Kommunen er fri for korona - Eva-Mari kan likevel berre ha fem bursdagsgjester

Sjølv om koronaviruset ikkje har vore i Vestvågøy på lang tid må Eva-Mari Rahkola anten kutte kraftig i gjestelista, eller tenke nytt om 40-årslaget om ho skal følge regjeringa sitt råd.

Eva-Mari Rahkola

FEIRAR 40: Eva-Mari Rahkola skal feire 40-årslag.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ho er ein av mange som må tenke nytt.

Fleire stussar nemleg på kvifor alle nordmenn blir anbefalt å følgje regelen som Erna Solberg la fram på ein pressekonferanse i går: «I private heimar, hager eller hytter bør ein ikkje ha meir enn 5 gjester i tillegg til medlem av husstanden».

Eva-Mari Rakhola

HYGGELEG: I sommar kunne ho invitere til god mat og hyggeleg samvære. No må ho tone ned 40-årsdagen om ho skal følge regjeringa si anbefaling.

Foto: Privat

For Eva-Mari Rahkola er det ikkje noko stor krise å følgje anbefalinga, men ho klarer ikkje å skjønne kvifor ho no må planlegge eit ganske annleis 40-årslag i desember. Planen var å invitere heim til seg sjølv i Vestvågøy og servere litt kake og middag til rundt 20 gjester. Koronasmitte har det ikkje vore i kommunen sidan slutten av august.

– Eg ønskjer å invitere til eit selskap, men vart veldig usikker på om desse reglane gjeld for meg. Er det eit påbod eller anbefaling? Eg er veldig usikker på om eg kan arrangere bursdag eller ikkje, seier Rahkola.

Av Noregs 356 kommunar har det i 176 av dei ikkje vore smitte dei siste 14 dagane.

Sjekk smittesituasjonen i din region:

Ekspertane er ueinige

Rahkola er ikkje åleine om å ha meiningar om «fem-gjester-anbefalinga». Anbefalinga var eit av tiltaka Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet var ueinige om då dei på oppdrag frå regjeringa gjorde sine vurderingar i helga.

Helsedirektoratet meinte grensa burde gå på fem gjester, men berre i kommunar med smittetrykk over 20 smitta per 100.000 dei siste 14 dagane.

FHI ville derimot ha ei grense på ti gjester, men meinte til gjengjeld at regelen bør vere nasjonal fordi mange «norske bu og arbeidsregionar er for små til at ein bør bruke denne terskelen».

Regjeringa landa på å lytte til begge, og inkluderte den strengaste biten frå begge forslaga: Maksimum fem gjestar, og regelen skal vere nasjonal. På stader med lite smitte er det ei anbefaling, mens det på stader på stor smitte kan vere aktuelt å gjere det til noko folk må følge opp tett.

Må leige lokale og lage større opplegg

Om ho skal følge anbefalinga må Rahkola kanskje tenke større om bursdagen og leite etter eit selskapslokale. For då tillét reglane at ho kan invitere opptil 50 personar.

– Eg må leige noko. Det er ein ekstra utgift, også lurer eg litt på kor hyggeleg det kan bli. Om det er eit stort lokale kan det kanskje bli vanskeleg å få det hyggeleg. Eg må planlegge litt meir, og kanskje invitere litt fleire folk og lage litt opplegg. Det kan bli stussleg med ei kake og 20 personar i eit stort lokale, seier Rahkola.

Ho understrekar at ho skjønner behovet for innstrammingar, men synest tiltaka er for unyanserte, og burde ha lokale tilpassingar om ein ser endringar i smittetal.

– Fylka eller kommunane burde sjølve få regulere dette. Det blir litt frustrerande og håplaust når ein ikkje klarer å forstå det som ligg bak denne regelen. Det verkar som det er Oslo og storbyane som skal definere kva reglar som skal gjelde, seier Rahkola.

SpIR2NkYGZ8

STRENG: Regjeringa og statsminister Erna Solberg presenterte dei nye tiltaka på ein pressekonferanse i går.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Statsministeren meiner tiltaket trengst

På gårsdagens pressekonferanse viste statsminister Erna Solberg til at det har vore lokale smitteutbrot 150 stader i Noreg i haust.

– Det betyr at smitten kan komme til din kommune når som helst. Det me gjer no er at me vernar oss, slik at dersom smitta kjem, så er det tre som får den, og ikkje 25, forklarte Erna Solberg.

Ho kallar tiltaket ei «nasjonal retningssnor» som er naudsynt når styresmaktene ikkje kan halde oversikt over kven folk møter.

NRK får eit litt anna svar på gata i Førde, i Sunnfjord kommune. I kommunen med knappe 22.000 innbyggjarar har det vore fem smittetilfelle dei to siste vekene. Det betyr at dei måtte ha følgt «fem-gjester-regelen» også om Helsedirektoratet fekk det som dei ville, og regelen berre skulle gjelde i kommunar med over 20 smitta per 100.000 innbyggjar.

– Me må vere føre var, og om ein ikkje tek forholdsreglar så kan det skje det same her som har skjedd i Oslo og Bergen, seier kafégjest Johnny Nord, som rett nok ikkje har ein 40-årsdag å planleggje.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger