Hopp til innhold

Konferanse bruker «Märtha Louise of Norway» i marknadsføring

Arrangørane av eit nettbasert likestillingskonferanse droppar prinsessetittelen, men marknadsfører Märtha Louise som «of Norway». Historikar meiner det er like problematisk som å bruke tittelen.

Märtha Louise

UTAN TITTEL: I august i fjor blei Märtha Louise og slottet einige om at ho skulle droppe prinsessetittelen i kommersielle samanhengar. Men etter det har det vore fleire eksempel der tittelen likevel har blitt brukt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

I august blei slottet og Märtha Louise einige om å bruke tittelen prinsesse berre når ho representerer kongehuset. Det skjedde etter at ho i fleire år brukte tittelen i kommersielle samanhengar.

Men i tida etter dette, har tittelen blitt brukt i reklame for ulike arrangement. I førre veke skjedde det i forbindelse med at Märtha Louise og kjærasten Durek Verrett skulle delta på eit meditasjonsarrangement.

Denne veka skal ho halde eit innlegg på ein gratis, nettbasert likestillingskonferanse. I reklamen har arrangørane droppa prinsessetittelen, men dei skriv at ho er «Märtha Louise of Norway». Ho har sjølv delt reklamen på Instagram.

Meiner det er problematisk

Historikar og forfattar Trond Noren Isaksen har vore ein skarp kritikar av bruken av prinsesse i kommersielle samanhengar. Han meiner reklamen er problematisk, sjølv om dei har droppa tittelen.

– Det blir eigentleg ikkje noko betre. Ho brukar ikkje tittelen, men ho brukar «of Norway». Og ho representerer på ingen måte Noreg i denne samanhengen, seier han til NRK.

Trond Noren Isaksen

Historikar og forfattar Trond Noren Isaksen er kritisk til at prinsessetittelen framleis blir brukt i marknadsføring av ulike arrangement.

Foto: øa/Museum/P2 / NRK

Han meiner Märtha Louise må slutte å sjonglere rollene.

– Ho må anten slutte å marknadsføre seg som prinsesse eller i Noregs namn, eller ho må ta eit etternamn ho kan bruke når ho ikkje representerer kongehuset. Det er eksempel på at det er gjort i andre kongehus, som Carl Philip Bernadotte eller Edward Windsor.

I kontakt med arrangørar

Manageren til Märtha Louise, Carina Scheele Carlsen, seier til NRK at dei er opptekne av å skilje mellom den kommersielle verksemda og rolla som kongeleg. Dei tek difor kontakt med arrangørar og ber dei ikkje bruke prinsessetittelen.

Det gjorde dei også med likestillingskonferansen der Märtha Louise skal medverke denne veka.

– Det er arrangøren som har valt å presentere henne på denne måten. Vi har allereie teke dette opp med dei. Og vi sa frå på førehand, seier Carlsen.

Ho seier at det av og til kan vere utfordrande å få utanlandske arrangørar til å la vere å bruke prinsessetittelen når Märtha Louise står på plakaten.

Marknadsføringsverdi

Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania forstår godt at utlendingane vil bruke tittelen hennar. Det å ha henne på plakaten har unekteleg ein stor marknadsføringsverdi.

– Det er vanskeleg å finne betre marknadsføring enn eit kongehus. Dersom ein kongeleg er til stades, får ein meir merksemd rundt arrangementet.

Han meiner det også bør vere greitt at arrangørar låner kongeleg glans frå Märtha Louise, så lenge ho ikkje tener pengar på det.

– Så lenge det blir arrangert av andre, og ho ikkje har kommersielle baktankar, bør det vere greitt. Vi må balansere dette. Ho fekk kritikk som fortent då ho dreiv engleskule og skreiv bøker. Men når ho deltek på konferansar for å kaste glans, meiner eg det må vere greitt.

Trond Blindheim

Dosent Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania meiner det bør vere greitt for Märtha Louise å bruke prinsessetittelen i enkelte samanhengar, sjølv om ho ikkje representerer kongehuset.

Foto: Høyskolen Kristiania

Men det er ikkje Trond Noren Isaksen einig i. Han meiner Märtha Louise og selskapet hennar må bli enda strengare på korleis Märtha Louise blir omtalt og presentert.

– Det kan godt hende dei har sagt at ho berre skal bli omtalt som Märtha Louise, og at arrangørane ikkje bryr seg. Men då må ho bli flinkare til å forsikre seg om at ønsket blir følgd.

AKTUELT NÅ