Kongen på veg inn på Rikshospitalet då han skulle leggjast inn sist måndag. (Scanpix-foto)
Kongen er oppe av senga fleire gonger kvar dag. Han er i full gang med opptrening etter hjarteoperasjonen sist fredag.
Denne treninga starta alt dagen etter, opplyste legane i helga.
Fredag gjekk kongen gjennom ein større hjarteoperasjon. Han fekk operert inn ein ny hjarteklaff, og det vart også utført ein bypass-operasjon.
Kong Harald er 68 år gammal, og legane har tilrådd at han trappar ned på det harde arbeidsprogrammet sitt når han blir friskmeld.
Kronprins Haakon er regent medan kongen er sjukmeld, og utfører kongen sine offisielle plikter.