Hopp til innhold

Dramatisk dag på børsen etter kraftig fall

Rett før klokka 10 fall hovudindeksen på Oslo Børs kraftig. På det meste var fallet over 4 prosent. Også aksjehandelen i New York fekk ein uroleg start måndag.

Børsen i Oslo

OSLO BØRS: Hovudindeksen gjekk ned over 4 prosent.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Etter det følgde ein nesten like brå oppgang, og noko etter klokka 10 låg hovudindeksen på 1.209,32 poeng, ned 2,5 prosent.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea kallar børsfallet for eit lite mysterium.

– Marknaden fall plutseleg kraftig i Sverige utan nyheiter, så det kan vera nokon som har tasta feil, seier han til E24.

– Så på Oslo Børs er det nok ein smitteeffekt. Det er den einaste forklaringa eg har, legg han til.

Også ved dei toneangivande europeiske børsane i Frankfurt og Paris kom det brått eit fall rett før klokka 10. I London er børsen stengd måndag.

Algortimefeil

Også sjeføkonom i Swedbank, Harald Magnus Andreassen, seier børsfallet er følgje av ein algoritmefeil.

– Det var ein dataalgoritme som gjekk i spinn og som førte til det fallet, seier han.

Sjeføkonomen seier dei på terminologien kallar det «flash crash», noko som betyr at det er ein kortvarig, teknisk nedgang i marknaden.

Harald Magnus Andreassen i Swedbank i Oslo.

Harald Magnus Andreassen i Swedbank.

Foto: Lise Åserud

– Det kan til dømes vera ein som tastar feil på ein aksjeomsetnad. Då kallar vi det pølsefinger.

– Og så ser datamaskinene dette, finn prissignal og seier «sel» på alt det andre. Dette er automatisert. Normalt så fungerer det greitt, men no førte det til eit fall som slo gjennom over heile fjøla, legg Andreassen til.

Fryktar at moroa er over

Olav Chen i Storebrand seier at børsfallet er i forlenginga av den uroa vi har sett internasjonalt.

– Vi såg at dei amerikanske børsane fall kraftig på fredag, så når Oslo Børs opna i dag, utan at det hadde kome nokon særleg positive nyheiter, så følgjer dei europeiske og dei norske aksjemarknadane etter, seier han.

Olav Chen leder for allokering og globale renter i Storebrand

Olav Chen, leiar for allokering og globale renter i Storebrand.

Foto: Lise Eide Risanger / Storebrand

Chen seier det er stor uvisse internasjonalt, særskilt i USA, der inflasjonen har vore kjempehøg.

– Det er heilt klart at ein fryktar at moroa er over og at sentralbanken no må heva renta for å få ned inflasjonen, seier han.

Økonomen spår at vi framleis kjem til å sjå kraftige svingingar i aksjemarknadane.

– Aksjemarknadane likar ikkje at inflasjonen er høg, eller at sentralbanken no må stramma til for å bremsa økonomien, seier han.

Samstundes seier Chen at Oslo Børs er ein av marknadane som har klart seg relativt bra hittil i år som følgje av høg oljepris.

– Det er ikkje så lenge sidan at ein prata om «all time high» for Oslo Børs.

Endå større fall i Sverige

I Stockholm fall hovudindeksen på heile 8 prosent. Aksesjef Lars Söderfjell i Ålandsbanken seier det verkar som om nokon har gjort ein tastefeil.

– Nokon har lagt inn for stor volum eller hatt ei for låg grense, men det er framleis veldig mange spekulasjonar no, og alt får jo opp igjen. Det talar for at det var ein tastefeil, seier Söderfjell til nyheitsbyrået TT.

Les også Grunn til uro

Oslo Børs

Også i København var fallet rundt 8 prosent på det verste.

Investeringsøkonom Per Hansen i meglerhuset Nordnet seier som Harald Magnus Andreassen at fallet skuldast ein feil som igjen har utløyst generelle sal.

– Det mest sannsynlege er at det har skjedd ein feil, og at det er nokon som har aktivert ein salskurs på eit for lågt nivå. Dette set nokre automatiserte handlar i gang, forklarar han til NTB.

Ifølgje E24 har Nasdaq, som driv børsane i blant anna København og Stockholm, undersøkt bevegelsane.

Uroleg start i New York

Nasdaq stadfestar måndag kveld at børsfallet kom som følge av sal frå ein marknadsaktør. Det skal ha ført til at prisane falt kraftig i en kort periode.

E24 har snakket med fleire ekspertar som meiner det kan ha dreidd seg om ein tastefeil.

Seniorstrateg Maria Landeborn i Danske Bank seier at det kan ha vore aksjar i fleire hundre svenske selskap som vart seld til ein kurs som var for lav.

Aksjehandelen i New York fekk elles måndag ein uroleg start etter ein børsdag prega av dramatikk i Sverige, Noreg og fleire andre europeiske land.

Dow Jones-indeksen svinga opp og ned og hadde falt 0,5 prosent tidleg på ettermiddagen lokal tid.

AKTUELT NÅ