Klarer ikkje å samle veljarane bak seg

Begge dei to statsministerkandidatane slit med oppslutninga. Partia i Solbergs regjering har aldri hatt så lite støtte frå veljarane. Samtidig går tilliten til konkurrenten Støre ned.

Statsminister Erna Solberg møter Jonas Gahr Støre til debatt

KAPITALISERER IKKJE: Veljarane peiker ikkje på Ap-leder Jonas Gahr Støre når de blir spurt om kven som er best skikka til å vere statsminister i Noreg.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ein skulle kanskje tru at leiaren for det største opposisjonspartiet, Aps Jonas Gahr Støre, skulle hauste fruktene av ei rakna regjering.

Erna Solberg styrer no ei regjering som ville hatt berre 41 av 169 stortingsrepresentantar om det var val no. Det viste Norstats partibarometer for NRK og Aftenposten som vart publisert i går.

Partibarometer februar 2020

Periode 27/1–2/2. 952 intervjuer. Feilmarginer fra 1–3,1 pp.
R
5,0 %
+1,4
SV
6,1 %
−1,1
AP
23,2 %
−2,9
SP
17,3 %
+1,6
MDG
4,3 %
−1,7
KRF
4,4 %
+0,8
V
3,3 %
+1,0
H
18,3 %
−4,1
FRP
16,0 %
+5,7
Andre
2,0 %
−0,8
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Men folket flokkar seg ikkje om Støre av den grunn.

På spørsmål om kven som er best skikka til å vere statsminister, får Solbergs rival Støre berre støtte frå 31 prosent av veljarane. Faktisk dreg Solberg litt ifrå Støre etter at regjeringa rakna.

Statsministeren har støtte frå 48 prosent.

Størst støtte til Solberg

NRK har over tid målt tilliten til dei to partileiarane for dei største partia. I samband med partimålingane spør Norstat også «kven meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg?» Støre og Solberg er svaralternativa.

Sidan stortingsvalet i 2017 har Solberg heile vegen skåra betre på dette spørsmålet enn Støre. Forspranget for Høgre-leiaren var størst i januar 2018 då heile 60 prosent av dei spurte svarte Solberg og berre 25 prosent Støre.

I 2019 har forspranget minka noko. Det siste året har Solbergs forsprang ved fem høve vore mindre enn ti prosentpoeng, seinast i januar i år.

Forklaring av hvordan Regjeringen kan få flertall for saker i Stortinget når Frp går ut og de ikke lengre ha flertallet i Stortinget bak seg.

Forklaring av korleis Regjeringa kan få fleirtal for saker i Stortinget når Frp går ut og de ikkje lengre ha fleirtalet i Stortinget bak seg.

Men etter at regjeringa hennar rakna i januar, dreg faktisk statsminister Erna Solberg litt frå igjen på statsministermålinga.

48 prosent meiner no at Solberg er best skikka til å vere statsminister. 31 prosent svarar Støre. Statsministeren har eit forsprang på 16 prosentpoeng. 16 prosent veit ikkje.

– Hyggeleg tilbakemelding, seier Solberg.

Ho seier ein av årsakene kan vere at dei fleste veljarane på borgarleg side peiker på henne.

– Så får alle hugse at skal det vere ei høgreleia regjering, så må Høgre vere sterkt.

Støre seier dette om tala:

– Det kan eg nesten ikkje kommentere. Eg skal vere med å arbeide for at vi får nytt fleirtal i 2021, det er det eg brukar tida på. Det treng Noreg, for vi treng ein ny kurs.

– Er det eit problem for deg at du ikkje har større styrke personleg?

– Nei, eg opplever at eg har den støtta eg treng og er motivert for å bruke den også i det politiske arbeidet, seier Støre.

Støtte trass nederlag

– Det mest interessante er at Solberg framleis har solid støtte i befolkninga, og at dette ikkje endrar seg sjølv om Frp har gått ut og Solberg sitt prosjekt om ei borgarleg fleirtalsregjering på mange måtar har mislukkast, seier Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforskning.

– Nederlaget har ikkje ført til tilbakegang i oppslutninga om statsministeren.

– Hadde du trudd at det skulle ramma henne?

– Ja, det kunne ein forvente. Det var jo ei dårleg nyheit for Høgre og Erna Solbergs regjeringsprosjekt, seier Bergh som viser til at det som kanskje skjer no er at ein del veljarar følgjer Frps argumentasjon om at det var riktig å gå ut av regjering og dermed byter frå Høgre til Frp. Men desse veljarane vil neppe ha Støre som statsminister.

Eit problem, men ikkje eit stort

– Kvifor veks ikkje Støres oppslutning?

– Den er ganske stabil. Men han sto litt sterkare før Frp gjekk ut av regjering. No blir korta på mange måtar delte ut på nytt. Det kan vere utfordrande for Arbeidarpartiet. Det kan vere Støres posisjon ikkje blir styrka av det.

– Er det eit problem for raudgrøn side at statsministerkandidaten på den sida står såpass mykje svakare enn på den andre sida?

– Det er eit moderat problem. Den viktigaste grunnen for folk til å velje raudgrønt, er at dei ønskjer ein annan politikk enn i dag. Det hadde jo vore ein fordel å ha ein svært populær statsministerkandidat, men det er jo heller ikkje slik at oppslutnaden er katastrofalt låg, seier Bergh.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger