NRK Meny
Normal

Kjos har blitt rikare under streiken

På papiret er Norwegian verdt over 200 millionar kroner meir i dag enn då pilotstreiken starta for ti dagar sidan. Berre i dag gjekk aksjen opp fem prosent.

Norwegian-sjef Bjørn Kjos.

MEIR VERDT: Aksjane i Norwegian er meir verdt i dag, enn dagen før streiken starta for ti dagar sidan. Gründer og direktør Bjørn Kjos har difor tjent pengar under streiken.

Foto: JANERIK HENRIKSSON / TT / NTB scanpix

Då Oslo Børs stengde fredag før streiken braut ut, kosta kvar aksje 233,20 kroner. Ved 13-tida i dag vart det solgt Norwegian-aksjar for 239,90 kroner, altså seks kroner og 70 øre meir enn før streiken.

Det betyr at Norwegian er verdt om lag 230 millionar meir i dag, enn dagen før streiken starta. Den siste veka har Norwegian-aksjen gått opp med 2,5 prosent.

– Ingen konsekvensar på lang sikt

Preben Rasch-Olsen, analytikar i Carnegie, kjem med følgjande forklaring på aksjeoppgangen:

– Det er spekulasjonar om at Ryanair og Norwegian snakkar saman. Aksjemarknaden spekulerer i at det kan kome eit samarbeid mellom dei, noko som kan vere årsaka, seier Rasch-Olsen til NRK.

– Det ser ikkje ut som at streiken vil få konsekvensar på lang sikt, seier han vidare.

Bjørn Kjos eig 27 prosent av Norwegian saman med bror sin og ein kamerat, gjennom selskapet HBK Invest. Aksjane deira er dermed blitt omtrent 63,6 millionar kroner meir verdt sidan streiken starta, om ein tek utgangspunkt i aksjekursen i 13-tida.

Analytikar: – Forundra

Senioranalytikar Jacob Pedersen i danske Sydbank seier han er overraska over oppgangen til Norwegian-aksjen.

Jacob Pedersen, analysesjef i Sydbank

Jacob Pedersen, senioranalytikar i Sydbank, seier han er svært overraska over kursutviklinga.

Foto: Sydbank

– Eg er svært forundra over kursutviklinga under streiken. Eg trur ikkje investorane heilt har innsett at Norwegian tapar store beløp kvar dag, seier Pedersen til NRK.

Han påpeikar at det berre er Norwegian som veit kor kostbar streiken er, men etter Pedersen sine berekningar tapar Norwegian mellom 35 og 75 millionar kroner om dagen under streiken.

– Indikerer aksjeoppturen at investorane trur Norwegian vil gjere ein god avtale med pilotane?

– Det er absolutt ein moglegheit. Det som har kome fram i pressa hittil, antyder at det er leiinga i Norwegian som no gir seg på vesentlege punkt, seier Pedersen.

Pedersen viser mellom anna til at Bjørn Kjos har lova dei norske pilotane tre års jobbgaranti under forhandlingane hittil.

– Det er det ikkje mange flyselskap som ville våga no om dagen, så omskifteleg som flybransjen er. Eg trur Norwegian-aksjen risikerer å falle når investorane blir presentert for den endelege avtalen mellom flygarane og Norwegian, seier Pedersen til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger