
Generalsekretær i Frp, Geir Mo, mottok utmeldinga klokka 18 i kveld.
I pressemeldinga, som er underteikna av generalsekretær Geir Mo, heiter det at Framstegspartiet sitt sekretariat mottok utmeldinga frå Kleppe i kveld klokka 18.
Vidar Kleppe sa i eit intervju med NRK i kveld at han kjenner seg særs urettferdig behandla av Carl I Hagen og Framstegspartiet, og at han åtvarar folk mot å arbeide for partiet. Då ville han ikkje stadfeste at han hadde meldt seg ut av partiet.
Vidar Kleppe stadfestar no at han har meldt seg ut av Framstegspartiet, men han vil ikkje stadfeste meldinga om at han skal stille som toppkandidat på den planlagde Sørlandslista.
- Det er eit alternativ eg vurderer. Om det blir ei Sørlandsliste, må ein gå i gang med å samle inn dei 500 underskriftene som trengs for å stille liste, seier Kleppe til NTB i kveld.
Kleppe fortel at det alt har kome fleire personar heim til han med underskriftene sine i tilfelle det skulle bli aktuelt med ei Sørlandsliste.

Frp-formann Carl I. Hagen trur arbeidet i stortingsgruppa blir lettare etter at Vidar Kleppe har meldt seg ut. (NRK-foto)
Partiformann Carl I Hagen seier i ein kommentar at utmeldinga ikkje får andre konsevensar enn av det blir ein lettare tone, eit sterkare samhald og betre lagspel i stortingsgruppa.
Hagen meiner at utmeldinga stadfestar inntrykket av at Kleppe har gjennom fleire år har arbeidd for sine eigne interesser, snarare enn for gjennomslaget av Framstegspartiet sin politikk.
- Alt arbeidet hans i stortingsgruppa det siste året har vore prega eigenmarkering, eigenprofilering og eigeninteresse fram for lagspelet i Framstegspartiet si gruppe, seier Hagen.
- Berre den som er solospelar og som ikkje er noko særleg interessert i sitt lag, vil sjølv påstå at han er ein lagspelar, legg partiformannen til.