Hopp til innhold

Kjelder til NRK: Trond Giske blir innstilt som leiar i Trøndelag Ap

Etter det NRK får opplyst blir Trond Giske innstilt som ny fylkesleiar i Trøndelag Ap. Det betyr at han også får plass i Arbeidarpartiets landsstyre.

Stortinget om regjeringens krisetiltak

SLÅR SEG OPP: Trond Giske i samtale med Ap-leiar Jonas Gahr Støre på Stortinget før ein pressekonferanse om økonomisk korona-støtte i vår.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Innstillinga blir lagt fram i Trondheim måndag klokka 15.30.

Ifølgje NRKs opplysningar skal innstillinga på Giske som leiar vere einstemmig. Det var Trønder-Avisa som var først med nyheiten.

Arbeidarpartiets fylkeslag i Trøndelag er eitt av partiets største. Dei skal ha årsmøte laurdag 29. august, og det har vore stor spenning knytt til leiarvalet.

Ifølgje NRKs kjelder ligg det altså an til at Trond Giske på årsmøtet vil få ei, for han, etterlengta gjenreising. To år og sju månader etter at den mangeårige Ap-toppen trakk seg frå alle verv, med unntak av vervet som stortingsrepresentant, som ein ikkje kan trekke seg frå.

Arbeiderpartiet konkluderte den gangen med at Giske hadde brote partiets retningsliner på fleire punkt.

Prøvde og feila i fjor

Vegen tilbake til framtredande tillitsverv har vore kronglete for Giske. I februar 2019 forsøkte han å bli nestleiar i Trøndelag Ap, men enda opp med å bli innstilt og vald som vanleg styremedlem.

Etter at dagens fylkesleiar Per Olav Skurdal Hopsø varsla sin avgang i januar i år, begynte Giske-ballen å rulle på nytt.

Han er den enkeltpersonen som er spelt inn av desidert flest lokallag med tanke på ny leiing i fylkeslaget, og det er såleis ingen stor bombe at valkomiteen går inn for han.

Årets fylkesårsmøte skulle eigentleg skjedd før sommaren, men vart utsett til no på grunn av korona.

120 av dei 239 delegatane med stemmerett må seie ja den siste laurdagen i august for at Giske skal bli vald.

– Eg synest det er trist

Giske sitt eige lokallag, Trondheim Arbeidersamfunn, har ironisk nok vore blant dei tydelegaste motstemmene mot Giske i Trøndelag.

Tine Christin Eikevik

MOTSTANDAR: Tine Christin Eikevik leier Giske sitt eige lokallag Trondheim Arbeidersamfunn

Foto: Privat

– Eg synest det er trist at det ikkje er føreslege ei kvinne på topp. Det ville vore bra for maktbalansen i Trøndelag. Vi har utruleg mange dyktige kvinner som kunne ha fyllt rolla på ein svært god måte, seier Tine Christin Eikevik, leiar i Trondheim Arbeidersamfunn til NRK.

Alt valkomiteens leiar Arild Grande, som også er stortingskollega av Trond Giske, vil seie til NRK søndag er:

«Hei. Regner med det gjelder valgkomiteen? Pressekonferanse i morgen kl. 15:30 på Scandic Lerkendal. Kan ikke kommentere noe på navn før det».

I ein SMS til Trønder-Avisa, skriv Grande:

– Vi nærmar oss ei løysing, men det står framleis ein del arbeid att før vi kan presentere ei heilskapeleg innstilling.

Kjønn og geografi

I starten av august sa Aps fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik, til Vårt Land at sjansen var «nærmare 100 prosent» for at Giske skulle bli fylkesleiar.

Mykje av den lokale debatten rundt Giske og vervet har i denne runden handla om kjønn og geografi, og ikkje nødvendigvis om #metoo-sakene mot den tidlegare Ap-nestleiaren og statsråden.

Eit kompromiss som har vore foreslått av fleire var at Giske som er frå gamle Sør-Trøndelag kunne bli fylkesleiar - mot at to kvinner eller to kandidatar frå gamle Nord-Trøndelag blir nestleiarar.

– Vi går no inn for å plassere Trond Giske på topp, men då må vi også få to nestleiarar frå norddelen av fylket. Det krev vi for å sikre god kunnskap om heile Trøndelag i fylkespartiledelsen, sa Lars Petter Løkken i Steinkjer Arbeidarparti til NRK i førre veke.

NRK har ikkje fått bekrefta om det er akkurat slik det no blir - men det er klart at Giske toppar innstillinga som kjem i morgon.

Som fylkesleiar i Trøndelag vil Giske også møte fast i Arbeidarpartiets landsstyre, som er partiets øvste organ mellom landsmøta annakvart år.

Trond Giske har ikkje svart på NRKs førespurnader søndag kveld.

AKTUELT NÅ