Hopp til innhold

Store forskjellar mellom by og land på korleis korona har påverka skulekvardagen

Elevar og lærarar i Oslo-området har hatt det ganske annleis enn resten av landet. I dag legg Guri Melby 266 millionar kroner på bordet for å ta igjen noko av det tapte.

Skolene gjennåpner 27. april

Tomme pultar betyr auka utgifter og kanskje også dårlegare læringsutbytte.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

– Me får mange, og veldig varierte, tilbakemeldingar. Det går i all hovudsak i at dette skuleåret har vore eit tapt skuleår, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs.

Koronaviruset har hatt ganske så ulike utslag rundt om i landet.

Medan mindre skular i distriktet som oftast har hatt ein normal kvardag, så har elevar og lærarar i ein del meir tettbygde strøk gått frå utfordring til utfordring,

Ein fersk nasjonal oversikt gjev ein peikepinn på korleis pandemien har påverka norske elevar og lærarar ulikt.

Store forskjellar på tvers av landet

60 prosent av grunnskulane i Oslo har halde stengt, eller delvis stengt, sidan nyttår. I Viken er det same talet 45 prosent, mens gjennomsnittet for heile Noreg er 25 prosent.

Leiaren i Elevorganisasjonen seier at elevar rundt om i landet fortel om stress og dårlegare læringsutbyttet som følger av stengde skular og stadige regelendringar.

– Dei går glipp av mykje læring, og det at mange går glipp av sosiale kontakt er spesielt øydeleggande for mange menneske, seier Botterli Udnæs.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) seier mykje er gjort for å halda skulane opne.

Ho seier dei muterte virusvariantane har gjort denne våren til den tøffaste perioden i koronaperioden.

Heimeskule dårleg for mange

– For nokre elevar er heimeskule ei svært dårleg løysing. Det er klart at det er nokon som burde fått vera på skulen den tida den var stengt og som ikkje fekk det, kanskje fordi ein ikkje fekk tak i dei. Derfor må vi no i tida framover fokusere på dei alle mest sårbare, seier Melby til NRK.

I regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett i dag, ligg det 266 millionar kroner som skal brukast til å ta igjen noko av det elevane mista under pandemien.

– Dette skal gå til arbeid med tapt progresjon og tapt læring, og er ei satsing som eg trur vi må halda fram med i lang tid framover. Eg trur denne våren blei tøffare enn mange såg for seg, særleg i Oslo og ein del kommunar i Viken.

Planen var å halda raudt nivå i korte periodar, men ein enda opp med å bruke det over ganske lang tid.

– Det er klar at det går på ut over læring. Det går også ut over trivsel, og gjer at det er ein mykje tøffare kvardag for mange unge, så dette har blitt eit svært krevjande skuleår, seier Melby.

Pandemien fører ikkje berre til stengde skular, men også elevar som må halde seg heime sjølv om skulen er open. Anten fordi dei sjølve er pjuske, eller fordi dei er i karantene etter at ein medelev har testa positivt.

Korona-åpning av skolene for de yngste

Ved Vikåsen skole i Trondheim var dei klar til å opne skulen att i april i fjor. Trønderane har kunne halde skulane meir opne enn i Oslo-området.

Foto: Gorm Kallestad

Auke sidan i haust

Utdanningsdirektoratet har plukke ut ei tilfeldig veke dette semesteret, veke 10, og sett på forskjellar på sjukefråvære på tvers av fylke. Også i denne statistikken skil Austlandet seg ut i negativ retning.

Totalt var det 102.000 elevar som hadde minst ein dag med fråvære i veke 10. Om ein samanliknar med veke 39 i september i fjor, så er det ei auke på heile 40 prosent.

Den gong var smitta i Noreg ganske låg. Den andre smittebølga starta først i oktober, og sidan den gong har altså koronaviruset påverka norske elevar sin kvardag i langt større grad.

46 prosent av fråværet til norske elevar er «koronarelatert». Det betyr anten at elevar har vore sjuke med korona, dei har hatt symptom på korona eller er i karantene fordi ein nærkontakt har fått påvist korona.

Endå meir fråvære blant lærarar

Lærarane er på ingen måte skjerma dei heller. Også her var auka på rundt 40 prosent, samanlikna med september 2020. Og sjukefråveret blant lærarane er større enn blant elevane, men dei geografiske skilnadane er ikkje like store som blant elevane.

Fråværet blant lærarar fører til eit høgare vikarbruk i fylka med mest smitte, og 76 prosent av skulane seier i undersøkinga at dei har hatt utfordringar med å skaffe vikarar.

_OgbSZUiHaw

Nordstrand Steinerskole er ein av mange Oslo-skular som ligg i eit område der fleire skular har vore stengde og fråværet vore høgare. Biletet er frå dagen då skulane opna opp att etter første smittebølge i fjor vår.

Foto: Heiko Junge / NTB

Dette fører til at ukvalifisert personell går inn i undervisinga. 41.554 dagsverk har måtte bli erstatta mellom 4. januar og 12. mars, og bere 24 prosent av desse har blitt erstatta av kvalifiserte lærarar.

Dei som oftast erstattar lærarar er personar i assistentstillingar, fagarbeidarar og personale frå skuleleiinga.

Auka utgifter

Undersøkinga viser også at mange skular har hatt auka utgifter gjennom pandemien. Det er spesielt løn til vikarar, nytt utstyr og meir reingjering som fører til auka kostnader.

Statistikken viser også at det er elevar på mellomtrinnet og ungdomsskulen som har hatt mest heimeundervising. Småskulen er i større grad skjerma.

Pandemien har også gitt noko redusert tilbod for elevar med spesialundervising og særskild språkopplæring.

AKTUELT NÅ