Hopp til innhold

Kongen møtt av dystre klimafakta i Antarktis

DRONNING MAUD LAND (NRK): Stadig meir av isen i Antarktis forsvinn i havet og bidreg til at havnivået stig. Forskarane presenterte dystre fakta for konge og statsrådar då dei blei viste rundt på forskingsstasjonen Troll.

Forskningsutstyr til Troll

Kongen og følgjet hans fekk onsdag omvising på Troll, og fekk høyre siste nytt om korleis klimaendringane kan merkast her. Frå regjeringa fekk tiårsjubilanten Troll ein ny radar i gåve.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kongen og følgjet hans kom til Troll i går kveld, etter å ha kryssa Sørishavet frå Cape Town i Sør-Afrika. I dag var det tid for omvising på den norske forskingsstasjonen i Dronning Maud Land.

I strålande ver fekk kongen gjere seg kjend med området, og det forskingsarbeidet som finn stad her. Saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H), justisminister Anders Anundsen (Frp) og resten av delegasjonen fekk kongen høyre korleis isen i Antarktis minkar og påverkar havnivået i verda.

– Den isen som kjem frå innlandsplatået og flyt ut over havet, kjem i kontakt med havvatn som i dag er varmare enn tidlegare. Dermed smeltar isen, og verdshava blir tilført ferskvatn som får havnivået til å stige, fortel direktør for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.

Forureining frå Amazonas

Også på NILU sin luftmålestasjon ved Trollhaugen fortalde vitskapsfolk om dystre funn. Spor etter skogbrenning i Amazonas var noko av det fyrste dei målte her.

Kong Harald fikk onsdag en omvisning på NILU-stasjonen i Antarktis under sitt besøk på Troll.

Kong Harald på NILU-stasjonen i Antarktis. Til høgre: Seniorforskar Chris Lunder NILU.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Dei store versystema fraktar forureininga heilt hit – til område som er svært sårbare med tanke på slik forureining, fortel seniorforskar Chris Lunder i Norsk institutt for luftforskning (NILU).

Gåve til jubilanten

– Vi forstår ikkje alt, og det er ikkje alt som gjev utslag som forventa. Men i det store biletet, så er altså dette eit kontinent som er utsett for global oppvarming, og som har ein påverknad som går langt ut over denne regionen, seier Jan-Gunnar Winther.

I går kveld landet Kong Harald i Dronning Maud Land. Under det to døgn lange besøket får han presentert regjeringens planer for stortingsmelding om Antarktis. Det er 76 år siden forrige gang Norge gikk gjennom sørområde-politikken

Kongen landa i Antarktis i går kveld.

Det er bursdagsfest i Dronning Maud Land. Kongens besøk har kome i stand i samband med at det er ti år sidan Troll blei opna som heilårsstasjon.

Frå regjeringa får jubilanten ei gåve han treng. Statsråd Tine Sundtoft overrekte i dag ein ny radar som forskarane på Troll kan bruke til å finne fleire svar på korleis klimaendringane påverkar Antarktis.

AKTUELT NÅ