Hopp til innhold

Kjelder til NRK: EØS-avtalen skal ligge til grunn

Ap har fått på plass ein symboltung setning i regjeringserklæringa, fortel kjelder til NRK. Senterpartiet har gått med på at EØS-avtalen skal ligge til grunn for den nye regjeringa.

Regjeringsforhandlinger på Hurdal

FORHANDLER: Ap-leder Jonas Gahr Støre (t.v.) og Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum i samtaler om en ny regjeringsplattform torsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

På Hurdalsjøen hotell er forhandlingane mellom Arbeiderpartiet og Senterpartiet inne i sluttspurten. Men det blir ikkje lagt fram noko i dag, ifølgje kjelder tett på prosessen.

Tysdag legg den avtroppande regjeringa frem sitt forslag til statsbudsjett, så går statsminister Erna Solberg (H) på talarstolen i Stortinget og varslar at ho vil levere avskjedssøknaden til kong Harald og peike på Ap-leiar Jonas Gahr Støre som ny statsminister.

Ap sitt mål er legge fram ein regjeringsplattform innan utgangen av denne veka, etter det NRK forstår. Men det blir heller ikkje utelukka at det kan skje inn i neste veke.

Regjeringsforhandlinger på Hurdal

RADARPAR: Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum og parlamentarisk leder Marit Arnstad leder forhandlingene for Sp.

Foto: Terje Pedersen / NTB

EØS-setning

Lite har kome ut frå forhandlingane, men no kan NRK fortelje at ei kort, men for Ap viktig, setning er på plass.

Fleire kjelder tett på prosessen opplyser til NRK at dei to partia er einige om at EØS-avtalen skal ligge til grunn.

Sjølv om erklæringa ikkje er ferdig og «ingenting er klart før alt er klart», fortel kjeldene at dei er einige på dette punktet.

Verken Arbeiderpartiet eller Senterpartiet vil kommentere NRK sine opplysningar. Dei viser til at forhandlingane framleis pågår.

Då NRK traff Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum utanfor Hurdalsjøen hotell torsdag ettermiddag, var han framleis ordknapp.

– EØS-avtalen ligg fast, seier folk til oss i dag. Kva seier du til det?

– No jobbar vi med alle sakene, så er det alltid slik at det er litt spekulasjonar i media.

I morgon ettermiddag møtes truleg stortingsgruppa til Sp, og det er naturleg at dei vil få ei orientering om forhandlingane, ifølgje NRK si kjelde.

Regjeringsforhandlinger på Hurdal

REGJERINGSFORHANDLINGER: Sp-nestleder Ola Borten Moe var torsdag på plass i Hurdal.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Aktiv Europa-politikk

NRK veit ikkje kva Senterpartiet har fått som motyting for å gå med på at hovudstolpen om at norsk tilslutning til EØS-avtalen blir knesett i plattformen.

Men etter det NRK forstår, kjem det formuleringar om ein meir «aktiv» Europa-politikk, mellom anna på områda transport og energi.

Ap og Sp er begge motstandarar av EU si fjerde jernbanepakke, som nettopp vart godkjend i Norge. Men Sp er på kollisjonskurs med Ap i sitt ynskje om å melde Noreg ut av EUs energibyrå Acer.

Senterpartiet har også lova sine velgjarar å reforhandle heile EØS-avtalen og ta ein telefon til Brussel om dette så snart partiet kjem på plass i regjeringskontorene.

– Vi må starte den jobben med ein gang, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK i valkampen.

Jonas Gahr Støre svarte då at det er ein telefon ingen vil svare på utan at Noreg først seier opp heile avtalen, slik Storbritannia gjorde i samband med Brexit.

– Arbeiderpartiet kjem ikkje til å regjere og ha ansvar for det, dersom EØS-avtalen blir sett i spel, sa Støre i duell mot Vedum.

Utgreiing?

Senterpartiet vil utgreie alternativ til EØS-avtalen, og Støre har blitt fått det same kravet frå fagrørsla og Fellesforbundet. Til det har han svart at han ikkje har noko i mot meir kunnskap, men også meint at eit fullverdig EU-medlemsskap bør stå på menyen over alternativa til EØS.

– Eg har eit avslappa tilhøve til det. Vi ser ikkje nytten av å bruke tid og krefter på den type utgreiingar der Noreg er i dag. Men eg har aldri vorte skremd av folk som vil ha meir kunnskap, sa Støre til NTB 1. januar i år.

Då Arbeiderpartiet og Senterpartiet sat saman i den raudgrøne regjeringa med SV, vart det også laga ei utgreiing om vårt tilhøve til EU, leia av noverande regjeringsadvokat Fredrik Sejersted. «NOU 2012:2 Utenfor og innenfor» er ei av Norges lengste offentlige utgreiing på symbolske 911 sider.

AKTUELT NÅ