Hopp til innhold

Kona hans har forsvunne fleire gonger – no ynskjer han at ho skal få GPS

Over 100.000 menneske i Noreg har i dag diagnosen demens, men nye tal frå Helsedirektoratet viser at under 1 prosent av dei har GPS.

Kjell Sandanger

Kjell Sandanger er forkjempar for at menneske med demens skal få GPS for at kvardagen skal blir tryggare for både dei som er sjuke og dei pårørande.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Kona til Kjell Sandanger fekk diagnosen Alzheimer for nokre år sidan. Sjukdommen har gradvis forverra seg, og i dag har ho store vanskar med å orientera seg.

– Eg må vera årvaken 24 timar i døgeret slik at eg kan passe på at ho har det bra, seier Sandanger.

Ho har fleire gonger forsvunne ifrå heimen deira, og då ho forsvann tidlegare i år måtte han til slutt ringe politiet.

– Eg leita over alt i nærområdet, men ho var vekke, seier han.

Politiet fann ho igjen nokre timar seinare, nesten tre kilometer ifrå heimen deira.

Medan politiet var ute å leita måtte Sandanger sitte heime å venta på beskjed.

– Ein får jo mange rare tankar i hovudet når ein sit slik å ventar. Du veit jo at det er folk som blir vekke for godt og aldri kjem igjen, seier han.

Få kommunar har tilbodet

Det er kvar enkelt kommune som vel om dei ynskjer å gje dette tilbodet til menneske med demens. Nye tal frå Helsedirektoratet viser at under ein prosent av dei med sjukdommen har GPS.

– Det er uforståeleg at ikkje kommunane prioriterer dette tilbodet, seier Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen

Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen meiner at alle kommunar må gje tilbod om GPS til menneske med demens.

Foto: Peder Bergholt / NRK

Ho seier at det å miste orienteringsevna er for mange ein del av demenssjukdommen, og det difor er viktig å få på plass denne teknologien fort.

– Kvar gong nokon forsvinn er det ein fortvila situasjon, og det er tragisk når me finn igjen folk for seint. Det er heilt unødvendig når eg har denne typen teknologi, seier Gerhardsen.

Nokre finn ein aldri igjen

NRK har fleire gonger skrive om leiteaksjonar etter menneske med demens som har forsvunne. I nokre tilfelle finn ein dei aldri igjen.

Både politi, Norske Redningshunder og Røde Kors hjelper til i leiteaksjonane.

Ifølge Kjersti Løvik, leiar for hjelpekorpsa i Røde Kors, er rundt ein av sju av deira oppdrag leiteaksjonar etter menneske med demens som har forsvunne.

– Det er positivt med alle tiltak som hindrar nød og liding. GPS for menneske med demens er eit slikt tiltak, seier ho.

Velferdsteknologi er ein gevinst for alle

Lokaliseringsteknologi vart lovleg å bruka på menneske i 2013.

Ifølge Helsedirektoratet er det ein av fleire typar velferdsteknologi som kan gjera at personar med demens og deira pårørande får ein tryggare kvardag.

Det har og vist å gje kommunane store gevinstar. Det vil vera kostnadar knytt til å innføra teknologien, men det vil sparast inn over tid.

– Det viktigaste av alt er gevinstane som er vist for personar med demens, seier Thorstein Ouren i Helsedirektoratet.

Vil gjera kvardagen litt tryggare

Kjell Sandanger

Kjell Sandanger håpar at ein GPS kan gjera kvardagen litt lettare for både han og kona som han er så glad i.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Sandanger og kona ventar framleis på GPS ifrå kommunen og har fått beskjed om at det kanskje kan vera på plass i starten av 2022.

– Det er dyrebar tid for meg. Eit menneske kan ikkje vera årvakent heile døgeret, seier Sandanger.

Han har sjølv starta ei demensforeining i Asker kommune for at fleire i same situasjon skal ha ein plass å gå å få hjelp.

– Korleis trur du kvardagen er for dei som kanskje ikkje er like ressurssterke som deg?

– Eg vil sei skrekk og gru. Eg beherskar jo alt det med det teknologiske og er politisk aktiv. Det var nettopp difor eg starta demensforeininga. For å samla dei pårørande og gje dei ein plass å gå til, seier han.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ