Hopp til innhold

Kontrollkomiteen vil undersøka om svaret til Solberg er tilstrekkeleg

I staden for å legga alle korta på bordet, meiner Raudt at Høgre og Erna Solberg kjem med «regimessige triks».

Redegjørelse om koronasituasjonen

REGISSERTE TRIKS: Medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget Seher Aydar (R) meiner Erna Solberg ikkje lenger kan lena seg på at ho var uvitande inhabil.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Til og med når kontrollkomiteen ber ho om noko så enkelt som ei skriftleg forklaring, skal det sveivast i gang eit sirkus for å kontrollera flyten av informasjon, meiner Seher Aydar, Raudts medlem i kontroll- og konstitusjonskomitéen på Stortinget.

Onsdag kveld fekk komiteen det skriftlege svaret frå Høgre-leiar Erna Solberg om habiliteten hennar knytt til ektemannen sine aksjekjøp.

«Det er svært vanskeleg å gjøre anslag på hvor mange saker jeg kan ha vært inhabil i,» skriv Solberg i forklaringa.

Les også Erna Solberg om oljeskattepakken: – Jeg vil ikke utelukke at jeg var inhabil

Aydar meiner Solberg har eit forklaringsproblem.

– Ho visste at familieøkonomien hennar sat på Hydro-aksjar for 180.000 kroner. Embetsverket gav ho ei konkret åtvaring om Hydro allereie i 2013. Det brydde ho seg ikkje noko om. Det verkar som ho ikkje er interessert i å ta ansvar nå heller, seier Aydar.

Solberg kan ikkje lena seg på at ho er «uvitande inhabil», meiner Aydar.

Ho viser til at den tidlegare statsministeren innrømmer at ho visste ein heil del og burde ha vurdert habiliteten sin.

– Eg har gjentatte gonger bedt Erna Solberg og Høgre legga alle korta på bordet, men frå den kanten har det mest kome regimessige triks.

Erna Solberg vil først kommentera den skriftlege forklaringa si til NRK i morgon.

– Understrekar kor dramatisk saka er

SVs representant i kontrollkomiteen, Audun Lysbakken, seier Solberg har levert ei ærleg og grundig forklaring.

– Dessverre understrekar forklaringa kor dramatisk saka er, seier Lysbakken.

Han seier forklaringa gir grunn til å tru at statsministeren var inhabil i svært viktige politiske avgjerder.

Åpen høring på Stortinget om 25. juni-rapporten

Medlem av kontrollkomiteen på Stortinget, Audun Lysbakken, meiner forklaringa til Solberg viser kor alvorleg saka er.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Sjølv om Erna Solberg har blitt lurt, viser svaret at hennar første forklaring la for lite vekt på det ho sjølv kunne og burde gjort, seier Lysbakken.

– Ho er nå tydeleg på at ho kunne og burde spurt meir og innrømmer at skattemeldinga for 2020 burde fått ho til å sjekka nærare.

Førre veke la Solberg og Finnes fram skattemeldingane sine for perioden Solberg var statsminister. Dei to har felles økonomi. Frå 2018 til 2020 hadde formuen til Finnes stige med 2,11 millionar kroner.

– Det er god grunn til å stilla spørsmål ved om Erna Solberg kunne haldt fram som statsminister dersom dette hadde blitt kjend før 2021, seier Lysbakken.

Vil undersøka om det er tilstrekkeleg

– Til sjuande og sist er det berre Erna Solberg sitt ansvar å skaffa seg tilstrekkeleg informasjon til å vurdera sin eigen habilitet, seier Frp-nestleiar Hans Andreas Limi.

Han meiner det er grunn til å spørja kvifor Solberg ikkje gjorde meir for å skaffa full oversikt over omfanget av ektemannen sine aksjekjøp.

Grunde Almeland

Saksordførar i kontrollkomiteen på Stortinget, Grunde Almeland (V), seier komiteen vil vurdera om svaret til Solberg er tilstrekkeleg.

Foto: William Jobling / NRK

Leiar for den pågåande kontrollsaka i kontrollkomiteen, Grunde Almeland (V), seier svaret er eit godt utgangspunkt for arbeidet vidare, men legg til at dei må vurdera om det er tilstrekkeleg.

– Om me i tilstrekkeleg grad veit, og om dette gir oss eit bilde på, kor god Erna Solberg har vore på å handtera sin eigen habilitet, seier Almeland.

Nestleiar i kontrollkomiteen, Frode Jacobsen (Ap), seier svaret til Solberg viser at det både var store og eit betydeleg omfang av saker der ho var inhabil medan ho var statsminister.

– Det betyr at det er gjort avgjerder i saker medan ho var statsminister der det burde vore sagt at ho var inhabil, og det er alvorleg at ein statsminister ikkje har kontroll over eigen habilitet, seier Jacobsen til NRK.

Han seier dei vil setta seg grundig inn i svaret og sjå om det er behov for fleire spørsmål.

Meiner habilitetsvurdering blir vanskeleg

I svaret peika Solberg på to konkrete saker der habiliteten hennar burde vore vurdert:

  • Behandlinga av oljeskattepakken i 2020
  • Behandlinga av finansskatten i 2018

Til TV 2 seier Solberg at det ho seier i brevet er at det er to ulike habilitetsforhold.

Les også Disse avgjørelsene tok Solberg, da Finnes spekulerte på børs

Erna Solberg, stortingsvalget 2013

Det eine er det ho visste og har gjort greie for korleis ho har handtert. Det andre er det ho ikkje visste, som er den delen av handelen Solberg seier ho ikkje hadde kontroll over.

– Den siste delen har medført at eg har fleire habilitetsutfordringar, seier Solberg til nyheitskanalen.

Den tidlegare statsministeren meiner det blir vanskeleg å gjera ei habilitetsvurdering i ettertid.

– Det som er heilt klart er at det i alle fall ikkje påverkar vedtaket si gyldigheit. Det blei fatta i Stortinget med stort fleirtal, seier Solberg til TV 2.

Nobels fredspris 2022

Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes i Oslo Rådhus før utdelinga av Nobels fredspris i 2022.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Ektemannen Sindre Finnes handla aksjar i statseigde Equinor november 2019 til juli 2020. Våren 2020 investerte han også i Aker BP.

Oljeskattepakken som skulle hjelpa oljeselskapa då oljeprisane stupte under pandemien blei vedtatt av Stortinget i juni 2020.

Erna Solberg var statsminister frå 2013 til 2021. I same periode gjorde ektemannen hennar, Sindre Finnes, over 3600 aksjehandlar i norske selskap.

AKTUELT NÅ