Hopp til innhold

Kraftig auke i forbrukslån

I fjor auka forbrukslångjelda til Ola Nordmann med 12,4 prosent. Det viser tal frå Finanstilsynet. Gjeldsrådgjevarar blir no nedringt av fortvila nordmenn med betalingsvanskar.

Penger og bankkort

På seks år har det nesten vore ei dobling av forbruksgjeld. Gjeldsrådgjevarar blir no nedringt av fortvilta folk.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Aldri har telefonen hjå Gjeldsoffer-Alliansen ringt så mykje som den gjer no. I fleire tiår har leiar Bengt Scheldt hjelpt folk med betalingsproblem.

Bengt Scheldt

Leiar i Gjeldsoffer-Alliansen Bengt Scheldt fryktar eit historisk gjeldsnivå.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Vi er nesten oppunder taket i det vi kan klare å ta i mot.

Mange av dei som ringer og ber om hjelpt har fleire hundre tusen i forbrukslån.

– Eg fryktar vi skal gå i den same fella som på 90-talet. At folk betener bustadlån med kredittkort. Og då kan eg nesten sei med 100 prosent sikkerheit at den bustaden vil forsvinne, seier Scheldt.

Auke i betalingsmerknader

Vi tar opp stadig meir forbrukslån. I fjor var veksten på over 12 prosent. Det viser tal frå Finanstilsynet. Kreditt - og inkassobransjen ser at folk også slit med å gjere opp for seg. I dag er det omkring 230 000 personar som har betalingsmerknader. Det talet aukar.

Hanne Riksheim

Hanne Riksheim i Lindorff er bekymra for at talet på forbrukslån vil auke.

Foto: PRIVAT

– Vi er bekymra for at talet på betalingsmerknader vil auke og at dette vil slå ut på eit auka misleghald på sikt, seier Hanne Riksheim, juridisk direktør i Lindorff.

Ho er ekstern rådgjevar for gjeldstelefonen til NAV, 800Gjeld. Dei merkar pågangen.

– Frå 2015 og tal hittil i 2016 har det vore ein vekst på 74 prosent, så det er rimelege formidabelt, seier Riksheim.

Ho meiner nokon av dei som er ramma har vent seg til ein overdådig livsstil i dei gode, økonomiske tidene. Då kan det bli vanskeleg å kutte i tøffare tider.

Oljekrisa har slått inn

– Dette viser at det er ein auka bekymring frå folk flest. Ikkje berre dei med inkassogjeld. Dei som tek kontakt er bekymra for økonomien framover. Og ikkje minst så ringer det no inn folk frå regionar som er ramma av oljekrisa, fortel Riksheim.

Hjelpetelefonane opplever stadig at fleire frå Vestlandet tek kontakt. No etterlyser Gjeldsoffer-Alliansen politiske tiltak.

– Viss ikkje noko skjer frå politisk hald så vil det bli verre og verre. Viss nokon meiner at det er eit bra mål å få ein befolkning som er historisk mest forgjelda i dette landet, så får det vere opp til dei, seier Scheldt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger