Kraftig kritikk av etterlønnsavtalen til tidlegare bompengesjef

Carl I. Hagen (Frp) og fleire andre politikarar i bystyret i Oslo kjem med sterk kritikk av etterlønnsavtalen til Anne-Karin Sogn i bompengeselskapet Fjellinjen.

Carl Ivar Hagen.

Carl I. Hagen (Frp) reagerer sterkt på etterlønnsavtalen til den tidlegare direktøren i bompengeselskapet Fjellinjen.

Foto: NRK

Tidlegare i dag vart det klart at Anne-Karin Sogn går av som administrerande direktør i Fjellinjen, og at ho får med seg 1,4 millionar kroner i etterlønn . Carl I. Hagen var raskt ute på Facebook med å fordømme avgjerda, og han lovde å ta opp saka politisk.

– Dette er galskap. Her er det ein leiar som har gjort mange feil og brote reglar. Likevel får ho behalde lønna si utan å måtte gjere noko. Dette er typisk for det raudgrøne byrådet, seier Carl I. Hagen til NRK i kveld.

– Styret bør gå

Han meiner at dersom det viser seg at styret har godkjent denne avtalen, og at avtalen er juridisk bindande, så bør både styreleiar og styremedlemene gå. Hagen seier han vil ta opp saka i samferdsle- og miljøkomiteen sitt møte onsdag.

Danny Chaudry.

Danny Chaudry er bystyrerepresentant og leiar for FNB i Oslo.

Foto: NRK

Carl I. Hagen seier han har reagert på fleire tilfelle der det raudgrøne byrådet har gitt solide fallskjermar til leiarar som ikkje har gjort jobben sin skikkeleg. Han minner om at Fjellinjen er eigd av Akershus fylkeskommune og Oslo i fellesskap, og han meiner det er heilt feil å bruke offentlege pengar til å betale ut etterlønn.

– Fortener ikkje etterlønn

Carl I. Hagen får full støtte frå Danny Chaudry, bystyrerepresentant og leiar for FNB, Folkeaksjonen nei til bompengar, i Oslo.

– Eg synest ikkje den avgåtte direktøren fortener etterlønn. Dette er bilistane sine pengar, seier han til NRK. Han trur ikkje det er for seint å reversere etterlønnsavtalen.

– Det er politikarane som bestemmer. Om dei kan sparke direktøren, så kan dei også stanse denne avtalen, seier han.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med byråd for næring og eigarskap i Oslo, Marte Scharning Lund (Ap) tysdag kveld.

Fjellinjen-direktør Anne-Kari gjekk av etter at ein rapport frå selskapet Deloite avdekt fleire kritikkverdige forhold. Fjellinjen har blant anna brote reglar for innkjøp og innleige. I tillegg var det for dårlege rutinar ved tilsetjingar i bompengeselskapet.

Bompengeselskapenes pengebruk: Millionlønninger, flyreiser til Australia, sprit og standup

Styreleiaren i Fjellinjen: – Dette skulle ikkje ha skjedd

Bomsjefen i Oslo hyret eks-kollega som konsulent – betalte millionhonorar uten anbud

SISTE NYTT

Siste meldinger