Kraftig brann i fleire bilar i Oslo

Det brann natt til søndag kraftig i fire bilar i Malerhaugveien på Ensjø i Oslo. På grunn av veldig mykje røyk vart folk bedne om å lukke dører og vindauge.

Bilbrann Ensjø, Malerhaugveien

Det var kraftige flammar og sterk varme då Oslo Brannvesen starta sløkkinga.

Foto: Alexander Jansen/DRM24

– Det er snakk om brann i fire bilar, og det brenn kraftig. Brannvesenet og politiet har kome til staden, sa operasjonsleiar Line Skott i politiet i Oslo til NTB i 1.15-tida.

Det vart òg meldt om fleire smell, truleg frå dekka som brann. Det var og fare for at brannen kunne spreie seg til andre parkerte bilar.

– Vi fekk mange telefonar om at det brann i fleire bilar, og vi sende fleire bilar til staden. Der var det full fyr i fire bilar og veldig mykje røyk, sa vaktkommandør Ola Klakegg i Oslo brann- og redningsetat.

Utbrente biler dekket med skum i Malerhaugveien på Ensjø i Oslo

Utbrende bilar dekka med sløkkeskum i Malerhaugveien i Oslo. No skal dei til teknisk undersøking.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Utbrende bilar

Brannvesenet hadde like før klokka 2 kontroll på brannen.

– Vi har slått ned flammane i alle fire bilane og startar no ettersløkking, fortel Klakegg.

Det var både ein elbil og ein hybridbil blant dei fire personbilane som brann. Dei er meir eller mindre utbrende, opplyser brannvesenet.

Dei første meldingane om brannen kom klokka 1.09, og det var både sterk varme og mykje røyk i området. Politiet og brannvesenet oppmoda derfor folk i området til å lukke dører, vindauge og ventilar for å unngå den giftige røyken.

Evakuerte på grunn av røyk

Dei som vart evakuerte på grunn av røykutviklinga har no fått vende heim igjen.

Det er førebels ikkje kjent kva som var årsak til brannane.

– Det er ingen vitne som har sett noko, eller funn på staden som tyder på at brannen er påsett. Bilane vert no taua inn til tekniske undersøkingar, seier operasjonsleiar Skott.

Laster kart, vennligst vent...

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger