Hopp til innhold

Klarsignal for Oslo-pakke 3

Snart kan bompengetiaren din betala for nye bussruter i kommunen. Det vart klart då Transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget i dag la fram innstilla si til endringar i Veglova i dag.

Bilkø
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Det er ei historisk viktig innstilling. Det vil vera eit kjempeløft for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus, og etter kvart for andre delar av landet, om dei vil laga liknande ordningar, seier Truls Wickholm (Ap), som sit i komiteen.

Stortingsrepresentant Truls Wickholm (Ap).

Truls Wickholm

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Wickholm meiner at bilistane betaler for betre kapasitet på vegane når dei vert med på å styrkja kollektivtilbodet.

Fyrste steget på vegen

Til no har ein ikkje kunna finansiert kollektivtrafikk med bompengar, men dette vert endra når endringane i Veglova skal opp i Stortinget 17. januar.

Denne lovendringa er den fyrste av tre saker som skal opp i Stortinger før Oslo-pakke 3 kan setjast ut i livet, og byråd for miljø og samferdsle i Oslo, Peter N. Myhre er glad for at komiteen går inn for lovendringa. Sjølv om partiet hans åleine går mot endringa i Stortinget.

 – Det er ein del ting me er veldig glade for i Oslo-pakke 3 og ein del me ikkje er å glade for, men viss alle skal ri kvar sin kjepphest kjem me ingen veg, seier han.

Sjølv om lova vert endra no, vil det ikkje skje noko med det same. Fyrst når dei Stortinget har hatt oppe inntektsmodellen vil vil pengane byrja å strøyma inn i dei ulike prosjekta, ifylgje samferdslebyråden.

– Vonleg vil dette skje før sommaren, og i alle fall før 2008 er omme.

Bompengar + Frp = Sant?

Det er kanskje eit lite paradoks, dette, for medan Framstegspartiet i Oslo har arbeidd for å få gjennom denne lovendringa og skal finansiera veg- og kolletkivutbygginga i hovudstaden med nettopp bompengar, går altså stortingsgruppa til partiet, med Per Sandberg i spissen mot lovendringa.

Peter N. Myhre

Peter N. Myhre

Foto: Fremskrittspartiet

Men når Myhre får spørsmål om det ikkje er litt rart å kjempa mot sitt eige parti i denne saka, humrar Frp-byråden.

– Det er nok ikkje FrP si hjartesak dette, med dette vil me få gjennom mange av hjartesakene til partiet, og bak vedtaket om Oslo-pakken det ligg ei mogen vurdering frå alle dei ansvarlege partia i bystyret, seier Peter N. Myhre.

- Eg forstår ikkje korleis eit kan ha ein slik tveegga politikk, seier medmel i Transportkomiteen Truls Wickstrøm. Dersom Frp hadde vore i regjering ville ikkje dette vorte noko av, seier han.

- Men medan me andre kan gle oss over eit vedtak som vil setja Oslo istand til å handskast med trafikkutfordringane, oppmodar eg Frp til å bruka tida på å finna ut av kva dei eigentleg meiner, seier Wickholm.

AKTUELT NÅ