– Denne enkle og uformelle pølsefesten er heilt i kong Haralds ånd, sa Jon Hindar då han ønskte velkomne til 80-årslag i lokala til Skimuseet i Holmenkollen laurdag kveld.
Kong Harald kom rett frå kongetribuna saman med barn, svigerbarn og barnebarn. Til ein 80-årsfest akkurat slik han sjølv ønskte det.
Gjestene var 130 unge skiløparar frå alle delar av landet. I morgon går dei skirennet som er idretten si 80-årsgåve til kongen; kong Haralds ungdomsstafett.
Tale frå ungdomen
– Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at norsk idrett har valt å gi kongen en ungdomsstafett i 80-årsgåve, sa Frida Haugskott. Den unge skiløparen frå Buvik idrettslag talte til jubilanten på vegne av norsk idrettsungdom.
130 ungdomar frå heile landet var inviterte til 80-årsfest for kong Harald laurdag kveld. Søndag går dei ungdomsrennet som er kalla opp att etter monarken.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix– Kongen er både ungdommeleg og veldig glad i idrett. I tillegg er kongen glad i en retteleg pølsefest, akkurat som oss ungdomar. Vi lærte allereie i barnehagen å synge «Kanskje kommer kongen hit til middag nå i dag». Og endeleg er Hans Majestet her, sa Frida Haugskott til latter og breie smil.
– Stor breidde
Jubilanten sjølv var først i pølsekøen då serveringa opna. Monarken set stor pris på å få eit ungdomsrenn oppkalt etter seg.
– Det er kjempehyggeleg! Noko av det som særpreger norsk skiidrett er den store breidda. Ungdomsrenn som dette er eitt av hjelpemidla for å oppretthalde breidda, seier kong Harald til NRK.
69 Holmenkollrenn
- I år er det 69. gongen at kongen er til stades på Holmenkollrennene. Eg gjentek; 69. gongen! sa skipresident Erik Røste i si stale, og heldt fram.
– Vi håper vår gåve kan inspirere til holmenkollbesøk i mange, mange år til. For dei løparane Kongen møter her i dag, er eg sikker på han vil møte igjen her i åra framover, sa skipresidenten.
Draumen for mange unge skiløparar er å vinne i Holmenkollen og få helse på Majesteten på kongetribuna. I dag var det Martin Johnsrud Sundby som fekk kongemøtet som vinnar av 5-mila i Kollen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixLag frå nær alle skikrinsar deltek i kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen. Monarken er sjølvsagt på plass på kongetribuna når starten går søndag morgon.