Hopp til innhold

NHOs konkurrentar stiller lønskrav til NHO

Arbeidsgivarorganisasjonane Virke og Samfo meiner NHO må kome dei streikande i møte, og gi dei den same løna som i varehandelen elles. Sidan måndag har tilsette i 54 bedrifter vore i streik.

Streik Handel og Kontor

Både blomsterbutikkar og bakeri er utsette for streik. Her frå butikken Blomsterdekor i Bergen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Så langt er 239 medlem av Handel og Kontor tekne ut i streik. Dei streikande jobbar stort sett i mindre bedrifter, gjerne familiedrivne butikkar. Gullsmedar, blomsterbutikkar og bakeri er blant dei som er råka av streiken.

Kravet til Handel og Kontor er at løna i tariffavtalen skal opp på same nivå som løna som Virke gir. Og no får Handel og Kontor støtte frå både Virke og Samfo som legg press på sin konkurrent NHO.

Pål Skarsbak

Forhandlingsdirektør i Virke, Pål Skarsbak, meiner NHO må gi arbeidarane dei same lønsvilkåra som det Virke gir.

Foto: NRK

– Det er ikkje vår oppgåve å kommentere ei pågåande konflikt, men Virke har tidlegare teke til orde for at det må vere like løns- og arbeidsvilkår i bransjen, seier forhandlingsdirektør i Virke, Pål Skarsbak til HK-nytt.

Avtalen som Virke har med sine arbeidstakarar er den rådande i varehandelen. Denne omfattar i stor grad større konsern og bedrifter innan varehandelen. Skarsbak meiner Virke og NHO sine avtaler bør harmoniserast.

– Slik me har forstått dette, så har desse avtalen høgst ulike verknadsområde. Om det er slik at dei to avtalane fungerer i det same området, så er harmonisering i høgst gras ønskjeleg, seier han.

Han får støtte frå Torgeir Kroken, som er administrerande direktør i arbeidsgivarorganisasjonen Samfo.

– Lønsskilnadane mellom NHOs butikkoverenskomst og HKs avtaler med oss og Virke har fått utvikle seg over tid. Det er ei utfordring om det skal halde fram. Det er viktig at det er like konkurransevilkår i bransjen, seier Kroken til HK_nytt.

Han synest det er underleg at ikkje Handel og Kontor har fått utlikna lønsskilnadane i varehandelen tidlegare, og forstår at dei no har tydd til streik.

AKTUELT NÅ