Hopp til innhold

Klart fleirtal for Muhammed-karikaturar

Fleire enn seks av ti nordmenn meiner det er riktig at aviser eller magasin viser teikningar av den islamske profeten Muhammed, slik det franske terrorråka satiremagasinet Charlie Hebdo har gjort.

Redaktøren i satiremagasinet Charlie Hebdo med karikaturen av profeten Mohammed

Redaktøren i satiremagasinet Charlie Hebdo, Stéphane Charbonnier, er blant dei 12 som vart drepne då terroristar onsdag gjekk til åtak på redaksjonslokala for å hemna publiseringa av Muhammed-karikaturar. Biletet er teke i 2011, då bladet blei angripe med bensinbomber som følgje av vitsinga med profeten.

Foto: ALEXANDER KLEIN / Afp

Det viser ei fersk spørjeundersøking gjort av Norfakta for NRK.

Totalt 501 personar har fått spørsmålet «er du for eller mot at aviser, magasin eller andre viser teikningar av den islamske profeten Muhammed slik det franske satiremagasinet Charlie Hebdo har gjort?»

  • 65 prosent er for
  • 15 prosent er imot
  • 19 prosent svarar «veit ikkje»

Fleire menn enn kvinner er for publisering av Muhammed-karikaturar.

– Dette er hån og mobbing

Fahad Qureshi

– Karikering av profeten Muhammed har ingenting med ytringsfridom å gjera, seier leiaren av Islam Net Fahad Qureshi.

Foto: Martin H.W. Zondag / NRK

Spørjeundersøkinga vart gjennomført torsdag, dagen etter at 12 menneske vart drepne då terroristar gjekk til åtak på redaksjonslokala til det franske satiriske vekemagasinet Charlie Hebdo for å «hemna profeten».

Bladet har tidlegare publisert karikaturteikningar av den islamske profeten Muhammed og sat i eit møte og planla eit spesialnummer om islam då terroristane slo til.

Leiaren av den norske nettsida Islam Net, Fahad Qureshi, høyrer til mindretalet og er sterkt imot vitseteikningar av profeten Muhammed. Han avviser at han dermed er ein motstandar av ytrings- og pressefridom.

– Det er ei stor misforståing når dette blir marknadsført i ytringsfridomen sitt namn. Dette er hån, organisert mobbing og uthenging av ei stor religiøs gruppe, meiner Qureshi.

Han er ikkje overraska over at så mange nordmenn er for karikaturar, men trur at svært mange ville ha endra ståstad dersom dei forstod kva det betyr for muslimar at profeten deira blir «karikert, håna og trakassert på denne måten».

Stort fleirtal overraskar Kokkvold

Per Edgar Kokkvold

Per Edgar Kokkvold har vore ei av dei sterkaste røystene for ytringsfridom i debatten om Muhammed-teikningane i Noreg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Tidlegare generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold meiner på si side at Qureshi og andre religiøse må tola kritikk av trussamfunnet sitt.

– Eg er gledeleg overraska over at det er så mange som er for, seier han om resultatet av NRK si spørjeundersøking.

Kokkvold er tildelt fleire prisar for sitt engasjement for ytringsfridomen, også i samband med striden etter at danske Jyllandsposten publiserte Muhammed-karikaturar i 2005.

Nazneen Khan-Østrem

– Mange av teikningane til Charlie Hebdo er sleivspark til den konservative reaksjonære sida ved islam og radikale islamistar, som me alle har interesse av å motarbeida, seier forfattar og forlagsredaktør for dokumentar i Aschehoug forlag, Nazneen Khan-Østrem.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Det var all grunn til å tru at folk, i redsle og frykt etter det som no har skjedd i Paris, ville seia at me bør sjølvsensurera oss og avgrensa all religionskritikk. Det er viktig at me ikkje gjer det. Religionskritikk er fundamentalt i eit demokratisk samfunn, understrekar han.

I motsetning til Kokkvold, er ikkje Nazneen Khan-Østrem overraska over at så mange av dei spurde er positive til Muhammed-karikaturar. Forlagsredaktøren for dokumentar i Aschehoug trur mange kjenner eit behov for å sjå teikningane som utløyste blodbadet i Paris.

– Eg meiner det er viktig og korrekt å visa desse teikningane slik at me kan forstå konteksten dei vart publiserte i. Dei er sleivspark til den konservative, reaksjonære sida ved islam og radikale islamistar, som me alle har interesse av å motarbeida, seier Khan-Østrem.

AKTUELT NÅ