Kjempar for kvar si reversering på Gran: KrF slit med alkohol og heroin - Frp med flyktningar

GRAN (NRK) I innspurten av forhandlingane stridast det om heroinassistert behandling, kvoteflyktningar, asylsøkjarar og åpningstider for sal av alkohol.

RopstadTitter

SER MOT HØGARE MAKTER: KrFs forhandlingsleiar Kjell Ingolf Ropstad studerer tårna på Systerkyrkjene, som ligg like ved forhandlingsstaden.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Dette kjem sjølvsagt i tillegg til vinterens stadig uløyste politiske drama: Abort.

Kjelder med kjennskap til situasjonen i forhandlingsrommet seier søndag kveld til NRK at det har vore spor av framgang gjennom helga, men at det framleis er for tidleg å seie om vi skriv tysdag, onsdag eller torsdag før alle fire parti er klare for å skrive under på ei historisk regjeringserklæring.

Ei regjeringserklæring som kan komme til å gjere endringar i konservativ retning i både abortlova og tidlegare avtaler om alt frå flyktningar, til rus og åpningstider for alkohol.

For 12 dagar etter forhandlingane starta gir dei fleste kjelder NRK snakkar med uttrykk for at akkurat den abort-sigeren Kjell Ingolf Ropstad førespegla KrF berre dei valde borgarleg side, endring av 2C-paragrafen, ikkje blir noko av. Til det er motstanden frå Venstre og Frp for massiv.

Då må KrF i staden få andre store gjennomslag. Mellom anna ligg det etter det NRK forstår an til at KrF får med seg dei tre andre partia på å forby det dei kallar tvillingabort, og som på fagspråket heiter fosterreduksjon.

Kan gå mot alkohol-innstramming

Ei anna symboltung sak for KrF er alkoholpolitikken. Kjelder i partiet gir overfor NRK uttrykk for godt håp om å få reversert eit bestemt punkt frå den eitt år gamle Jeløya-erklæringa, som vart laga då Venstre gjekk inn i regjeringa i januar i fjor:

«Regjeringa vil vidareføre hovudlinjene i dagens alkoholpolitikk og innanfor ramma av dette gje kommunane større handlingsrom i spørsmål om skjenketider og utsalsstader».

KrF ønskjer i praksis å sette punktum etter «vidareføre hovudlinjene i dagens alkoholpolitikk», og dermed setje ein stoppar for all tenkbar liberalisering på dette feltet fram til neste stortingsval.

KrF kan få reversert rusbehandling

Også på rusfeltet krev KrF betydelege gjennomslag, og særleg dersom partiet ikkje får tilfredsstilt abort-forventningane i eigne rekkjer.

På dette området set KrF ifølgje NRKs kjelder klutane inn på å reversere deler av Høgre-Frp-Venstre-regjeringa sin rusreform.

Høgre, Frp og Venstre vart i fjor samde om at ansvaret for dei som vert tatt for bruk eller besittelse av ulovlege rusmiddel skal overførast frå politi og påtalemyndighet til helsevesenet. i Jeløya-erklæringa heiter det i tillegg:

«Inkludere fleire legemiddel og sørgje for auka valfridom i LAR, samt gjennomføre forsøk med heroinassistert behandling innanfor LAR».

LAR står for legemiddelassistert rusbehandling og med fleire legemiddel siktast det mellom anna til metadon. Ifølgje NRKs kjelder har KrF svært store problem med å svelgje at punktet over skal vere ein del av politikken til ei regjering dei skal sitje i, og saka vert beskrive som ei heit potet i forhandlingsrommet akkurat no.

Akkurat dette var Venstres kanskje aller største siger då dei gjekk inn i regjeringa i fjor. I denne saka er det difor Trine Skei Grandes parti og KrF som står steilast mot kvarandre.

Innvandringsduellen nokon må tape

Ei anna floke som må løysast før dei fire forhandlingsdelegasjonane kan flytte ut frå hotellromma på Granavolden gjæstgiveri er innvandringspolitikken.

JensenPeker

FREMAD: Framstegsparti-leiar Siv Jensen staker ut ein slags kurs, på veg mellom møteromma på Gran.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Tilstrøyminga av asylsøkjarar til Norge er for tida liten, men i 2019 skal vi ta i mot 3000 kvoteflyktningar. Det er eit rekordhøgt tal. Til samanlikning tok den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa i si tid i mot 1000 årleg.

KrF har i forhandlingsrommet på Gran kravd å auke talet til 5000. Det vert søndag beskrive som «totalt og fullstendig og heilt og haldent uaktuelt» av ei sentral Frp-kjelde.

Då 3000-talet vart bestemt i samband med budsjettforhandlingane i fjor haust sa fleire Frp-arar at grensa no var nådd, og at Frp ikkje hadde ein tøddel meir å gje i innvandringspolitikken.

Før forhandlingane starta på Gran 2. januar skjerpa Frp tonen ytterlegare og varsla at dei krev reelle innstrammingar på innvandringsfeltet, for å sleppe KrF inn i regjering.

Etter det NRK får opplyst har Frp i forhandlingsrommet krevd at dette bestemte punktet frå dagens regjeringserklæring vert endra i den nye:

«Regjeringa vil vidareføre nivået på kvoteflyktningar og auke det ytterlegare viss dagens ankomsttall held fram».

Frp krev at «auke det ytterlegare viss dagens ankomsttall held fram» blir fjerna. Partiet vil altså ikkje gå med på at framleis låg asyl-tilstrøyming til Norge skal føre til at ein i staden tar i mot fleire kvoteflyktningar.

Andre sigrar til Frp i innvandringspolitikken kan komme innanfor område som familiegjenforening eller flyktningar sin moglegheit til å reise på ferie til land dei har flykta frå.

– Vi sit til vi er ferdige

Før helga vart dei fire partia sine landsstyre bedne om å halde av måndagen, med tanke på å samlast for å få presentert og stemt over ein framforhandla regjeringsplattform. Søndag morgon gjekk det ut melding om at måndag vart for tidleg.

Forhandlarane på Gran sit i møter frå klokka 10 om føremiddagen til seint på kveld kvar dag.

Seint søndag kveld kjem det litt ulike signal frå partia om kor tid dei ser føre seg å vere i mål.

– Eg tipper tysdag eller onsdag skal gå greit, men samstundes har jo ingen som sit her det spesielt travelt. Landet har ei regjering som er fullt operativ, og det har ingenting å seie om ein kjem i mål i starten av veka eller slutten av veka. Vi sit til vi er ferdige, seier ei sentral kjelde.

Etter det NRK får opplyst vil det etter planen gå ytterlegare 1-3 dagar frå forhandlingane er avslutta og regjeringsplattformen presentert til Erna Solbergs nye regjeringsmannskap spaserer ut på Slottsplassen og Norge formelt får si første borgarlege fleirtalsregjering sidan 1985.

Dei dagane skal Erna Solberg, Siv Jensen, Trine Skei Grande og Kjell Ingolf Ropstad bruke på å leggje statsrådskabal, som det mellom anna er knytta stor spenning til korvidt Knut Arild Hareide vil vere ein del av.

SISTE NYTT

Siste meldinger