«Kristi brud» for retten i Uppsala

Rettssaka mot Åsa Waldau, kjend som «Kristi brud», og to andre tidlegare pastorar ved Filadelfia-forsamlinga i Knutby, starta i Uppsala i dag. Dei er tiltalte for mishandling og tvang.

Åsa Waldau på veg inn i rettssalen.

Åsa Waldau på veg inn i rettssalen i Uppsala tysdag.

Foto: Fredrik Sandberg/tt / NTB scanpix

Åsa Waldau er tiltalt for fleire tilfelle av mishandling av underordna i kyrkjelyden. Tiltalte nummer to, Peter Gembäck, er tiltalt for eit tilfelle av mishandling og eitt tilfelle av bruk av ulovlege tvang.

Den tredje tidlegare pastoren er tiltalt for å brukt si overordna stilling til å utnytte ein underordna seksuelt. Store delar av rettsforhandlingane blir haldne for lukka dører. Dei ulovlege handlingane har ifølgje påtalemakta gått føre seg i perioden 2013 og 2016.

Drap og drapsforsøk

Helge Arnold Fossmo

Den norsk-svenske pastoren Helge Fossmo vart dømd til fengsel på livstid i 2004.

Foto: NTB scanpix

Filadelfia-kyrkjelyden i Knutby kom i søkjelyset etter eit drap 10. januar 2004. Kona til pastoren, Alexandra Fossmo, vart funnen skoten og drepen i senga si i Knutby. Daniel Linde, som budde i nabohuset, overlevde eit drapsforsøk.

Dagen etter vart hushjelpa Sara Svensson arrestert, mistenkt for drap og drapsforsøk. Ho tilstod etter kort tid. Ho vart dømd til tvungen psykisk helsevern, men vart sett fri i 2011.

28. januar vart den norsk-svenske pastoren i kyrkjelyden, Helge Fossmo, arrestert. Han vart seinare dømd til livsvarig fengsel for å ha manipulert Sara Svensson til å ta livet av kona hans og Daniel Linde. Det kom fram at det hadde vore eit seksuelt forhold mellom Sara Svensson og Helge Fossmo.

Denne dommen vart seinare gjort om til ei tidsbestemt straff, og han kan vere ein fri mann alt i 2021 . Han har tilbod om ei stilling i Den svenske kyrkja når han eventuelt blir sett fri.

Knutby-pastoren etterforskes for å ha sendt trusselbrev

Her budde ekteparet Fossmo.

Det var i dette huset at Alexandra Fossmo vart drepen 10. januar 2010.

Foto: Björn Larsson Ask / Svd / Scanpix / NTB scanpix

Påstand om valdskultur

Åsa Waldau var ein sentral medlem i Filadelfia-kyrkjelyden i Knutby då drapet skjedde. Ho er no tiltalt for seks tilfelle av mishandling av kvinnelege underordna. Ho har vedgått at det har gått føre seg litt småknuffing, men den tidlegare pastoren avviser å ha gjort noko som er i strid med svensk lov.

Aktoratet meiner det var ein valdskultur i kyrkjelyden. Ei kvinne seier at hovudet hennar vart dunka mot eit skap, og at ho vart ligga til at hårtustar losna. Ei anna kvinne har forklart at ho vart biten i ansiktet og fekk ein gaffel stukke inn i handa,

Peter Gembäck er tidlegare pastor i Filadelfia-forsamlinga i Knutby.

Peter Gembäck er blant dei tre tidlegare Knutby-pastorane som er tiltalte i straffesaka som no går for retten i Uppsala.

Foto: Staffan Claesson / NTB scanpix

Peter Gembäck har vedgått at han har slått ein medlem i forsamlinga og trykt vedkomande ned i bakken, der han greip tak i håret hans og tvang han til å krype. Det var Gembäck sjølv om melde frå om forholda i forsamlinga til politiet.

Seksuell utnytting

Den tredje tiltalte pastoren på tiltalebenken, ein 49-åring som ikkje er namngitt, er tiltalt for å ha utnytta posisjonen i eit trussamfunn til å inngå eit seksuelt forhold til ei 17 år gammal jente. Han nektar straffskuld, men ifølgje TT skal han ha sendt eit brev til jenta der han ber om orsaking for overgrepa.

Skuldingane om valdsbruk i forsamlinga kom fram i «Uppdrag gransking» på SVT i 2018, der fleire tidlegare medlemer stod fram og fortalde om omfattande bruk av vald.