NRK Meny
Normal

Eksplosjon av nettsider som viser seksuelt misbruk av barn

På dette tidspunktet er rundt 750.000 personar rundt om på kloden pålogga internett, på leit etter bilete eller video som viser overgrep mot born. Talet på nettstader som tilbyr dette har eksplodert etter 2006.

Illustrasjonsfoto overgrepsbilder av barn

I Noreg har Kripos innført eit filter som dagleg registrerer 15.000-16.000 forsøk på å opna nettsider som inneheld overgrepsmateriale av born.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Talet på nettsider som viser seksuelt misbruk av born har auka med nesten 60 prosent dei siste fem åra, syner ein heilt fersk rapport frå UNICEF.

I 2006 vart det identifisert 10.600 slike sider. I år er talet oppe i 16.700.

– Me i UNICEF har som oppgåve å verna om borna, og er ekstremt uroa over denne svært negative utviklinga, seier Truls Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i FN-organisasjonen.

750.000 på jakt

Dagleg blir det gjort mange hundretusen søk etter materiale som viser overgrep mot mindreårige. Til alle tider er 750.000 personar på jakt etter denne typen nettsider.

Minst 200 nye barneovergrepsbilete blir sett i sirkulasjon kvar dag, ifølgje ein rapport utgitt av FN-rådet for menneskerettar i 2009.

Kven er så desse personane, som med viten og vilje lastar opp og ned slike bilete av barneovergrep og bidreg til at den ulovlege industrien får leva vidare i det skjulte?

Ulike roller

I Noreg vart 13 personar nyleg arresterte, og fleire mistenkte etter at norsk politi aksjonerte på 19 forskjellige stader mot personar som skal ha delt filmar og bilete av overgrep mot born. Det er førebels ikkje identifisert nokon norske offer i sakene, opplyser Kripos.

Sakene kom fram i lyset som følgje av ein stor internasjonal aksjon i regi av Europol, som har ført til 112 pågripingar over heile Europa.

– Det er typisk for slike saker at fleire personar er involverte, fortel seniorrådgjevar i Seksjon for førebygging og kriminalitetsmotkjemping i Politidirektoratet, Liv Hilde Birkelund.

Personane som bevisst oppsøkjer nettstader og nettverk som inneheld overgrepsmateriale av born, er ikkje ei homogen gruppe. Dei har dessutan ulike «roller», blant anna som produsentar, konsumentar, distributørar, overgriparar og pedofile.

Fildelarane er ikkje nødvendigvis barneovergriparar, men barneovergriparane er ofte også med i slike fildelingsnettverk. Statistisk sett har dei fleste gjerningsmenn som blir arresterte for mishandling eller seksuelle overgrep av born også ei betydeleg samling overgrepsmateriale, ifølgje FN.

Ofte blir sjølvproduserte bilete eller videoar av overgrep mot eigne born nytta som inngangsbillett til større fildelings-nettverk.

Illustrasjonsfoto

Materiale som blir beslaglagt av politiet viser stygge overgrep mot born i alle aldrar - også mot spedborn.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Har ikkje statistikk

Ungar i alle aldrar, inkludert spedborn, blir utnytta på grovt vis, fotograferte og eksponerte på nettet. Heile 73 prosent av offera er mellom eitt og ti år, syner den nye UNICEF-rapporten.

– Det er ei enorm utfordring å identifisera desse borna. Bileta blir ikkje akkurat tekne framfor Eiffeltårnet eller Holmenkollbakken. Det er viktig å finna offera, både for å gje dei oppfølging og for å få slutt på overgrepa, seier Brekke i UNICEF.

Minst åtte av ti fildelarar har bilete av born i aldaren 6-12 år, medan to av ti har fotografi av små born som er under tre år gamle, kjem det fram i FN-rapporten frå 2009.

Ettersom det er ulovleg å ha og å dela overgrepsmateriale, er det vanskeleg å vurdera kor mange born som er offer for distribusjonen. Anslaga varierer frå 10.000 heilt opp til 100.000 born.

Påtalemakta i Noreg har ikkje spesifikk statistikk på straffesaker eller politimelde saker som omhandlar barneovergrepsmateriale. Slike saker blir registrerte i den meir generelle kategorien «pornografi via data» i Straffesaksregisteret.

Denne kategorien omfattar også blant anna støtande, seksuelle skildringar med bruk av vald, tvang, lik og dyr.

– Toppen av eit isfjell

Til og med november i år hadde politiet fått inn 81 politimelde saker i denne kategorien, mot 48 på same tid i fjor. Statistikken frå dei siste sju åra viser likevel stabile tal (sjå tabellen under).

Desse tala viser likevel berre toppen av eit isfjell. Omfanget av bilete og video av barneovergrep, og ulovleg pornografi på data, er truleg langt større enn det statistikken gjev uttrykk for, ifølgje Politidirektoratet.

– Mørketala er truleg høge. Me veit lite om det reelle omfanget når det gjeld innehav og spreiing av denne typen materiale, seier Birkelund.

Pornografi via data - politimelde saker 2005-2010

Pornografi via data

År

Politimelde saker

2005

82

2006

77

2007

84

2008

77

2009

86

2010

61

2011

81 (per nov.)

Kjelde: Politidirektoratet

18 tiltak i Faremo-rapporten

I 2006 fekk ei arbeidsgruppe i oppdrag frå Justisdepartementet å koma med forslag til tiltak for blant anna å førebyggja at bilete av overgrep mot born blir distribuerte på nettet. Resultat var den såkalla Faremo-rapporten frå 2007, som skisserer opp i alt 18 tiltak.

Meir forsking, direkte rapportering til politiet (raud knapp), tipsmottak, virtuell politistasjon, styrka samarbeid og eksportering av eit norsk filter til styresmakter i andre land, er nokre av forslaga i rapporten.

I Noreg har Kripos teke i bruk dette filteret på mange av nettstadene dei veit inneheld framstillingar av born som blir misbrukte.

Ved hjelp av filteret blir brukaren nekta adgang til desse ulovlege nettsidene, og i staden omdirigert til ei «stopp-side» med informasjon om at innhaldet på sida dei har oppsøkt er straffbart.

Atle Roll-Matthiesen

Mange av dei som hamnar på ulovlege nettsider har forvilla seg inn dit, eller er nyfikne, fortel Atle Roll-Matthiesen i Kripos.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy
15.000 dagleg i Noreg

Talet på sidetilvisingar til denne stopp-sida har dei siste åra lege på om lag 15.000-16.000 per dag i Noreg. Kripos understrekar at det er ikkje alle som hamnar på stopp-sida som med viten og vilje har etterspurt det ulovlege materialet.

– Mange unge er nyfikne og dumdristige. Dei surfar på nettet og søkjer på sexrelaterte tema som kan føra dei til sider med barneovergrepsmateriale, seier avdelingsleiar i Kripos, Atle Roll-Matthiesen.

Han påpeikar at filteret ikkje kan utrydda denne typen lovbrot på nettet.

– Filteret er eit viktig førebyggjande element, men ingen garanti for at slike sider blir sperra, seier Roll-Matthiesen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger