NRK Meny
Normal

Knallhard olje-kamp i Arbeiderpartiet

Ap-striden om oljeboring i Lofoten,Vesterålen og Senja er langt frå over. Ein intens drakamp pågår i kulissane mellom dei som vil bore og dei som absolutt ikkje vil.

Oljeplattform i solnedgang

Motstandarane hevdar desse kjem fort om ein opnar for å konsekvensutgreie i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Foto: Roger Hardy / Samfoto

I eit forsøk på å få dei to fløyane i partiet til å møtes foreslo programkomiteen nyleg eit kompromiss.

Det går ut på å opne delar av Lofoten for konsekvensutgreiing, og førebels verne områda utanfor Vesterålen og Senja.

Verken tilhengarar eller motstandarar av oljeboring vil slå seg til ro med det.

Nyttar alle kanalar

Ørjan Robertsen

Ørjan Robertsen hevdar det er plass til både olje og fisk i Vesterålen.

Foto: Trude Bakke / NRK

I Nordland hadde Ap-folk sett for seg ei hovudrolle i det neste norske oljeeventyret. Frykta for å ende opp med ei birolle gjer at dei no mobiliserer kraftig fram mot landsmøtet.

– Kompromisset gjer meg forbanna. Det er plass til både olje og fisk her, og vi treng arbeidsplassar, seier Ørjan Robertsen.

– Eg gir ikkje opp, ikkje tale om.

Ørjan Robertsen, tidlegare ordførar i Hadsel (Ap)

Ap-mannen er tidlegare ordførar i Hadsel. No leiar han interesseorganisasjonen for 150 bedrifter i Lofoten og Vesterålen.

– Eg gir ikkje opp, ikkje tale om. Eg ringer partifeller, snakkar med fagfolk, gjer det eg kan for å skape forståing for at vi treng ei konsekvensutgreiing. Vi kan ikkje seie nei til oljeboring før vi har skaffa kunnskap om konsekvensane, seier han.

Siv Dagny Aasvik

Ordførar Siv Dagny Aasvik (Ap) seier varig vern ikkje er aktuelt.

Foto: Trude Bakke / NRK

I rådhuset i Stokmarknes har den sitjande Hadsel-ordføraren eit stort kart over Vesterålen på veggen. Er det olje og gass utanfor der, kan det bety sårt trengde arbeidsplassar.

– Vi er sjølvsagt opptekne av å fortelje andre kor viktig konsekvensutgreiing er. Det er heilt uforståeleg for meg at kunnskap skal vere så farleg, seier Siv Dagny Aasvik (Ap).

– Målet vårt er varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.

Mani Hussaini, leiar i AUF

Mobilisering på begge sider

I åttande etasje på Yongstorget er det andre som spissar sin argumentasjon. AUF har leia an i kampen for oljefritt LoVeSe.

Mani Hussaini

AUF-leiar Mani Hussaini har støtte frå fleire fylkeslag som ikkje ynskjer oljeboring i LoVeSe.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Målet vårt er varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, men det er ikkje realistisk å få til no. Så vi har kome opp med ein alternativ plan som vi prøver å få landsmøtet med på, seier AUF-leiar Mani Hussaini.

I dagens partiprogram går Arbeiderpartiet inn for å konsekvensutgreiie både Nordland 6, Nordland 7 og Troms 2.

I det nye programutkastet, som landsmøtet skal vedta, er det berre forslag om å sjå nærare på oljeboring i Nordland 6. AUF vil prøve å stoppe også det.

– Det kjem ein ny forvaltningsplan for norsk olje- og gass i 2020, altså om tre år. Vi kan heller ta diskusjonen om konsekvensutgreiing då, seier Hussaini.

– Så du prøver å kjøpe deg tid?

– Ja, du kan seie det slik.

– Merkar de at det er mobilisering i partiet?

– Ja. Vi høyrer mange som argumenterer for det eine og det andre. Det er temamøter og seminar for å påverke folk, seier han.

Kva som vert Arbeiderpartiet sin LoVeSe-politikk dei neste fire åra vert avgjort på landsmøtet 20.-23. april.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger