NRK Meny
Normal

Tapa mot kreften - kjempa for andre

Ho elska jula, hata edderkoppar og var ein rastlaus person som hadde mykje omsorg for sine nærmaste. Therese-Louise Colohan Valseth (32) gav kreftsjukdomen eit andlet.

Therese-Louise Colohan Valseth

Therese-Louise Colohan Valseth måtte til slutt gje etter for kreften, men har stått fram som eit levande bevis på dei lange behandlingskøane for kreftpasientar i Noreg. I dag vart ho bisett i Spydeberg kyrkje i Østfold.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Ei sorgtung stille legg seg som eit tyngjande teppe over forsamlinga i kyrkja. Nokon gret, andre stirar tomt ut i lufta. Mange sit att med eitt bittert spørsmål: «Kunne raskare behandling ha redda henne?».

NRK har tidlegare fortalt om Therese-Louise. Den 32-år gamle eittbarnsmora frå Østfold som blei offer for den nådelause kreften, og som måtte venta i heile ti veker på å få behandling.

I dag blei ho bisett i Spydeberg kyrkje i Østfold. Med julesongar tok familie, vener og andre støttespelarar eit siste farvel.

– Ekstra tragisk i jula

Bisetjing for Therese-Louise Colohan Valseth

Therese-Louise Colohan Valseth hadde mange støttespelarar i kreftkampen.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Therese-Louise var ein av rundt 10.500 personar som vil døy av kreft i Noreg i løpet av 2011. Nesten 60 prosent av desse døyr innan eitt år frå dei får påvist kreftsjukdommen.

– Eg har nettopp fått stadfesta min verste frykt. Eg er heldig dersom eg overlever jula, sa Therese-Louise til NRK i oktober.

Så heldig vart ho ikkje. Dei siste dagane var prega av dødsangst. Første søndag i advent låg ho i koma, og dagen etter sovna eittbarnsmora stille inn.

– Jula var den viktigaste høgtida for Therese-Louise, difor var det ekstra tragisk at ho gjekk bort no. Ho var så svak på slutten at det blei korkje pynting eller baking. Men i dag syng me julesongar til minne om jenta mi, seier mor Ellen Franzvåg.

Therese-Louise fekk påvist kraftig kreftspreiing i mars, frå lymfeknutane til bekkenet og lysken. I ti veker venta ho på å få behandling, vel vitande om at sjukdomen fekk eit større overtak på henne for kvar dag som gjekk.

Det er uvisst om ho ville ha overlevd dersom ho hadde fått behandling på eit tidlegare tidspunkt, men prognosane var i utgangspunktet gode.

Video Lange køer for kreftpasienter

Therese-Louise Colohan Valseth snakkar om kreftsjukdomen sin (innslaget er frå Dagsrevyen, 26.06.2011).

Manglar over 100 kreftlegar

Mykje av årsaka til den lange ventetida for behandling av kreft er mangelen på kreftlegar, eller såkalla onkologar. Ifølgje Norsk onkologisk forening manglar Noreg i dag over 100 kreftlegar. Mangelen på spesialistar kjem berre til å auka, ettersom talet på nordmenn som får kreft peikar oppover.

Mor til Therese-Louise er ein av mange pårørande som sit igjen, bitre over å ha mista nokon som kanskje kunne ha vore redda dersom køane var kortare.

– Noreg har mange spesialistar, men ikkje mange nok. På Radiumhospitalet står maskinane stille fordi dei ikkje har ekspertisen og ressursane til å bruka dei. Noreg er eit rikt land og har råd til mykje dersom me berre prioriterer det, seier Franzvåg.

– Orsak, mamma

På fremste benkerad i kyrkja i Spydeberg sit ein 12 år gammal gut full av sorg og forvirring. I kista framfor han ligg mamma. Mamma, som for to veker sidan var ute og handla julegåver og baka rundtstykker.

– Ho var veldig sprek den måndagen. Men så gjekk det veldig fort. Dagen etter fekk ho cellegift, onsdagen blei ho henta av ambulansen, fortel Thor Konstali, som var sambuaren til Therese-Louise.

Heilt til siste andedrag kritiserte ho regjeringa sin «20-dagars garanti» – lovnaden om at det ikkje skal gå meir enn 20 dagar frå ein oppdagar kreft til ein startar behandlinga.

– Eg gløymer aldri den dagen ho fekk veta at kreften var ulækjeleg. Ho ringde heim til meg og unnskylda seg for at ho skulle døy. «Orsak mamma, men det er ingenting eg kan gjera», sa ho. Det var så ufatteleg vondt, fortel Franzvåg.

Bisetjing, Therese-Louise Colohan Valseth

Therese-Louise Colohan Valseth blei bisett i Spydeberg kyrkje i Østfold.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger