Politiet ber om fire veker varetektsfengsling for mannen som er sikta for knivstikkinga i Nore fredag. Dei ber også om brev- og besøkskontroll, og seier det er fare for at bevis kan bli øydelagt.
Mannens forsvarar, Anders Green, seier han har bedd om at mannen får ei undersøking av han psykiske tilstand.
Mannens forsvarar Anders Green i Drammen tingrett laurdag.
Foto: Maria Kommandantvold / NRK– Innleiingsvis ønsker eg å seie at min klient er frykteleg lei seg for denne situasjonen som har oppstått. Han er openbert fortvila. Han hugsar ikkje sjølve hendinga, men har godtatt varetektsfengslinga, seier Green til NRK.
– Har han sagt noko om motiv?
– Nei, ingenting som eg er kjent med og uansett ville eg ikkje gått ut med det no.
Green seier den sikta sjølv ønsker å samarbeide med helsepersonell.
– Han er tydeleg prega, fortvila, lei seg, og er veldig opptatt av å få formidla at han elskar sine barn.
Knivstikkinga fann stad like ved dette busskuret, ikkje langt frå ein Joker-butikk og den vidaregåande skulen.
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRKSikta for grov kroppsskade
Totalt tre personar blei skadd i knivstikkinga fredag. Politiet meldte at ein av dei, kona til mannen, var kritisk skadd. Seinare blei det stadfesta at ho er utanfor livsfare.
Gjerningsmannen og ein som overmanna han, fekk også lettare skadar.
Aktor stadfesta at den sikta i dag har samtykka til varetektsfengsling.
Politiinspektør Odd Skei Kostveit.
Foto: Maria Kommandantvold / NRK– Han er ikkje spurt direkte om straffskuld, og han har ikkje gitt uttrykk for det. Det er for tidleg, seier aktor og politiinspektør Odd Skei Kostveit.
– Han skal gjennom ein prejudisiell observasjon, med formål om å vurdere hand psykiske tilstand, så får vi heller komme tilbake til spørsmål om avhøyr og straffskuld ved eit seinare høve.
Det er ikkje kjent for politiet kva som er motivet til gjerningsmannen.
Det var fleire blodflekkar på bakken etter hendinga fredag.
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRKMannen i 40-åra er framleis sikta for grov kroppsskade. Politiet opplyser om at siktinga kan bli endra etter at etterforskinga er ferdig.
– Den avgjerda vil bli tatt når alle bevisa har kome fram, og vi får tatt ei heilskapleg vurdering på kva dette eigentleg var, seier Kostveit.
Skjedde i sentrum
Knivstikkinga skjedde utandørs i sentrum av den vesle tettstaden Nore i Numedal, som ligg i Buskerud.
Politiet definerte det først som ei PLIVO-hending, som betyr «pågåande livstrugande vald». På Twitter meldte dei at fleire tilfeldige personar hadde blitt skada.
Seinare opplyste dei om at gjerningspersonen og ein av dei skadde er gifte. Familien er frå Syria.
Fleire var vitne til knivstikkinga.
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRKHadde besøksforbod
Politiinspektør Odd Skei Kostveit opplyste fredag om at mannen var under etterforsking for vald i nære relasjonar. I desember blei han pålagt besøksforbod mot kona. Fram til no var besøksforbodet ikkje brote.
Gjerningspersonen og den skadde kvinne har fleire barn saman. Dei blir tatt hand om av politiet og barnevernet.
Politiet gjorde ei rekke undersøkingar på åstaden fredag.
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRKMarianne Gibson Heimdal bur like ved den vidaregåande skulen der knivstikkinga fann stad. Ho tok vare på den skadde kvinna før ambulansepersonellet kunne overta.
Til VG seier ho at ambulansen sto like ved og venta på klarsignal for å kunne gripe inn.
– Eg må seie at det var forferdeleg ubehageleg å måtte vente så lenge, seier ho til avisa.