då klimaminister Espen Barth Eide (Ap) i eit intervju med Dagens Næringsliv vedgjekk at Solberg-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett kutta meir enn budsjettforslaget frå Støre-regjeringa.

No er dette ordna opp i, hevdar SVs klimapolitiske talsperson Lars Haltbrekken. Og legg fram følgjande resonnement:

Budsjettforslaget til Solberg-regjeringa ville ha kutta mellom 45.000 og 90.000 tonn CO₂-ekvivalentar meir enn Støre-regjeringa sitt forslag.

Det skuldast at Ap og Sp ville kompensere ei auke i CO₂-avgifta for bensin og diesel med ei lågare vegbruksavgift. Kort og godt for å unngå at drivstoffprisane auka like mykje frå nyttår.

J_AvLroZtNA

TIDENES GRØNASTE: Lars Haltbrekken (SV) meiner statsbudsjettet er grønare enn nokosinne

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Vi meiner den nye budsjettavtalen overgår dette, seier Haltbrekken og peikar på to konkrete grep:

  1. Støre-regjeringa ville kompensere bilistane for auka CO₂-avgift med eit kutt på 65 prosent i vegbruksavgifta. Dette kuttet blir redusert med 15 prosentpoeng til 50 prosent. Ifølgje Finansdepartementet vil dette gje ein effekt på 10 000–20 000 tonn CO₂-ekvivalentar neste år.
  2. Løyvingane til Enova aukar med 700 millionar kroner i alt, samanlikna med Solberg-regjeringa sitt forslag. Klimadepartementet har gjort «sjablongmessige utrekningar» som viser at dette grepet kan gje utsleppsreduksjonar på om lag 63.000 tonn CO₂-ekvivalentar i 2022.

Dermed kjem SV fram til at utsleppa vil kunne gå ned med om lag 73.000 og 83.000 tonn neste år.

Og Haltbrekken har fleire argument på lager.

I tillegg aukar vi CO₂-avgifta for oljeselskapa frå 15 prosent til 28 prosent og gjer ei rekkje andre grep for å redusere utsleppa frå vegtrafikken. Samla sett viser dette at budsjettavtalen sikrar større utsleppsreduksjonar heime, enn Solberg-regjeringa la opp til.

Budsjettforhandlingar 2021 i Statsministerbustaden. Frå Støre si Facebook-side

BUDSJETTFORHANDLINGAR: I helga forhandla regjeringa med SV om budsjett til langt på natt i statsministerbustaden. SV-leiar Audun Lysbakken og finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski deltok digitalt fordi Lysbakken var forkjølt.

Nye grep i trafikken

Saman med regjeringa har SV blitt einige om å endre på fleire bilavgifter neste år.

  • Innføre eingongsavgift på varebilar som går på bensin og diesel. Dette skal få fleire verksemder til å velje nullutsleppskøyretøy.
  • Bompengefritak for biogasskøyretøy og nasjonale bomrabattar for elektriske varebilar.
  • Miljørabatten for elbilar i skattlegging av firmabil står fast, men er noko redusert samanlikna med Solberg-regjeringa sitt forslag.
Eksosutslipp

ENDRAR AVGIFTER: SV og regjeringa meiner det vil bli fleire el-varebilar på vegane neste år.

Foto: Berit Roald / NTB

– Det er ikkje rekna på effekten av desse tiltaka, men ifølgje Zero vil grepet med bomrabattar for biogassbilar gje ein effekt på mellom 6–10 000 tonn CO₂ i 2022, avhengig av når det faktisk kjem på plass, seier Haltbrekken.

SV grunngjev dette med at verksemder som kjøper mange bilar vil spare pengar på å velje bilar som går på biogass framfor bensin og diesel.

Venstre: «Berre tull»

Tidlegare klimaminister Sveinung Rotevatn (V) er ikkje villig til å gje sigeren for å kutte mest utslepp neste år til SV.

a0w4rWbFEN0

GRØNARE? Sveinung Rotevatn (V) hevdar Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag var grønare.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Senterpartiet vann bilkampen. Dermed er ikkje budsjettet like grønt no som forslaget til Solberg-regjeringa. Drivstoffet blir billegare og det har mykje å seie for klimautsleppa, seier Rotevatn.

– Men SV har gjort ein heiderleg innsats og budsjettet er nesten like grønt som vårt var, utdjupar han.

Rotevatn viser til at vegbruksavgifta framleis blir kutta, samanlikna med det budsjettforslaget han var med på å legge fram før Solberg-regjeringa gjekk av.

– Uansett vil det bli høgare utslepp frå biltrafikken enn kva vårt forslag hadde gitt, seier Rotevatn.

Men ville ikkje de ha risikert å tape bilkampen mot Frp i budsjettforhandlingar på Stortinget ved ein borgarleg valsiger då?

– Vi ville ikkje ha akseptert å forhandle ned klimakutt i eit statsbudsjett. Vi kunne ha gjort nokre justeringar på innretninga, men då måtte vi ha fått andre kutt som monnar i staden.

Om dei auka løyvingane til Enova meiner Venstre-toppen at det ikkje går an å slå fast at dette kuttar norske utslepp neste år.

– Eg forstår at departementet kallar dette «sjablongmessige berekningar», for dette meiner eg rett og slett er tull. Vi la ikkje inn auka overføringar til Enova i vår klimaplan fordi eventuelle klimakutt jo vil avhenge av kva slags tiltak som får støtte av Enova.

Rotevatn meiner vidare at om ein skal rekne med overføringane til Enova, må det også leggast inn at kutta for klimainvesteringsfondet Nysnø har motsett effekt og altså førar til høgare utslepp.

– Auka overføringar til Enøk-tiltak for hushalda vil i alle tilfelle ikkje føre til lågare klimautslepp, berre lågare straumutgifter, seier han.

Tiltaka for vegtrafikken er han heller ikkje overtydd om at er betre med det nye budsjettforslaget.

– Det blir uansett dyrare å ha elbil som firmabil enn med vårt forslag. Innføring av eingongsavgift på varebilar er positivt, men det er ikkje råd å seie kor mykje dette vil bety.

Heller ikkje auka CO₂-avgift for oljeselskapa meiner Rotevatn nødvendigvis vil føre til lågare utslepp neste år.

– Dersom næringa utan problem vil kunne betale ei avgift, ikkje minst på grunn av høge råvareprisar, så vil ikkje avgiftsauken i seg sjølv å så mykje å seie for produksjonen. Høgare CO₂-avgift på sokkelen er fyrst og fremst viktig på sikt, seier han.

Kårar ingen grøn vinnar

Så er det store spørsmålet; kven av dei to klimapolitikarane har rett?

NRK har spurt klimaforskar Asbjørn Torvanger hos Cicero. Han vil ikkje ta på seg å vere overdommar for dei ulike budsjetta, men vurderer enkelte tiltak.

Klimaforskar og økonom Atle Torvanger ved Cicero

VIL IKKJE KÅRE VINNAR: Klimaforskar Atle Torvanger, Cicero

Foto: Privat

Han gjev Rotevatn rett i at deira avgiftsauke for drivstoff, ville ha ført til større utsleppskutt enn det budsjettet som no blir vedtatt.

Torvanger tvilar ikkje på sjølve reknestykka til SV, men synest det er for tidleg å slå fast sikkert.

Det er ikkje mogleg å seie noko konkret om kor mange tonn CO₂-utslepp dette budsjettet vil kutte neste år, seier økonom og klimaforskar Asbjørn Torvanger hos Cicero.

Rotevatn får også støtte for kritikken knytt til Enova-løyvingane.

Klimaeffekten av auka pengar til Enova vil ta meir tid og er meir usikker, seier han.

Heller ikkje det SV har fått gjennomslag for i oljepolitikken får godkjentstempel frå forskaren.

Det er nok lite CO₂-kutt å vinne på auka CO₂-avgift på sokkelen sidan denne effekten er teke ut før, slår Torvanger fast.

Cicero-forskaren peikar likevel på at nokre av tiltaka trekkjer i retning av meir kutt i klimautsleppa for 2022 enn i førre budsjettversjon. I tillegg til det SV nemner om vegavgiftene, nemner han:

  • 500 mill. kroner til kollektivtransport.
  • Oppretting av Bionova som skal støtte landbruk, skogbruk og havbruk med klimaomstilling.
  • Lage ein plan for tiltak som skal energi-effektivisere bygg. Og sikre at tilstrekkeleg Enova støtte til energieffektivisering av bygg går til hushalda
  • Låneordning for grøn skipsfart.

Likevel summerer opp han endringane som SV har fått til som minimale:

For klimapolitikken betyr budsjettforliket mindre justeringar av Ap og Sp sin tilleggsproposisjon til Solberg-regjeringa sitt statsbudsjett.

Vedgår usikkerheit

SV vedgår at dei lenar seg på usikre utrekningar for å forsvare budsjettavtalen.

Det er veldig vanskeleg å rekne ut dette nøyaktig utan at eit klimabudsjett er på plass, seier klimapolitisk talsperson Lars Haltbrekken (SV) til NRK.

Klimabudsjettet han siktar til, er eit verktøy for å måle kor mange tonn CO₂ eit politisk tiltak enten kuttar eller aukar utsleppa med.

Regjeringa slår fast i Hurdalsplattformen at eit slikt verktøy skal innførast, men det er ikkje på plass enno.

Kvifor skal staten bruke mykje pengar på klimatiltak som ein ikkje veit effekten av?

Vi er nøydde til å komme i gong med tiltak som vi veit kuttar utslepp, sjølv om vi ikkje veit på grammet kor mykje det kuttar neste år, seier Haltbrekken i SV.

LES MEIR: Det vil bare bli vanskeligere

AKTUELT NÅ