Hopp til innhold

Memorial: – Nobels fredspris er ingen tryggingsgaranti

I dag vart det klart at den russiske organisasjonen Memorial, Aljes Bjaljatski og den ukrainske organisasjonen Senteret for sivile rettar, vart tildelt fredsprisen.

Memorial holder pressekonferanse

VINNARAR: Leiarane Jan Ratsjinski og Oleg Orlov i Memorial held pressekonferanse i Moskva etter at det blei kjent at dei fekk fredsprisen i dag.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

NRK snakka i ettermiddag med Oleg Orlov, han er leiar Senter for forsvar av menneskerett, ei vidareføring av Memorial.

Han fortel at han sat ved PC-en og jobba da han fekk ein telefon med den helt uventa beskjeden om at Memorial hadde fått fredsprisen.

– Eg trudde ikkje på det, det var helt uventa, fortel Orlov.

Oleg Orlov i Memorial, får Nobels Fredspris

– Det er ikkje alt eg kan seie på TV når vi er under sånt press. Men vi held fram, fortel Orlov til NRK i dag.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Orlov seier han ikkje er sikker på at prispengane kan brukast i Russland. Men Memorial har avdelingar i fleire land, blant anna Ukraina. Så pengane vil komme til nytte.

NRK spør korleis Memorial kan fortsette arbeidet nå som organisasjonen er forboden.

– Det er ikkje alt eg kan seie på TV når vi er under sånt press. Men vi held fram.


Menneskerettigheitsorganisasjonen blei forboden av russisk høgsterett i fjor og har vore under hardt politisk press.

– Nobels fredspris er ingen tryggingsgaranti for oss i den krigen som vi no står midt i, seier Oleg Orlov.

Han håpar samarbeidet med ukrainske aktørar ikkje vil svekkjast av krigen.

– Denne krigen bør ikkje hindre samarbeidet som vi har med dei ukrainske fredsarbeidarkollegaene våre, seier Orlov.

Oleg Orlov fra Memorial holder pressekonferanse i Moskva etter at gruppen fikk tildelt fredsprisen.

Oleg Orlov er biolog og eit av dei fremste medlemmane i Memorial sida gruppa vart starta i 1987.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

Samtidig uttrykkjer han håp for framtida.

– Vi fredsarbeidarane kjem til å vinne denne krigen, seier Orlov.

– Oppgåva vår no er å jobbe saman med andre menneskerettsorganisasjonar for å kartleggje om den russiske mobiliseringa som finn stad no skjer på ein rett måte, seier han.

Fryktar styresmaktene vil slå hardare ned på Memorial

– Vi er veldig glade no, seier Natalia Petrova, pressesekretær i Memorial til NRK.

Den russiske organisasjonen fekk tildelt prisen saman med aktivisten frå Belarus Aljes Bjaljatski og den ukrainske organisasjonen Senteret for sivile rettar.

– Det er jo ei enorm støtte for oss. Vi føler at dette er ei anerkjenning frå verdssamfunnet om arbeidet vårt. Vi er veldig takksame for denne ærverdige prisen, held ho fram.

– Fryktar de at styresmaktene vil slå hardare ned på Memorial no som de har fått internasjonal anerkjenning?

Talsperson i Memorial, Natalia Petrova

Talsperson i Memorial, Natalia Petrova.

Foto: Institute for the Study of Human Rights

– Det er jo sjølvsagt ei moglegheit for det. Det er ein veldig dårleg situasjon for sivilsamfunnet i Russland no.

Ho syns det er vanskeleg å seie kva dette har å seie for kampen for menneskerettar i Russland på grunn av krigen i Ukraina og det som skjer i landet no.

– Vi får sjå, men dette er veldig meiningsfullt, og det burde vere meiningsfullt for russiske styresmakter òg.

Men ein ting er ho sikker på.

– Det er ikkje mogleg å leve utan å håpe på endringar. Kollegaene mine jobbar hardt for ei betre framtid for Russland. Men vi får sjå kva som skjer, avsluttar ho.

Kona til fredsprisvinnaren: – Overvelda

Kona til den belarusiske menneskerettsaktivisten Ales Bjaljatskis seier til nyheitsbyrået AFP at ho er overvelda av kjensler.

– Eg uttrykkjer den djupe takksemda mi til Nobelkomiteen og det internasjonale samfunnet for å anerkjenne arbeidet til Ales, kollegaene og organisasjonen hans, seier Natalia Pinstjuk.

BELARUS-POLITICS-TRIAL-RIGHTS

Aljes Bjaljatski var ein av dei som fekk tildelt Nobels fredspris. Han sit no fengsla i Belarus utan dom.

Foto: VIKTOR DRACHEV / Afp

Aljes Bjaljatski sat fengsla mellom 2011 og 2014. I 2020 vart han arrestert og fengsla på nytt etter omfattande demonstrasjonar mot regimet i Belarus. Han sit framleis fengsla utan dom.

Difor har ikkje sjølve nyheita om fredsprisen nådd fram til fredsprisvinnaren enno, seier Anastasia Autsjarova til NTB.

– Det er veldig vanskeleg å kommunisere med han, seier Autsjarova.

Ho jobbar for organisasjonen Vjasna, som vart stifta av fredsprisvinnaren. Autsjarova håpar han får vite om det snart.

Meiner store endringar må til

Oleksandra Romantsova frå Senteret for sivile rettar vart ringt opp av Nobelkomiteens sekretær Olav Njølstad rett før prisen vart offentleggjord.

Når han forklarte kven han var og kvar han ringde frå, kunne ein tydeleg høyre spenninga i stemma hennar.

– Dette er veldig viktig for oss. Det er utruleg, sa Romantsova.

Den ukrainske organisasjonen Senteret for sivile rettigheter deler prisen med Ales Bjaljatski, en aktivist fra Belarus, og den russiske organisasjonen Memorial

Den ukrainske organisasjonen Senteret for sivile rettar deler prisen med Aljes Bjaljatski, ein aktivist frå Belarus, og den russiske organisasjonen Memorial

Fredag ettermiddag sat ho på toget frå Polen til Kyiv, men skreiv i forkant på sosiale medium at FN og deltakarstatane bør ta tak i «ansvarsgapet» og gi fleire hundre tusen offer for krigsbrotsverk ein sjanse til rettferd.

– Berekraftig fred i regionen vår er umogleg utan dette. Vi må opprette ein internasjonal domstol og stille Putin, Lukasjenko og andre krigsforbrytarar for retten.

Ho skreiv også at Russland bør bli utestengd frå tryggingsrådet for «systematiske brot på FN-kontrakten».

Samtidig la ho til ho at vanlege folk har mykje større innverknad enn det dei trur sjølve.

– Massemobilisering av vanlege folk i forskjellige land i verda, og deira felles stemme, kan endre verdshistoria raskare enn FN sine inngrep.

Kjempar for fridom og demokrati

– Sjølvsagt feirar vi i dag, men Ales er i fengsel på grunn av sitt arbeid med menneskeretter, seier Natalia Satsunkevich til NRK.

Ho jobbar i også Vjasna.

Natallia Satsunkevich

Natalia Satsunkevich jobbar i organisasjonen til Bjaljatski, Vjasna.

Foto: Privat

– Eg gratulerer Ales med prisen, men eg håpar at styresmaktene i Belarus ser dette og sleppe han laus.

Belarus' opposisjonsleiar Svetlana Tikhanovskaja seier at nobelprisen anerkjenner kampen for fridom og demokrati etter at Bjaljatski fekk prisen.

– Gratulerer til den belarusiske menneskerettsforkjemparen og den politiske fangen Aljes Bjaljatski for å ha fått Nobelprisen for 2022, skriv ho på Twitter.

– Prisen er ei viktig anerkjenning for alle belarusarar som kjempar for fridom og demokrati. Alle politiske fangar må lauslatast, seier ho.

Svetlana Tikhanovskaya

Her er Svetlana Tikhanovskaja på Statsministerens kontor då ho besøkte Noreg tidlegare i år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Fredspris vi treng i vår tid.

I ei pressemelding frå Den Norske Helsingforskomité seier dei at dette er ein fredspris vi treng i vår tid.

– Dette er ein utruleg gledeleg pris som vi i Helsingforskomiteen har håpa på i mange år, seier Berit Lindeman, generalsekretær i Den Norske Helsingforskomité.

Ho seier vidare at dette er ei viktig anerkjenning av den store betydninga sivilt samfunn, demokrati og menneskerettar har for å skape og sikre fred.

Organisasjonen Amnesty kjem også med gratulasjonar.

Generalsekretær John Peder Egenæs seier at Amnesty har jobba saman med desse organisasjonane i fleire mange år, og at dei gjer ein viktig innsats for å dokumentere situasjonen i Russland, Belarus og Ukraina.

– Dei dokumenterer korleis det er på bakken i ei tid med krig i Europa, og organisasjonane speler på ulike måtar ei viktig rolle i samfunna sine. Så for oss som jobbar med menneskerettar, er det ein pris vi er glad for, seier Egenæs.

Nominert Memorial fleire gongar

– Gratulerer til den russiske organisasjonen Memorial, den ukrainske organisasjonen Senteret for sivile rettar, og aktivist Aljes Bjaljatski frå Belarus, med Nobels fredspris, skriv Erna Solberg i ei pressemelding.

Solberg fortel at ho faktisk har nominert Memorial til Nobels fredspris fleire gonger. Høgre gav også Sjur Lindebrække-prisen til organisasjonen i 2012, seier ho vidare.

– I 2015 gav vi same pris til Senteret for sivile rettar. Dei har verna retten til å kritisere makt, og gjort eit viktig forsøk på å dokumentere krigsbrotsverk og misbruk av makt. Verdige vinnarar, skriv Solberg.

Memorials arkiv i Moskva

Memorials sitt arkiv i Moskva inneheld informasjon om meir enn 3 millionar offer for politisk forfølging i Sovjetunionen. Organisasjonen held også fleire konferansar om menneskerettskampen i Russland.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

SV-leiar Audun Lysbakken seier at dette er ei rett og god tildeling. I ei pressemelding gratulerer han vinnarane, og seier at partiet nominerte Memorial til prisen i 2020.

– Krigen i Ukraina og den autoritære utviklinga i Russland er ein av dei viktigaste truslane mot global tryggleik på mange år. Det er ei viktig påminning for oss alle om viktigheita av eit sterkt og aktivistisk sivilsamfunn for å fremje demokrati og menneskerettar, seier Lysbakken.

AKTUELT NÅ