
Informasjonssjef på Slottet, Wenche Rasch kunne i dag ikkje fastsetje meir nøyktig når kongen blir skriven ut frå sjukehuset. (Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix)
Informasjonssjef på Slottet, Wenche Rasch, sa i går at kongen kom til å bli på sjukehuset nokre dagar inn i denne veka.
I dag kan ho overfor NTB ikkje fastsetje meir nøyktig når han blir skriven ut.
Infeksjon
Kong Harald blei innlagd på Rikshospitalet laurdag til behandling for ein urinvegsinfeksjon.
Kongen blei 8. desember operert for kreft i urinblæra, og har fått ny urinblære.
Ikkje uvanleg
Det er ikkje uvanleg at pasientar som har gått gjennom operasjonar i urinvegen får slike infeksjonar.
Frå Slottet er det påpeka at det ikkje er noko dramatisk i at dette har oppstått.