Hopp til innhold

Betre eldreomsorg krev auka skatt, seier forskarar

Politikarane knivar om å love mest mogleg til dei eldre. Det kan straffe seg.

SSB-forskerne Erling Holmøy og Vibeke O. Nielsen

Lovnadene til eldreomsorg blir knalldyre, meiner forskarane Erling Holmøy og Vibeke O. Nielsen i SSB.

Foto: Linda Reinholdtsen / NRK

SSB-forskarane Erling Holmøy og Vibeke O. Nielsen har lagt fram utrekningar på kva det vil koste på sikt å gje ei betre eldreomsorg.

– Eg seier ikkje at ein skal fråråde nye tiltak, men det er veldig viktig at ein vurderer kostnadene, og at ein tek omsyn til at utgiftene vil bli over det dobbelte av det dei er på kort sikt, seier Holmøy.

Etter 2020 får ein mykje kraftigare vekst i offentlege utgifter knytt til helse og eldreomsorg, når det er mange fleire som skal ha dyrare og betre tenester.

Les også: Overbyr hverandre i eldrepolitikken

Les også: - Du har fortsatt mye å hente, Jens

Les også: Jensen vil ha eldreminister

– Må firedoble bemanninga

Holmøy meiner at politikarane må ta med kostnadene av ein auka standard i eldreomsorga på lang sikt i sine reknestykke.

– Eldrebølja vil uansett auke pensjonsutgiftene og utgiftene til helse og omsorg dramatisk, særleg etter 2020. Då aukar utgiftene kvart einaste år, betydeleg raskare enn dei offentlege finansieringskjeldene, seier han.

Eldrebølja åleine vil føre til at det blir behov for dobbelt så mange hender i 2050, dersom dei som er pleietrengande då får den same omsorga som i dag. Men dei som blir gamle framover har store forventningar og er van til velstandsauke.

Det vil sannsynlegvis føre til politisk press for ei betre eldreomsorg, trur SSB-forskarane.

– Dersom ein i tillegg aukar standarden med én prosent per år, som er et nøkternt i forhold til veksten i anna forbruk framover, vil ein måtte firedoble bemanninga om 50 år, fortel Nielsen.

Vanskeleg å trekke tilbake

Ifølgje SSB-forskarane vil inntektene til staten byrje å vekse saktare enn utgiftene om ti år, på grunn av mindre oljeinntekter. I tillegg får ein mange fleire eldre i forhold til dei som jobbar og betaler skatt.

Dyrare eldreomsorg vil forsterke denne ubalansen, og forkorte tida fram til ein må ta vanskelege val mellom skatteskjerpingar og upopulære velferdskutt.

– Dette blir det tatt altfor lite omsyn i dagens debatt. Ein bør krevje at politikarane gjer mykje meir greie for dei langsiktige kostnadene av tiltak ein set i verk i dag, tiltak som truleg er vanskeleg å reversere, seier Holmøy.

AKTUELT NÅ