Hopp til innhold

Køyrde båt med promille – kameraten omkom

Thomas Guttormsen opplevde marerittet på sjøen. Under ein nattleg båttur saman med to kameratar, og med promille i blodet, køyrer han den hurtiggåande opne båten på eit skjer. Den eine kameraten misser livet.

Thomas Guttormsen opplevde marerittet på sjøen.

VIDEO: Køyr aldri båt med promille!

Det var ei mørk oktobernatt i skjergarden utanfor Tjøme i 2014. Det gjekk regnbyer i området, og det var dårleg sikt. Den erfarne båtføraren Thomas Guttormsen og dei to kameratane hadde kosa seg med god mat og drikke ut over kvelden, før dei la ut på sjøen.

Thomas Guttormsen.

Thomas Guttormsen er vakse opp ved sjøen og er ein erfaren båtførar. Likevel ramma ulukka.

Foto: NRK

Thomas navigerte etter fyrlyktene i området. Så vurderte han feil avstand til Kongsholmen fyr, og båten sneia skjeret fyret står på. Kameraten fall ut av båten og slo hovudet i skjeret. Dei fekk han raskt opp igjen, men det var ikkje mogleg å berge livet hans.

Ein sakkunnig har vurderte farta til 24 knop (44 km/t).

Skam og skuldkjensle

– Eg skammar meg og er utruleg lei meg for det som skjedde. Eg har masse skuldkjensle. Ikkje berre for meg sjølv, men for familiane rundt. Borna våre er også vener. Eg må leve med dette resten av livet. No vil eg åtvare andre. Vi må bli meir bevisste på kor farleg promille på sjøen er, seier han til NRK.

Han vart dømd for aktlaust drap, og han er no snart ferdig med soninga av fengselsstraffa på 12 månader. Han veit at han aldri kjem til å køyre båt med promille igjen, men han håpar at den tragiske historia hans skal vere med på å endre haldningar til alkohol og båtkøyring.

Utrykning til båtulukke i oktober 2014.

Det var i oktober i 2014 at den dramatiske ulukka skjedde i skjergarden utanfor Tjøme.

Foto: NRK

– Eg vart kurert den natta, og eg har endra meg også på andre måtar. Eg håpar at eg har blitt eit betre menneske. Eg unner ingen å oppleve det eg har opplevd. Eg vil at folk skal kose seg på sjøen i den fantastiske skjergarden vår, men gjer det i edru tilstand. Ta det med ro og bruk redningsvest, seier han.

Guttormsen meiner at dei som køyrer hurtiggåande båtar og vasskuter også bør bruke hjelm. Han etterlyser også betre merking og modernisering av fyrlyktene.

– Gammal kultur

Olav Falk-Pedersen er leder i Tjøme Røde Kors Hjelpekorps.

Olav Falk-Pedersen er leiar for hjelpekorpset i Tjøme Røde Kors. Dei har rundt 150 oppdrag på sjøen i året.

Foto: NRK

Leiar for Røde Kors hjelpekorps på Tjøme, Olav Falk-Pedersen, fortel at dei frå basen sin i Vrengensundet har rundt 150 oppdrag i løpet av eit år, dei fleste om sommaren.

– Vi ser at det blir stadig fleire opne, hurtiggåande båtar, og det er ingen tvil om at det blir fleire skadar når det skjer ulukker med slike båtar. Det er mykje elektronikk i nye båtar, og folk har ein tendens til å stole litt for mykje på elektronikken, seier han.

Pedersen er klar på at det viktigaste for ein båtførar er å vere edru og observant. Han trur årsaka til at så mange køyrer båt med alkohol i blodet har bakgrunn i gamle haldningar.

– Før i tida var det ikkje uvanleg at folk tok seg nokre øl når dei var ute med snekka. Men no går det mykje fortare, og mange manglar kunnskap om det å ferdast på sjøen, seier hjelpekorpsleiaren.

AKTUELT NÅ