Hopp til innhold

Kongefamilien klar for julefeiring

Kongen og dronninga feirar jula på Kongssetra i år, medan kronprinsparet reiser til hytta i Uvdal i Buskerud.

Julefotografering på Slottet 2019.

Kongefamilien samla for fotografering på Slottet. Framme Kong Harald og dronning Sonja. Bak frå venstre kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra, kronprins Haakon og prins Sverre Magnus.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Ifølgje Slottet skal kongeparet feire jul på Kongssetra saman med prinsesse Märtha. Kongssetra er kongeparet sin private eigedom på Voksenkollen i Oslo. Kongeparet vil 1. juledag vere til stades under gudstenesta i Holmenkollen kapell.

Måndag var familien samla til den årlege julefotograferinga i Den raude salongen på Slottet.

Julefotografering på Slottet 2019.

Frå venstre kong Harald, kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra, kronprins Haakon, prins Sverre Magnus og dronning Sonja beundrar peparkakehuset som borna på Fridheim barnehage i Oslo har laga.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Dei siste åra har kronprinsfamilien veksla mellom å feire jul på Kongssetra, Skaugum og hytta i Uvdal. Dei kjøpte hytta på Fjellsnaret i Uvdal i 2007.

I dagane før jul skal kronprinsparet besøke barneavdelinga ved Drammen sjukehus. Dronning Sonja har i mange år hatt som tradisjon med ein førjulsvisitt ved ein institusjon eller hos ein organisasjon som ikkje til vanleg får kongelege gjester.

I år besøkte dronninga Bredtvet kvinnefengsel sist veke. Under besøket fekk dronninga ein presentasjon av fengselet og deira verksemd. Ho fekk også omvising ved fengselet, og ho møtte også innsette, melder NTB.

Julefotografering på Slottet 2019.

Kronprinsesse Mette-Marit og prinsesse Ingrid Alexandra.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Julefotografering på Slottet 2019.

Kongefamilien fotografert ved julegrana.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Julefotografering på Slottet 2019.

Kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra og kronprins Haakon ser på peparkakehuset.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

AKTUELT NÅ