Hopp til innhold

Forbrukerådet: Ikkje prioriter ferieplanlegging no

UD sine reiseråd gjer det lettare å få att pengar på forsikringa.

Tvo turistar i Hanoi

UT PÅ TUR?: Desse to turistane i Hanoi valte å ikkje avlyse ferien til Vietnam.

Foto: NHAC NGUYEN / AFP

Forbrukarrådet anbefaler folk om å ikkje planlegge feriar slik situasjonen er no.

– Det er ein uoversiktleg situasjon, og det er ikkje ferieplanlegging som nødvendigvis bør prioriterast i den krisa vi er inne i no, svarar Caroline Skarderud.

Ho er jurist i Forbrukarrådet og fortel om auka pågang frå personar som lurer på kva rettigheiter dei har ved reise som følgje av Regjeringa sine nye tiltak mot koronaviruset.

Skarderud oppmodar folk til å gjere som styresmaktene seier.

– Og det er å sitte stille i heimen din, ta vare på deg og dine og ikkje spreie smitte, svarar Caroline Skarderud.

Men har eg rett på å få reisa refundert?

Fleire forsikringsselskap har gjort det lettare for sine kundar å få tilbake tapte pengar på reiseforsikringa på grunna av det nye koronaviruset.

Før du får att pengane vil dei be deg om å sjekke kva du kan få refundert frå reisa før du kjem til dei.

Dette er det du vil få att:

– Du har i utgangspunktet ikkje rett på å få pengane att frå planlagde hotell eller flyreiser viss du sjølv ønsker å avbestille, med mindre det står i vilkåra, seier Caroline Skarderud i Forbrukerrådet.

Ho understrekar at ein må skilje mellom kven det er som avbestiller, om det er du sjølv eller arrangøren.

– I begge tilfelle er det vilkåra du må sjå på. Om det blir ei avlysing av et arrangement, må du også sjekke vilkåra for kjøpet. Har arrangøren tatt atterhald om refusjon ved ekstraordinære forhold utanfor selskapets kontroll, vil retten til billettrefusjon kunne vere tapt, forklarar Skarderud.

– Vi oppfordrar forbrukarane i alle samanhengar til å vere tolmodige og følge med på arrangørens nettside, anbefaler ho.

Vert ei flyreise innstilt har du likevel alltid rett på å velje mellom refusjon av billettkostnaden eller å booke om reisa, understrekar Skarderud.

Meir godvilje frå flyselskapa

Må ein sjølv avlyse ei flybillett utan moglegheit for avbestilling oppmodar juristen likevel folk til å kontakte flyselskapet dei skulle reise med. Fleire flyselskap er no meir fleksible i møtet med kundar grunna situasjonen rundt det nye koronaviruset.

– Ein del flyselskap har opna for avgiftsfrie ombookingar no, slik at du kan utsetje reisene til eit seinare tidspunkt. Sjekk kva slags informasjon du får på nettsida til flyselskapet, oppmodar Skarderud.

Å avbestille overnatting på hotell og utleigetenester kan og bli vanskeleg om dette ikkje var opna for det i vilkåra når du bestilte reisa.

Særs gode avbestillingsvilkår for pakkereiser

For dei som må avbestille pakkereiser er det betre moglegheiter for å få pengane tilbake.

– Ved pakkereiser har du allereie gode avbestillingsmoglegheiter. Har du bestilt ei tradisjonell pakkereise, kan du avbestille og få tilbake pengane, viss reisa går ein stad Utanriksdepartementet (UD) rår mot å reise til, seier Skarderud.

Du kan ved tradisjonelle pakkereiser uansett avbestille mot et avbestillingsgebyr.

– Gebyret blir større jo nærare reisetidspunktet du kjem, opplyser Skarderud.

Reiseforsikring

Tryg er blant forsikringsselskapa som no følgjer reiseråda til Utenriksdepartementet og dekkjer avbestilling av reiser til alle land med avreise til og med 14. april 2020.

Dei har hatt betydeleg auke i pågangen av bekymra kundar dei siste dagane, fortel pressesjef Ole Irgens.

– Fredag hadde vi tusen saker om dagen der folk ringer til oss og har ein eller anna førespurnad om reisa sin, dei fleste går truleg ut på avbestilling, det er dobbelt så mange som normalt, seier han.

AKTUELT NÅ