Hopp til innhold

Kong Harald innlagt på Rikshospitalet

Kong Harald er innlagt på Rikshospitalet med ein infeksjon. Tilstanden er tilfredsstillande, blir det meldt på kongehuset.no.

Kong Harald på Sametinget

Kong Harald då han heldt tale i Sametinget nyleg.

Foto: Samuel Frode Grønmo / NRK

Det heiter også at kong Harald er i betring. Det blir ikkje opplyst kva type infeksjon han er ramma av. Han vart innlagt sist fredag.

Assisterande kommunikasjonssjef Sven Gjeruldsen seier til NRK at kongen har avlyst programmet sitt for i morgon måndag, men at tilstanden er i ferd med å betre seg.

I morgon skulle han møte sjefen for Sjøforsvaret, og han skulle også møte representantar for Nasjonalt åndeleg råd for bahá'íar. Han skulle også ha møtt brigader Jon Morten Mangersnes og leiaren for den norske Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen.

Kongen fylte 80 år 21. februar i år. Han har hatt eit aktivt program den siste tida. Han har blant anna møtt menneske som var ramma av flaumen på Sørlandet , og han deltok på Forsvarets minnedag.

10. november deltok han i den offisielle mottaksseremonien for dei tre første F-35- kampflya på Ørland flystasjon. 1. november var han med då 500-årsjubileet for Martin Luther og reformasjonen vart markert i Nidarosdomen.

Kong Harald har vore regjerande monark i Noreg sidan januar 1991.

Han vart operert for kreft i urinblæra i 2003, men han kom seg raskt igjen, og i 1999 var han innlagt på Rikshospitalet for å operere bort ein verkebyll på det eine kinnet. Han har også fått transplantert nye hjarteklaffar i 2005..

Elles har kongen ikkje vore mykje sjuk.

AKTUELT NÅ