Hopp til innhold

Kolberg fryktar utmeldingar i Arbeidarpartiet

Martin Kolberg fryktar at det kjem utmeldingar frå Arbeidarpartiet i kjølvatnet av oljevedtaket på landsmøtet.

Martin Kolberg
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det har kome kraftig kritikk frå fagrørslene etter at partiet sa nei til konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Ap-veteranen seier at fråsegna frå landsmøtet støttar olje- og gassproduksjonen i Noreg, men fryktar likevel at nokon vil melde seg ut.

– Eg fryktar det, men eg trur dette kjem til å dempe seg litt om ikkje så lenge, når vi får tenkt oss litt om, seier Kolberg til NRK.

Han er blant Ap-politikarane som fagrørsla nærast og forstår dei som no er skuffa.

– Eg vil uttrykke ein veldig sympati og forståing med dei som er skuffa over det vedtaket, men det var ein politisk realitet her. Det var eit stort fleirtal, seier veteranen.

Gruar seg til å stå på vallista til Ap

Frå eit produksjonsskip i Skarv-feltet utanfor Brønnøysund har fagforeiningsmannen og Ap-medlemmen Rune Hantho følgt landsmøtet i helga. Det tok ikkje lang tid etter vedtaket kom, før oljearbeidaren varsla at han vurderer å melde seg ut av partiet.

Rune Hantho på Facebook
Foto: Skjermdump

Han er tillitsvald i Fellesforbundet og har i utgangspunktet sagt ja til å stille som representant for Arbeidarpartiet i det kommande kommuneval på Stord.

– Eg vurderer det og er veldig nær, men eg trur ikkje eg kjem til å gjere det.

Det er fleire saker som gjer at han no vurderer Ap-medlemskapen sin. Han meiner partiet går i feil retning.

Rune Hantho

Rune Hantho er tillitsvald i Fellesforbundet og Ap-medlem. Han trur det blir vanskeleg å forsvare politikken til partiet blant industriarbeidarane.

Foto: PRIVAT

– Samtidig trur eg det er viktig at eg prøver å endre på denne retninga igjen, og då trur eg kanskje at det er best at det stemmer på innsida som talar vår sak, seier Hantho.

– Korleis blir det å stå på stand?

– Det blir ikkje lett å stå på stand. Eg gruar meg litt, for eg veit ikkje heilt korleis eg skal svare på den retninga som er vedtatt. Det blir veldig tøft på ein plass som Stord, som er så avhengig av petroleumsnæringa, svarar han.

– Ikkje slutt på norsk olje- og gassproduksjon

Då Jonas Gahr Støre avslutta landsmøtet i går, vende partileiaren seg til dei som er skuffa. Han lova å lytte til dei, men hevda samtidig at dette er eit vedtak for framtida.

Jørn Eggum er sentralstyremedlem i Ap og ein mektig leiar av Fellesforbundet. Laurdag var han skuffa etter vedtaket.

– Nok ein gong let vi ein moglegheit gå frå oss til å skaffe oss kunnskap og kompetanse om dette området, sa Eggum.

Ifølgje Kolberg skal olje- og gassproduksjonen vidareførast. Han oppfordrar kritikarane til å lese vedtaket frå landsmøtet grundig og meiner vedtaket støttar olje- og gassproduksjonen i Noreg.

– Dette er ikkje eit grunnleggande anslag mot norsk gass og industripolitikk. Det er tvert imot det motsette

– Mister de veljarar på dette?

– Kanskje nokon, men eg trur vi kan vinne mange også, seier Kolberg.

AKTUELT NÅ