– Men pass på at dei ikkje frys. Så er det dei råda vi har blitt tuta øyra fulle av i lange tider, hald avstand og vask hendene. Men elles må vi vel ha det litt kjekt innimellom også.
Det seier den mangeårige kommuneoverlegen i Kinn kommune, Jan Helge Dale, til NRK.
Søndag 31. oktober er det halloween eller allehelgensaftan, eit høgdepunkt for mange barn.
– Vi ser no at det er ungar som blir sjuke og det vi veit er at RS-viruset råkar dei minste ungane hardast. Vi har fått igjen dei vanlege haustplagene.
Han er ein av mange kommunelegar som dagleg no får mange spørsmål knytte til virussjukdomar og særleg mange er uroa for RS-viruset.
At vi no ser ein auke i RS-virus over heile landet er ein del av bildet, meiner Dale.
– No har vi hatt så strenge smitteverntiltak i eitt og halvt år at til og med RS-viruset hadde dårlege vilkår. Vi må rekne med at det kjem litt ekstra av det i år.
Fleire får pustehjelp
Han peikar på at sjølv om det er mange ungar som er sjuke no og fleire enn vanleg er lagt inn på barneavdelingane, så er dette ikkje uvanleg.
– Det er ein vanleg årsak til innlegging på grunn av pustevanskar og dårleg allmenntilstand hos små barn. Vi har fått igjen dei vanlege haustplagene, slår Dale fast.
Det er verken unormalt eller uvanleg at foreldre blir uroa når barna blir sjuke, meiner barnelege på Haukeland universitetssjukehus, John Espen Gjøen.
Det er 18 barn innlagt med RS-virus på Haukeland, men Gjøen forsikrar at dei har god kontroll og at dei fleste som er innlagt der ikkje treng så mykje behandling.
– Litt oksygen kanskje og litt hjelp med ernæring. Så er det fire som treng pustehjelp, men det er viktig å presisere at det ikkje er snakk om respirator.
Dette bør du følgje med på
Han peikar på at RS-virus kan gå djupt i luftvegane og at ein dermed kan utvikle det legane kallar bronkiolitt.
– Men kva skal ein som forelder vere merksam på?
– Dersom man får bronkiolitt, så pustar ein litt fortare og det piper kanskje litt. Men det i seg sjølv er ikkje grunn nok til å oppsøke lege nødvendigvis. Dersom det går tydeleg utover evna til å drikke, ete og bevege seg, då må du oppsøke lege.
Han også meiner at all isoleringa og tiltaka vi har hatt med pandemien er årsaka til at vi no har fått ein rask vekst av andre typar virusinfeksjonar.
– I Danmark har ein kome seg over toppen, men dei neste månadane kan bli hektiske her, seier Gjøen.
Ventar ytterlegare auke
Tal frå Folkehelseinstituttet stadfestar det legane seier. Auken i RS-smitte gir auka tal innleggingar, særleg blant små barn.
– Viruset gir nok ikkje meir alvorleg sjukdom enn tidlegare, men det at fleire blir sjuke gjer også at det blir fleire innleggingar. Vi ventar nok at RS-smitten aukar ytterlegare og vi må vente fleire innleggingar dei neste vekene.
Det seier seksjonsleiar for influensa og annan luftsmitte i FHI, Karoline Bragstad.
– Det er venta og varsla frå FHI si side at trykket på helsetenesta vil bli meir utfordrande denne hausten og vinteren sidan luftvegsinfeksjonane som har vore fråverande under pandemien er på full fart tilbake, seier Bragstad.
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) er samd i dei faglege vurderingane.
Men barn som er sjuke, må halde seg heime også på halloween, understrekar helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
– Snørrete ungar kan dessverre ikkje gå halloween. Du må halde deg heime når du er sjuk, seier helseministeren til NRK i forkant det som er eit av årets høgdepunkt for mange barn.
Helseminister Ingvild Kjerkol beklaga i etterkant at ho på pressekonferansen sa at snørrete born ikkje får gå halloweeen.
– Det er mykje ein fersk helseminister skal lære. Eg har jo tre born og veit godt at ungar stort sett er snørrete heile vinteren, utan at det betyr at dei er sjuke, sa Kjerkol til Dagbladet.